1.august 2017
Dagens bilde er fra Nakken ovanfor Sanktsvora, Rekdalsøygarden med utsikt utover Midøya og Nordøyane i Haram. Det var her oppe at 10 år gamle Anders Martinussen i Sanktsvora falt ned og ødela seg i 1910. Han døde på Molde Sykehus.
Nå har eg under tillegg og rettingar til bygdeboka lagt inn litt om dei som levde i Strupen, eller i Strupå som det heiter på god Romsdals dialekt. Vi eldre held på kasusformene akkusativ og dativ i talemålet. Det heiter «Me ska sø i Strupinj». Strupen er spesielt interessant for meg. Der budde mine besteforeldre, mormor og morfar. I den aller siste husmannstova i dette nå forlate området av bygda, det var lenge siste huset før Sunnmørsgrensa. Eg gjekk mange gonger den om lag 3,5 km lange vegen (7 km tur retur) heimanfrå i gutedagane for å besøke gomor og gofar i Strupå som dei heite for oss. Helgedagar kunne det hende at heile familien gjekk tur dit. Dei siste barndomsåra ofte saman med mi yngste søster Haldis to år eldre enn meg. Vi hadde mange kjekke turar dit ut. Det som truleg var siste turen min medan gofar levde, huskar eg godt. Martin i Strupen hadde fryseri der dei fleste i bygda leide fryseboks. Og dit gjekk vi mange gongar for å hente eit måltid eller to til vekas middagar. Men denne dagen meiner eg å huske at eg tok bussen eine vegen, mjølkeruta som gjekk forbi her om morgonane og som hadde om lag ti stopp før den kom til enden av bygda. I Strupen sat nok gofar og bøtte garn som ga ei lita tilleggsinntekt til alderstrygda som han opplevde å få nyte godt av dei 3-4 siste åra han levde. Gomor sørga for at eg ikkje kom svolten heim, snille gomor, ja akkurat ei go`mor var ho for oss barnebarn og dei siste åra også oldebarn. Når eg skulle heim denne siste gongen med bestefar så huskar eg så godt att gofar som vanleg følgde meg opp i fryseriet et par hundre meter unna, inn i det litt skumle rommet bak ei tjukk tung dør med kvitrima veggar og kraftig motordur. Men saman med gofar var eg trygg og fann fram maten eg skulle ha med, sikkert heimlaga fiskekaker og kanskje eit kjøtmåltid. Så var det å rusle den om lag 3,5 km lange turen heim ein tidleg vårdag i 1961.
Men tilbake til bygdeboka. Her er det levande fortalt om folket i Strupen og lenger ute på Øygarden, om husmannsplassane som vart lagt ned. Folket som budde her døde men etterkommarane har nok blitt mange tusen. Eg har prøvd å finne ut litt meir om første generasjonen som flytta ut og der er mange interessante personar som er verdt å følgje vidare og som har mykje levande slekt. Strup-Ola var ein av dei siste som budde her. Huset hans vart tatt i bruk som leir for russefangane som vart plassert her under krigen. Det huset huskar eg godt, det var det nest siste som vart revet. Det var mykje prat om liv og lagnad til dei russiske fangane som budde der. Siste plassen eg har tatt for meg så langt er Sanktsvora. Her budde Skreddar-Erik gift med Røste-Lovise. Dei fekk «ein skare med kvikke og pene døtre». Ni jenter samt ein gut vart det. I tillegg hadde Erik to barn før han var gift. Søskena drog ut i verda og ga Erik og Lovise om lag 70 barnebarn! Guten Kristen skulle i følge bygdeboka reise som ungkar til Amerika. Men det viste seg at han var gift før han for, med kone frå Hjørundfjorden. Han vart skreddar i Los Angeles. Elles så likte eg godt historia om Oline som og var ei av dei som «kom bort frå Vestnes». Ho dukkar opp som «skogvokterfrue» på Hjertøya i Moldefjorden. I en artikkel der Oline er med kan vi blant anna lese « Ane og Kristian ble boende på Hjertøya, og de opprettholdt kontakten med keiser Wilhelm II. Oline og Ole «arvet» dette bekjentskapet. Rundt 1908 fikk Ole et maleri i gave av keiser Wilhelm; dette er fortsatt i familiens eie …» Sjå lenke: Skogvokterne på Hjertøya.
Skulle nokon ha utfyllande opplysningar om familiane og etterkomarane til folket i Strupen og på Øygarden så seier eg hjarteleg takk. Feil er det sikkert også her og gi beskjed om dere oppdager noko.
I dag vil eg og skryte av ei fin nettside med mykje lokalt stoff frå Vestnes Kommune som dukka opp. elvemannen.com med «Bernts Fiske-fangst» og mykje anna.