Det er mykje ein kan bruke sommarnatta til. Til dømes til å brygge øl. Ei slik hending er det eg her vil fortelje om. Ja eit riktig fint minne frå tidlig ungdomstid på 1960-tallet. Nå var denne geskjeften ikkje sett på med blide auge av foreldre og sjølvutnevnte moralvoktere, men det var kanskje det som gjorde dette ekstra spennande..
Det var en riktig flott sommarkveld. Innover langs Rekdalstranda kom en færing roande med 3 tenåringsgutar som mannskap. Rett forbi Ottonsberje la båten til lands og tok om bord dei to siste av kveldens mannskap og det de hadde med av utstyr til kveldens og nattas viktige hending. Så rodde vi innover mot plassen vi etter grundig vurdering hadde sett oss ut til bryggeplass, det var inne på Korsvika i utmarka mellom Rekdal og Gjelsten. Vi passa på å ha fiskevegn ute, dorga langs land for på den måten å kamuflere ekspedisjonens verkelige hovudformål. Så utan å vekke noko oppstyr passerte vi forbi Sandane, Hauan, Lia og Dragneset og nådde målet etter omtrent 3 kilometer med roing. På alle kantar var her enten skog eller sjø, så her kunne vi arbeide i fred og ro.
Ein slik ekspedisjon måtte nøye planleggast, mangla det noko så var det heile ein fiasko.
Sukker, maltekstrakt, gjær og tomtebrygg var ingrediensane i brygget. Det var innkjøpt i små mengder så ein ikkje skulle fatte mistanke om formålet. Av same grunn var maltekstrakt og tomtebrygg kjøpt utanbygds. Primus til oppvarming hadde ein av karane ”lånt” frå far sin. Til oppbevaring av ølet hadde vi med ei 25 liters plastkanne som kom frå eit gardsbruk med silolegging. Disse kannene var noko nymotens greie, tidlegare hadde ein brukt glasballonger til dette formål.
Ei trakt til å helle brygget over frå panne til kanne kom også godt med. Kunne jo ikkje søle med dei dyrebare dråpane. Fyrstikker hadde alle, så det sto ikkje på lista. Skulle ein være noko til kar så måtte ein ha noko til å kveikje Petterøen eller Gulmiksen.
Så var det ei riktig stor panne til å varme vatnet i. Å låne ei slik panne frå mors kjøkkenbenk var sjølvsagt alt for risikabelt. Men kreative som vi var så blei det ei råd også her. På ungdomshuset var det ei kasserolle som passa utmerket til formålet. Og kjøkkendøra på nedsida hadde ein såkalla 8-nøkkel så her gikk vi rett inn. Og ned til fjøra herifrå var det den tida skog og ruskemark slik at ein kom seg usett derifrå.
At Korsvika var valt hadde også med at der meinte vi å finne vatn. Men same kor vi leita så var det tørt. Vi hadde nok ikkje rekna med at etter ein fin og tørr sommar så var alt som likna på vassårar tørka inn. Kva gjorde vi no då? Fann vel ikkje vatn før vi kom inn i Gjelstenelva. Ja så rodde vi dit, eit par av oss sa seg straks villig til å ro av stad. 1,5 km kvar veg førte vel ikkje til meir enn ein halvtimes forsinking. Med vatn på plass gikk alt som planlagt og ut på natta kunne vi med full silokanne legge ut på roturen heim i den vakre laurdagsnatta. Brygget ble gjemt i Pe-skogen og fikk stå der å putre i fred nokre dagar.
Neste laurdag var det dans på huset og då rekna vi med at ølet var klart til å prøvast. Men då måtte og kasserollen være på plass slik at festkomiteen fikk koke ertesuppe. Sal av ertesuppe var tradisjon. Og suppa på Rekdal var vide kjent. Det gikk med ei pakke Svint stålull for å få sotet av panna, men ingen merka noko.
Korleis det gikk på dansefesten med fersk øl og god eksplosiv ertesuppe, ja det er ei anna historie.
Her ein dag dukka det opp ein gamal fotballkalender frå 1973. Eit av dei gode åra med seier i 6.divisjon etter å ha slått Midsund i siste kamp på Råkja i Fiksdal og folk i hopetal jubla og feira dei lokale heltane, ja det var tider du. Fest på Vonheim etter kampen som vel varte til vi skulle på arbeid og skule måndagsmorgonen. Men det var sjølvsagt skår i gleda også det året. Her merkar vi oss ein bortekamp mot nabo og erkerival Tomrefjord der vi tapte 2-3 og bak domarens namn har eg tilført «Elendig». Skal ikkje her nemne namn og ikkje veit eg nå om kommentaren var så objektiv heller då.
Åra gikk og det vart mange kampar, fast venstreback med bra fart, men vart nok aldri nokon stjerne på laget, ein jamn slitar utan dei store fotballferdighetene må vel være eit passande ettermæle. Men etter eit møte med ein isklump og ankelbrudd i ein treningskamp på Åndalsnes våren 1982, måtte det vel være? så gikk det mot slutten på ei lang aktiv karriere med 3-400 kampar på seniornivå.
Men både før og sidan var det mange timar i administrativt arbeid for laget. Både i fotballstyre og med arbeid på fotballbana som vi i 1978 kunne ta i bruk med grasdekke, og som då ei tid var ei av dei finaste banene i kretsen. Mange eldsjeler og stor iver blant bygdefolket gjorde dette mulig. Ja det var kort og godt ei optimistisk tid på Rekdal med ny barneskule og stor entusiasme for framtida.
Når vi nærma oss 1980 så var det fleire av oss i styre og stell rundt laget som såg at skulle vi behalde et A-lag og et fotballmiljø i bygdene våre så måtte det samarbeid til med nabobygdene. Fiksdal hadde hatt eit meget godt fotballag på midten av 1960-tallet. Stammen i laget var spillere fra Tomrefjord, Fiksdal og Rekdal. Men alt ble styrt fra Fiksdal og det var økonomien i Fiksdal I. L som styrte satsingen. Og der skulle det konkurrerast med ei sterk skigruppe og anna idrett. Det vart misnøye. På Rekdal vart det mange som hadde lyst til å spille fotball, det var dei store etterkrigskulla som nå hadde blitt vaksne. For dei fleste av oss var ein fast plass på det gode Fiksdalslaget uoppnåelig. I bygda var det stor fotballinteresse og dei litt eldre snakka om storhetstida rett etter krigen. Diplomet som hang på forsamlingshuset «Vonheim» og fortalte om gamle gode tider var vi stolte av. Så i 1968 vart det igjen liv i Rekdal I.L som hadde vore sovande nokre år. Eit par namn som var drivkraft for nysatsinga må her nemnast, Paul Ellingseter og Einar Melkild. Dei gjorde en stor innsats både for seniorlag, og spesielt for det nystarta guttelaget. Nå kom også barnefotball inn i meir organiserte former, og det skulle etter kvart bli produsert mange gode guttespillere. (Litt om fotball på Rekdal kan du også lese om i stykket lenger nede på sida, «På Haubakken i gamle dager»).
Så var det dette med samarbeid. Fotballaget til Fiksdal hadde blitt lagt ned, spillere som ikkje la opp gjekk til Rekdal og Tomrefjord. Men vi som satt i styre og stell forsto at om vi skulle behalde eit fungerande fotballmiljø så var det ikkje nok med at spillere frå Fiksdal kom til Rekdal. I dei aldersbestemte klasser samarbeide dei to bygdene med lag utover på slutten av 1970-talet. Ein spiller kunne være med på både småguttelaget til Rekdal og guttelaget til Fiksdal. Nå begynte også jentene å ville være med, og det ble starta jentelag. Her var eg sjølv ein ivrig pådrivar og det var ikkje utan motstand vi var tidleg ute med jentefotball. Men den æra må vi først og fremst gi til en entusiastisk flokk med jenter som styrte det meste sjølve, våger meg her til å trekke fram søstrene Dragnes, Randi og Elisabeth. Randi var i mange år leiar for Rekdal I.L og sørga for at bane og nytt klubbhus var presentabel når fotballspillerne kom. Elisabeth sin betyding seinare for fotballen i Fiksdal/Rekdal kan det vel ikkje skrytast nok av.
Men så var det sjølve samarbeide fram til ny fotballklubb då. Mange møter vart avvikla om dette. Motstand var det, i alle fall på Rekdal der mange meinte vi skulle være stolte over fotballaget og kunne klare oss sjølve. Men samarbeid vart det. Og så skulle laget ha namn. Mange forslag vart foreslått. Ei historie er frå butikken på Rekdal der frua bak disken foreslo overfor sjåføren på mjølkeruta som var fiksdaling at dei tre første bokstavane i Rekdal og dei tre siste i Fiksdal måtte da være god fordeling. Og bussjåføren tykte dette var ei god og rettferdig løysning. Ja heilt til han hadde fått sove på det da og funne ut kva det innebar. Men butikkdama sitt forslag vart ikkje vedtatt. Eit fellesmøte på skulen på Rekdal gikk inn for namnet FiRe som vart sendt inn til namnegodkjenning i krets og forbund. Nei det vart ikkje godkjent. Eit fotballresultat som Ekko-FiRe, 4-4 kunne vel sjå greitt ut på papiret, men å høyre det opplest på lokalradioen var kanskje ikkje så greitt. Lokalradioen? vil vel nokon seie, med undring. Til det er å seie at på denne tida så hadde NRK, lokale sportsendingar kvar søndagskveld, på radio sjølvsagt, der fotballresultat frå alle divisjonar vart opplest. Og disse sendingane fikk alle sportsinteresserte med seg. Vi måtte i all hast finne eit nytt namn. Og forslaget Fiksdal/Rekdal BK vart foreslått. (eg veit ikkje av kven). Og dette namnet har ein levd godt med sidan. Kvifor BK og ikkje FK vil vel også nokon lure på. Jau kort og godt av at om det skulle være behov for andre ballspill i same område så skulle dei leggast under samarbeidsklubben. Dette vart då likevel ikkje følgt opp til skuffelse for oss Rekdalingar når Fiksdal I.L ikkje så lenge etterpå meldte på volleyballag utan å spørje ballklubben om interesse.
Egentlig var det tre bygder som samarbeide om ny fotballklubb. Vestrefjord, vår gode nabo på vestsida av «fogderigrensa» hadde spillere som ville være med oss. Nils Einar Aarnes var den som bidrog mest til dette. Han hadde vært med og spela fotball på Rekdal sidan gutedagane og vart no med både i administrasjon, som spiller og som trenar i periodar. Og han fikk med seg mange gutter og jenter frå Vestrefjord som drog på seg den lyseblå drakta med det flotte emblemet som Nils Einar hadde utforma. Det har tre fotballar som symboliserer dei tre bygdene. Men etter kvart vart det vanskelig å halde på Vestrefjordingane som gikk på ungdomsskule på Vatne, der dei hadde Ravn som sin klubb.
Så hausten 1979 var det slutt på fotballgruppene i Fiksdal I.L og i Rekdal I.L. Ein ny klubb skulle byggast. Eg fikk æra av å være første formann. Men først så avslutta vi 1979-sesongen i Rekdal I.L med ein heidundrande markering på Dovrefjell hotell på Dombås. Med fotballkamp mot det lokale fotballaget Dovreskogen der vi kunne notere oss for Rekdal Idrettslags siste fotballseier i dei kjære grøne draktene. Det var ei svært trivelig helg der kanskje ikkje alt behøver komme på trykk. Eg husker det spesielt fordi eg var 30 år denne helga og vart gitt litt ekstra oppmerksamhet.
Ja dette var 1. del av mine fotballminner. Eg vil komme tilbake med nokre opplevingar på 1980-talet. Litt om dei som drog lasset i Fiks/Rek den første tida, litt om fotballdømming, litt om våre heltar og betraktningar omkring ein overgang til tysk fotball som ikkje gikk heilt etter det folkevettet seier om skikk og bruk og kor også lovverket nok vart forsøkt tøyd ein del i feil retning.
Litt om forsamlingshuset vårt, Ungdomshuset.
Vonheim var i min barndom og ungdom eit viktig samlingspunkt i bygda, og minna derifra er mange og trivelige. Det gamle grendahuset "Grendheim" som sto lenger sø på Myrå hadde ungdomslaget mista på tvangsauksjon i 1939 etter at eit lån var misligholdt (Bygdeboka side 547). Husker godt huset, det ble brukt som snikkarverksted og til møbelproduksjon. Far min han "Petter på Hauå" var vel den siste som brukte det til næringsvirksomhet. Det var på slutten av 1950-talet, under dei gode storsildåra, da han leigde huset og saman med et par mann snekra sildekasser der.
Etter krigen bestemte bygdefolket seg for å bygge nytt grendahus, eller Ungdomshuset som var og er det brukte namnet på forsamlingshuset ”Vonheim Rekdal”.
Tomta var av Sanda-grunn, øvste delen av småbruket som John Kristiansen brukte, et areal på knapt målet. John var gift med Serianna, søster til Anna på ”Rikhardsanda”. Han var frå Lesja og var ein likandes kar som minnes for sitt gode humør. Spesielt husker eg sangen når han låg utafor land og fiska, den bar langt av stad. Det var Rekdal Skytterlag som sto for det formelle kjøpet i 1948 og det er framleis skyttarlaget som er eigar. Men i praksis har det alltid vore folket i bygda som eig huset. Og det er slik at det er bygdefolket uansett lagtilhørighet som kan møte opp på årsmøtet og velje husstyre og ytre seg om Vonheim.
Det var den gamle spisebrakka til tyskarane ”Sø på Øygarå” som ble tatt ned og flytta til tomta på Sanda. Den var bygd opp av flakar og relativ lett å flytte. I 1950 var huset klar til å tas i bruk.
I kjellaren var det garderobe, matsal og kjøkken. Matsalen hadde grå pussa murar, støpt gulv og var vel heller litt trist. Senere ble den kledd med trepanel og fikk belegg på gulvet, og da vart det sjølvsagt mykje triveligare. Oppe var huset delt i to, storsalen med scene og småsalen. Scena hadde dei same kulissane som står der i dag måla av Nils Abelsen (den eldre). Også sceneteppet med motiv frå Lia og Romsdalsfjorden er det same, også det måla av Abelsen. Det heng på en kraftig rull og blir trekt ned når det er sceneskifte. Kulissar og sceneteppe er kulturverdiar verdt å ta vare på og hadde nok trengt ei restaurering.
Småsalen leide kommunen til skule. Det var småskulen som heldt til der. Så dei to første åra av mi skuletid er gode minner frå ungdomshuset med han ”Kåre i Myrn” som lærar. Kåre (farfar til bygdas berømte fotballspelar) var ein aktiv kar som var med oss skulebarna i friminutta. Han sto i mål når vi spela fotball mellom trea og tuene innanfor huset, kasta seg så lang han var i kvitskjorte og finbukse kan eg huske.
I skiljeveggen mellom salane sto skorsteinspipa med brannmur, og der i storsalen sto det ein stor vedovn. Småsalen, kalla småskulen hadde store flak av noen panelovner. Veggen mellom salane med mur og pipa reiv vi på dugnad kan eg huske, og det var noko til styr. Det måtte vel være rundt 1970, trur eg.
Når vi kom opp trappa til salen var det et lite rom med billettluke. Rommet blei mest nytta ved offentlige dansetilstelningar. Det hadde plass til ein mann som satt. I tillegg var det plass til en mann som sto bak han om billettøren skulle ha selskap, og det fikk han ofte. Ikkje dei store fasilitetane altså. Det hende vel også at kjentfolk fikk oppbevare flasker her som dei ikkje hadde lov til å ta med seg inn. Disse fikk dei sjølvsagt tilbake når dei skulle bak nåva ein tur. I dag er sikringsskapet i rommet og det er i tillegg lager for litt småting.
Så var det veslehuset, utedoen med avskilt rom for damer og herrar med eit lite rom for ved og reiskap i mellom. Denne oppdelinga var nok gjort med hensikt vil eg tru. Livet i og rundt utedoen kunne være frodig, har eg høyrt. Her sto småskogen tett inntil med gode gjøymeplassar både for folk som ville være for seg sjølv bak eit tre og for ting som ikkje skulle takast med inn. Særlig når det var dansefestar og ein skulle lufte seg, drikke heimbrygg av spann eller norgesglas og liknande. Her vart det fortalt mang ei god skrøne og her kunne gutar og jenter saman søke tilflukt når dei følte for meir enn kva som kunne visast på dansegolvet.
Utedoen er for lengst historie, den ble reven etter at det kom toalett i kjellaren
Kjem tilbake med meir om minner på huset brukt til basar, marknad, kino, smådans, skyttarfest og idrettsfestar, fotballtrening og meir.
Litt om livet på Vonheim i ”gamle dagar”.
Frå Vonheim er det mange gode minner frå barndomstid og ungdomstid. Om det er nokre dårlige minne så er dei fortrengt og radert vekk frå minnelageret.
Før fjernsynets tid her på landsbygda rak det omkring ein del folk som livnærte seg på underholdning. Mellom anna tryllekunstnarar som var populære og samla fullt hus. Eg hadde høyrt dei vaksne snakka om magiske augeblikk, frå eit par forestillingar på ungdomshuset som eg var for liten til å være med på. Men så ein dag var det i boks at landskjente Egelo ville vitja oss. Far var formann for Vonheim da ein periode og hit i huset kom det plakatar av glansa papir som eg fikk være med på å sette opp. Ei oppleving berre det. Og så fikk eg (husker ikkje om eg masa) lovnad om å få være med på ei av framsyningane. Trur det var to framsyningar og at dei yngste fikk være med på den første.
Dette var stort og bildet av dei mystiske hendingane der oppe på scena har brent seg inn i minnet. For far som var med og tok i mot tryllemeisteren og fikk snakke med han så var det også stort. Og samtalen med den store landskjente Egelo ble ofte nemnt.
Ein annan som eg huskar godt var Halvorsen frå Redningsselskapet. Redningsforeininga på Rekdal, Vårblomsten, var svært aktiv og hadde sin årlege basar. Og kvart år dukka Halvorsen opp. Han hadde med seg film om redningsselskapet. Same filmen om redningsskøyta i brenning og uvær vart vist kvart år, og kvart år var vi like trollbundne av denne spanande filmen. I tillegg hadde han også eit par morofilmar på lur. Ja vi gledde oss verkeleg mykje til redningsbasaren. At vi hadde disse kjekke basarane må vi også takke dei den gang unge og engasjerte damene som brann for redningselskapets sak. Spesielt husker eg Kirsten Selnes og Ingebjørg Slemmen som sto i første rekke her.
Men den kvelden eg husker best frå ungdomshuset husker eg merkelig nok ikkje på grunn av noe som skjedde på huset (trur det var redningsbasar), men på grunn av noko som hadde hendt litt tidlegare denne laurdagen 27. februar 1960 og som alle prata om den kvelden. Knut Kupper`n Johannesen hadde tatt OL-gull og satt ny verdsrekord med fantastiske 15,46,6. Det talet har brent seg inn i hukommelsen, Husker ein av gamlekarane sa: ”Denna rekorden vil stå til evig tid!” Det var ikkje nokon som protesterte på det. Vi hadde berre ein radiokanal den gang. Og NRK gjorde det mange meinte var uhøyrt, for første gang i historia å utsette barnetimen som skulle gå kl 18.00. Ja eg husker kor eg var den dagen, men ikkje kor eg var då Brå braut staven.
Kino på Vonheim var også ei stor hending. Ein periode over nokre år var det vel kino omtrent ein gong i månaden, trur eg. Først kom det plakatar som skulle settast opp. På Bua sjølvsagt og så på eit par telefonstolpar. På framsyningsdagen dukka kinobilen opp. Gul kleinebuss (meiner dei hadde VW i fronten) med Norsk Bygdekinoen skrevet med store bokstaver på sidene. Så var det å bære inn trekassene med kinomaskiner og filmrullar. Lokalet egna seg godt til kino. Filmapparatet ble plassert bak døra inne i skulerommet. Slik ble lyden frå apparatet mindre, så det ein hørte var lyden frå høgtalarane. På barneframsyninga som starta kl 1800 kom det syklande folk både frå Fiksdal og Vestrefjord.
Det var visst ikkje så ofte kino på Bygdaheim meiner eg å huske. Ein gut frå Byrkjevølla (litt i slekt med han)kom med mjelkeruta eit par gonger, så gjekk vi på kino, og så delte vi seng og han fylgde same bussen tilbake om morgonen dagen etter, det var fole kjekt.
Av filmane så husker eg dei danske ”Far til Fire”-filmane. Dei var veldig populær blant dei yngste. Dei fleste filmane inkludert pause for byting av filmrullar varte vel knapt 2 timar. Ein gong husker eg at langfilmen ”Tatt av vinden” skulle visast (var for ungdom og vaksne så den fikk eg ikkje sjå). Denne filmen varte visst med pausar over 4 timer og det ble på plakaten oppfordra til å ta med mat. Men kan ikkje huske om far og mor smurte niste før dei gikk.
Marked som det vart kalla var også ei årviss sak. Det var Vonheim som arrangerte disse til inntekt for huset. Her var det tombola og lykkehjul, pilkast, kasting på blekkboksar (Blekkboksane som Viking Melk hadde var nok dei som egna seg best, da dei var påført berre eit lite hol der mjelka rann ut.) Og så var det luftgeværskyting som var populært med dagspremie og vekepremie. Her deltok også nokre damer, Kaspara på bu`n var god å skyte kan eg huske. Ja når det var marked så varte den i fleire dagar. Dei første åra vart det brukt geværpiler med bust i enden på til skytekonkurransane, seinare ble det innkjøpt blykuler og kulefangare. Vi gutane lurte oss ofte inn kjellarvegen og lånte luftgeværa. Ein gong gjekk det nesten galt. Da sto det plutselig ei pil i handflata på ein av oss gutane, berre busta var synlig. Men vi fikk ho no ut av handa hans. Jau det kunne ha gått verre. På tombolaen på markedet var det spanande premiar. Sigarettar, 10-pakningar hadde dei også som gevinstar eit par år og dei var populær og ble delt ut både til små og store. Var lenge før røykelova dette. Ein gong det var marked vann eg 10-pakningar både med South State og Teddy. Noko blei bytta eller solgt, men Teddypakka røkte vi opp eg og ein slektning frå Tomrefjord som var på besøk hjå bestemor. Husker vi sto nede ved Slemmen-naustet og bles og syntes vi var noko til karar, og pakka vart snart tom. Men eg var mindre høg i hatten seinare på dagen da kvalmen meldte seg, ja det var visst litt oppkast også. Kanskje dagens regelverk ikkje er så dumt likevel?
Ungdomen hadde stort sett berre den moroa dei laga sjølv, og blant bygdas vanlige aktivitetar var såkalla smådans. Et par av bygdas musikantar kunne stille opp med dragspelet, men ofte var det den tids musikkmaskin, grammofonen som ble brukt om en fikk låne ein slik. Ikkje alle såg like blidt på denne aktiviteten. Smådans var ikkje innmeldt til lensmannen og dermed ikkje offentleg og øvrigheita skulle helst ikkje vite om dette. Såkalla ”slutta lag” var tillate, om dei gikk føre seg i reglementerte former utan å rapportere til lensmannen, men noe låg nok i grenseland. Musikar-organisasjonen Tono spela også ei rolle her. Skulle det spelast musikk der det var inngangspengar så skulle dei ha sitt om det nå var eit gammalt trekkspel, ein ustemt gitar eller ein skurrande grammofon som spela annen manns musikk, og dette skulle lensmannen bruke av tida si til å passe på. Men nok om det, her forekom det vel også litt forbruk av ulovlig drikke som var lensmannens oppgåve å sjekke. Og lensmannen den gang hadde rett som det var tid til å ta seg ein tur rundt om på bygdene på humpete grusvegar og sjå etter om ting gikk etter lova. Ja dette sjølv om det i kommunane Vestnes og Tresfjord til saman berre var ein lensmann med ein betjent, det handla om ærefrykt for yrket sitt. Husker lensmannen og betjenten dukka opp ein kveld det var smådans. Sjølv var eg nok ikkje konfirmert og måtte være på utsida av døra saman med jamnaldrande. Lensmannen kom bort til oss gårungane og spurte om det var ”slutta lag”. - Nei dei hell visst på ennå, spøkte han Inge i Myr`n. Den lo vi av ofte. Når lensmannen så endelig kom seg inn i lokalet så satt flokken sjølvsagt som lam og ingen kunne sette fingeren på noe galt.
På Vonheim var det også mange andre kjekke tilstellingar. Skyttarfestar, idrettsfestar og anna. Før vi fikk gymnastikksal i bygda brukte vi salen til fotballtrening to-tre år, det var huset ikkje beregna til, men vi hadde likevel bra utbyttet av denne treninga.
Til slutt vil eg ta med en lita historie frå kjellaren på Vonheim. Ein gong i året hadde vi sløyd der, kor lenge er eg ikkje sikker på, kanskje tre veker? Sløydbenkene gikk på omgang i kommunen og ein liten periode på året var dei altså hjå oss. Og det var ei flott tid for oss gutane. Jentene hadde handarbeid, kor dei hold til veit eg ikkje. Med på lasset var også ein slipstein. Denne hadde ein behaldar under seg fylt med vatn som nådde opp i slipsteinen slik at heile steinen ble våt når den gjekk rundt. Ein dag byrja vi å kjenne pisslukt av steinen. Og snart ble det klart at noen hadde vært der utanom skuletida og brukt behaldaren som pissoar. Som nemnt ovanfor så hadde vi jo hemmelege nøklar og kunne komme inn. Vi gutane fikk jo snart greie på kven som var syndarane, ein ville jo helst skryte av sine karsstykke. Lærer Gjelsten samla flokken og sa: ”Her har det visst vore smågrisar på besøk. Du Per og du Pål (oppdikta namn) får ta med slipsteinen ut og gjere den rein”. Slik vart det gjort og meir oppstyr om dette kom ikkje frå Gjelsten. Husker vi var forundra over at lærar Gjelsten klarte å plukke ut dei som var syndarane til å ta reingjøringsjobben. Forsto han det utifrå sin intuisjon eller var det ein i flokken som var illojal og hadde sladra? Ja om det teier historia.
Ja dette var noko av dei gamle minner om livet på Vonheim i gamle dagar. Nokre husker kanskje ting frå ei anna side og det er positivt med innspel.
Fisketurer og litt mer på Langedalen og Forsen.
De første turene opp til fjellvatna i nærområdet var sammen med far som var svært interessert i sportsfiske. Som regel var det endags turer der vi gikk hjemmefra opp til setra og så videre derifra. Vi hadde ikke bil, så det var å bruke apostlenes hester hele vegen. Langs riksveien og seterveien opp til Rekdalsetra er det ca. 5 km og fra setra til første Langedalsvatn ca. 1,5 km og til Forsevatnet ca. 2,5 km. Så en skjønner at dagens turer med bil til setra blir noe langt annet enn barndommens turer.
Skulle en til fjells for å fiske måtte utstyret være i orden. På endagsturer var det makketroe som var viktigste fiskeredskapen (makk = meitemark og troe er stang). I et fiskevann skulle troa være lang for å få snøret lengst mulig ut. Å bruke dupp som en kastet ut var ikke sett på som skikkelig fiske. Ikke var det så effektivt heller. En måtte kjenne når fisken nappet og slå til på rett tid, det er jo det som gjør sportsfiske så fascinerende enten en bruker makk, flue eller sluk/spinner. Den lange makketroa måtte være lett å bære med seg gjennom krattskogen og opp bratte bakker og derfor skulle den være sammenleggbar. Jeg kunne vel være i 8-10 års alder når jeg fikk min første fiskestang. Den var hjemmelaget av bambus men så ut som de flotteste kjøpestenger. Dette takket være en far som var en kløpper med hendene. På bua hadde de forholdsvis billige bambustroer, far plukka ut et par høvelige stenger som ble delt opp i om lag en meters lengde og så plukka han ut de best egna lengdene. Holker, ringer og snellefeste var kjøpt på en bytur til Ålesund, og med hjelp av hyssing og lakk så ble det tryllet frem en nydelig fiskestang. Gamlesnella til far kom på. Det var ingen Ambassadour, men heller ikke så helt ulik ABU`s mestersnelle i fasong. Gutten var både stolt og glad når han kunne ta vidunderet i bruk. Så var det å finne makk. På den tida hadde vi utedo, og bak utedoen var det masse fin makk. Far hadde en fin makkeske hjemmesnekra av tre og i eska ble det lagt mose som makken skulle renske seg i. Det skulle ikke være jord i makkeska mente han.
Så var det å legge i veg. Far med sin spissekk og jeg med skoleranselen med niste, saftflaske og litt ekstra klær. Disse fisketurene foregikk fra mai og frem til september. Når bjørkeløvet var så stor som en museøre var det tid for årets første fisketur. Godt fiskevær i fjellvatn var gjerne sol med ei lita vindgrele. Var det surt vær med skodde i fjella så var det ingen vits i å fiske sa far, da var det ikke fiskebitt. Og det passa jo godt med at fjelltur og fiske skulle være en god opplevelse i godt vær.
Turene opp gikk med godt humør med stopp på faste plasser. Kan aldri huske at en ble spesielt sliten av motbakkene. Men herlig var det jo når en rundet Forsabakken og fikk øye på vatnet og den gamle bakkehytta. Og når en etter den siste (slik virket det den gang) nærmest loddrette delen av stien opp til Langedalen kunne se det vesle speilblanke vatnet ved Røverhytta så var det godt å kunne sette seg ned og nyte dagen.
Så var det å få fiskeutstyret frem i en fart og begynne og prøve fiskelykka. Den kunne det være så forskjellig med. Husker en gang på Langedalen at yngste søskenbarnet mitt på Hauå var med. Han var for meg en god læremester til så ymse. Denne dagen starta med at han kasta opp den ene krea etter den andre mens jeg og far bare fikk et par napp. Da var det både beundring og gjerne litt misunnelse, men tror fiskelykka jevnet seg litt utetter dagen.
Litt rart er det jo også å tenke på at disse små fjellvatna oppe på Langedalen for ikke lenge siden var fisketom. Ja 30-35 år før jeg begynte å fiske der så fantes det ikke fisk. Tverrelva var for bratt til at krea klarte å ta seg opp fra Gjelstenelva. Men i 1925 bar Olav Rekdal og svogeren Sverre Volle elvekree opp i de 5 Langedals- og Storknausvatna. Kort tid etter bar Harald Rekdal og broren Peder yngel av regnbogeaure opp i Ihjlegrøe-vatnet. Snart kunne de fiske halvkilosfisk i Langedalsvatna og kilosfisk på Ihjlegrøe (kilde bygdeboka side 54). Siden har vi altså kunne gå hit å fiske. I «Islegrøe» har jeg aldri fått eller sett fisk. Men det er fortalt om at det er fiska storfisk der så sent som på 1970-tallet. Nå tror jeg den er utdødd, sikkert vanskelige yngleforhold. Kanskje skulle en ha prøvd med å sette ut noe fisk der igjen.
På Forsen har det nok vært fisk fra gammelt av. Forsevatnet var mye større enn Langedalsvatna. Her var det også to hytter som en kunne overnatte i. Gamle Bakkehytta var nærmest bygda, gammel og grå og ikke akkurat noen luksussuite, men det gikk godt an og overnatte der. Den andre var hytta hans Olav på Bu`n. Den fikk vi låne når den ikke var opptatt. Far hadde vært med på å bære opp material og bygge hytta, og Olav syntes nok det var bare kjekt at hytta kom til nytte. Ved Bakkehytta var det en gammel båt, den var det opplest og vedtatt at alle kunne bruke. Tror få visste hvem som eide båten. Problemet meldte seg når det var flere som ville bruke båten samtidig. Husker ei helg vi hadde fått låne «Buahyttå». Vi hadde jo godt håp om å kunne bruke båten. Til å otre, til å sette ut garnet og til å dorge med sluk. Men da vi kom opp var båten alt på vatnet. En fra bygda og to fremmedkarer hadde inntatt Bakkehytta og de fiska og skråla hele dagen og kvelden uten tegn til å kunne dele på godene. Karene var neppe edru og tror far kvidde seg til å spørre dem om å kunne få låne båten for en stakket stund. Det var nok best slik, ingen vits i å legge seg ut med noen. Så den helga ble det mest fiske med makketroa. Men vi hadde jo en flott kveld ved vatnet og senere inne i hytta med god varme fra vedovnen, som var god å ha både til å varme seg og til matlaging. Dette var jo før en begynte å ta i bruk gass til kokeapparat. Så i de sene timer ble det litt kortspill og lesing i et par gamle blad i skinnet fra talglyset før køya og snarlig søvn venta.
Så kom ungdomstida, det ble noen turer til fjells nå også, både sommer og vinter. Fisketurer med noe attåt, skiturer i måneskinn og... Det får vi komme tilbake til en annen gang.
I marka og på fjellet. Del I
Å få bli med på tur i skog og mark, eller på fjelltur til fiskevatna som liten gutt var veldig kjekt. Både mor og far var ivrige friluftsmennesker. Men mor ble etter hvert plaget med sykdom, så sammen med henne ble det mest kortere turer på meg som var yngst i søskenflokken. Det ble mange flotte turer i bærmarka. Uforglemmelige turer etter tyttebær og blåbær helst på solfyllte varme dager. Sammen med mor, med søsken og sammen med naboungene. På bærturene starta vi hjemmefra, først gjennom ”Hestegjerdet” der den folkekjære merra til onkel Einar gikk på beite. Molike hette ho og Hestegjerdet var hennes plass når ho ikke skulle gjøre arbeid på garden. Kom gjorde ho når vi nærma oss og så fikk ho litt oppmerksomhet, litt kos og klapp. Noen ganger vanket det nok også en godbit som vi hadde med. Ovenfor gjerdesgarden også kalla utgarden gikk kyrne som skulle feite seg opp på næringsrikt sommerbeite. På alle småbruka i bygda var det kyr. Rundt 30 løer husker jeg det var. I de aller fleste var det melkekyr. Mange hadde bare ei eller to som melka. Så var det kviger og kalver som også var på beite. De fleste hadde også sauer som ble jaga til fjells. Slik ble det lite lauvskog, og mest bare åpent terreng med gode vilkår for blåbær- og tyttebærlyng. I dag er det ingen i bygda som har melkekyr, en trist utvikling. Når vi hadde passert området der melkekyrne helst gikk, så barst det opp Skarveien og opp på Skaret. Der oppe var det åpent terreng med en del furutrær, men ikke det en kan kalle skog. Og så var det noen gamle grå torvløer oppe på skaret som ble brukt i forbindelse med torvspading. Selv kan jeg ikke huske det ble spadd torv her, (ca 1955 og utover). Men løer med verktøy og tydelige nedsenkinger i myra vitna om at det kunne ikke være mange år siden her var stor aktivitet. Skog var mangelvare og torv var viktig brensel. En av torvløene brant for øvrig ned da noen av bygdas gutter som skulle kjekke seg litt lurte seg dit opp for å ta en røyk og leke litt med ilden. Denne ene gangen var de ekstra uvørne og ilden hadde nok ikke blitt godt nok slukket. Torvløa brann ned, men heldigvis var det stille slik at ilden ikke spredde seg. Må vel bare tilstå at undertegnede var en av de medskyldige den gangen. I dag er det ikke synlige tegn på torvspading oppe på Skaret. Oppe på Ljøsmyrå ved seterveien til Rekdalsetra står det ennå det som skal være en torvløe, bra bevart, vi får håpe den kan bevares for senere generasjoner.
Når vi hadde passert myrene på Skaret kom vi til god bærmark tett i tett med flotte tuer fulle av blåbær. Og her fylte vi spann og bøtter med bær som ble tatt med hjem og syltet og saftet. Slik hadde vi godt med drikke og til pålegg på brødskiva hele vinteren. Råsafta av blåbær som mor laga var for øvrig fantastisk god. Brus hadde vi jo bare ved helt spesielle anledninger, og kjøpepålegg var det lite av når vi ser bort fra sirupen som måtte være på bordet når far var hjemme. Tyttebæra måtte vi litt lenger etter om vi skulle fylle bøttene. Og da hendte det seg at vi var så langt som til Gjelstensetra og på ”baksida” av Snaufjellet mot Rekdalsetra. Tyttebær på godt romsdalsk kalla tyte var det mer rift om en blåbær. Og det var om å gjøre å få plukka den før andre tok den. Husker de voksne klaga på at andre plukka umodne bær som de la til modning, ja det var selvsagt andre som gjorde det. Men det hendte vel også hjemme at det noen ganger var bær som måtte ligge litt før den gikk til sylting.
Mine litt eldre søstre fortalte at slektninger ute fra Midøya brukte å komme over fjorden for å være med på bærplukking , det var visst smått med bær der. Dette var visst fole kjekt både for oss som var vertskap og for gjestene, men dette husker ikke jeg. Molte ble det også plukket, men den var det ikke så mye av og det var helst far som hadde seg et par multeturer årlig til sine ”hemmelige” steder og kom hjem med såpass mye at det ble en smak til jul og ellers når det skulle være noe ekstra.
Orm var også noe en måtte regne med å gå seg på i bærmarka. En gang sammen med yngste søsteren min og et par nabojenter oppdaget vi en huggorm som hang på en gren, jentene hylte litt kan jeg huske. Det var da jeg fikk anledning til å vise hvor modig jeg var med å pirke den ned med en trekjepp og fikk seigpinet den til døde. Ja det var et stolt øyeblikk. I dag er det vel ikke like akseptert at ormer skal drepes, men den gang levde vi kanskje mer etter Bibelen som jo ikke hadde så mye til overs for denne krypende skapningen. Blant anna så heter det jo i Lukas 10:19: ”Se, jeg har gitt dere makt til å trå på slanger og skorpioner...” Vi får vel i dag helst se på dette som en dårlig unnskyldning for litt dyrisk adferd.
Mange fra bygdene reiste til byen med bær som de enten hadde med til slektninger eller solgte for å tjene noen kroner ekstra. Da kan det jo passe å avslutte med en liten romsdalsk regle der det gjøres narr av at det i noen bygder var vanlig å bytte bokstaven y med i (såkalla Itakisme). Dette var kanskje vanlig i hele Romsdal langt tilbake, for så å innskrenke seg til noen bygdelag. I dag er vel itakismen så godt som vekk. Mor som kom fra Otrøya hadde et snev av dette. Folk fra Gossen (Aukra) og fra Tresfjorden blant annet kan jeg huske snakket slik. Og han som hadde vært i byen med tyte uttrykte seg slik i følge regla:
<<I sikla te bi`n i tisko mæ titespann på stira>>.
Vi får vel oversette det til dagens bokmålske skriftform slik at de som ikke er innfødte romsdalinger også kan skjønne bæra:
”Jeg syklet til byen i tøysko (sko med overdel laga av tøystoff) med tyttebærspann på styret ”
Ja det var tider det.
I dag har jeg ruslet litt omkring i utmarka ovafor huset og vestover langs Snaufjellfoten her på Rekdal. Mimretur kan en vel kalle det. Dette var et område der vi ferdes mye som guttunger. Her leika vi cowboy og indianer inspirert av tegneserieheftene som var så populære på den tida. Vill Vest i ”sjekkhefteformat”, Præriebladet og Texas var vel de mest populære. Disse heftene gikk på omgang i gutteflokken og kaptein Miki og Davy Crockett var store helter. I marka var det ”synnaføringane” mot oss ”innaføringane” og det kunne være alvorlige greier. Vi var utstyrt med pil og boge, laga av trevirke fra skogen her og i tillegg var det noen som hadde harbuster som vi kalla tregeværene. Ligna nok på armbrøst, men i stedet for bue til å skyte ut pilen så brukte vi gummistrikk klipt ut av en gammel sykkelslange. Løpet var et spor i trefjøla som våpenet var laga av. Gulvbord med not var utmerket bygningsmateriale. Pilene var gjort av tynne trefjøler og kunne være et farlig våpen. Spesielt de som var forsynt med en liten spikerspiss. Selv så hadde jeg en harbust (hardbust?) som far min hadde laga, den var ekstra flott og hadde i motsatt til de andre harbustene overbygd løp og avansert avtrekkermekanisme slik at det så mest ut som et vanlig gevær. Skikkelig bra handverk. Dette høres vel litt farlig ut. Men vi var innprenta med at vi ikke fikk skyte direkte på noen og den regelen ble fulgt. Kan ikke huske det var noen skader.
På min tur i dag søkte jeg opp en liten steinheller som ofte var besøkt i barndommen. Spenninga med den var at der fant vi bokstaver og tall hogd inn i berget.. Vi hadde jo hørt om runer og helleristninger og fantaserte nok om den store oppdaginga som ville gjøre oss berømt. Litt utilgjengelig inne i hellaren var det noen tegn som vi omhyggelig skrev av og tok med oss til den historiekyndige læreren vår. Han ignorerte våre ”oppdagelser” totalt, ville ikke engang se på dem og drepte nok våre drømmer om berømmelse som oppdagere. Lærer Gjelsten Rekdal hadde nok sett og hørt om disse inskripsjonene tidligere og visste at de var av ”nyere” dato.
Når jeg igjen etter ca 55 år igjen tok en titt på det som var innhogd nærmest inngangen så ser jeg jo at det ikke er noen steinaldermennesker som har laga dem. Men noe av det er bra forseggjort og de som hogde bokstavene inn i steinen må ha lagt mye arbeid i det. Kan se initialer som TTSR og AE KSR og årstalla 1869 og 1888. Synes dette er litt spennende og må nok se mer på dette. Fra guttedagene så mener jeg å huske at det lenger inne var noen tegn som så ut som runer og det var dem vi skrev av, de får vi lete opp en annen gang. Er jo litt spennende ennå dette.
Videre på min lille reise i dag gikk jeg over Siverthau`n. Der var det en dam hvor vi gikk på skøyter. Om sommeren når feriefolket som eide stedet ikke var der så ble det nok fisket litt av bestanden av kre (småørret) som var utsatt der. Dammen ble senere tappet tom da den kunne være til fare for barn som lekte der. Vi guttene hadde ikke problemer med å komme oss inn på eiendommen selv om den var skikkelig bra inngjerdet. I dag er det lite igjen av vår barndoms flotte dam.
Nedenfor bilder av det som er hogd inn i helleren.
Noen barndomsminne frå Rekdal.
Eigentlig var det godt å ha barndommen sin på 1950-tallet og litt ut i 1960-åra. Stort sett så er det nok de gode minner en husker. Noen mindre gode opplevingar er det nok lett å fortrenge.
Far var bygningsmann og snikker og mor var husmor. Far på arbeid og mor heime, slik var det i dei fleste heimar hos arbeidsfolk og småbrukere på landsbygda i min barndom. I tillegg til husmoryrket så var mor med og hjelpte til på gardene rundt omkring når det trengtes. Saueklipping kan eg huske ho var leid til å gjere. Men ei husmor på den tid hadde nok å ta seg til. Dei moderne hjelpemidlar på kjøkkenet som vi i dag tar som en sjølvfølgje hadde vi ikkje. Maten var laga frå grunnen av med fisk vi drog opp frå sjøen, av kjøtt og flesk som kom frå gardane rundt omkring. Det hendte vi kjøpte litt kjøttmat på buda, blant anna kjøttdeig til søndagsmiddag. Som regel ble det laga kjøttkaker av kjøttdeigen, men en sjeldan gang dukka det opp eksotiske rettar som kålrulettar og forloren hare. Ja det var skulle være litt ekstra om søndagen, skulle helst ikkje være fisk da.
Klede måtte vaskast og skuras for hand. Når dei var tatt inn frå klesnora måtte dei bøtast og stoppast om det trengtes. Var ikkje bare å kjøpe nytt om det var eit lite hull på raggsokken eller ei stropp hadde røke på snørlivet. Det var altså ikkje bare å reise på butikksenteret å få nytt. Mye vart også sydd om og brukt på nytt. Snørliv eller underliv som det vel og ble kalla lurer du kanskje på kva var. Det var vel nærmest ei underskjorte som ble brukt for å holde strømpene på plass. Det hadde altså stropper som ein festa strømpene i. Dette var jo før strømpebukser ble vanlig og ullstrømpene skulle ikkje sige ned. Men vi gutane ville helst ikkje bruke snørliv og fikk vel også slippe det når vi kom i skolealder om eg huske rett.
Ein dag kom det ein kar som selte støvsugarar. Han fikk demonstrere ein Kobolt støvsugar (lenken går til ei gammel reklame om maken til den vi hadde) og vi var mektig imponert, både far og mor og vi ungane. Det enda med handel og nå kom det i hus eit hjelpemiddel som både kunne gjere reint, tørke våte støvlar og hadde dessutan som ekstra utstyr ei hette til å tre over hovudet slik at ein fikk tørke håret. Nå kunne mor og mine eldre søstrer ta heimepermanent og få tørka håret i ei fart og bli riktig flotte damer. Trur denne støvsugaren kom i hus før både vaskemaskin, kjøleskap og frysar. Frysar ja, det hadde vi ikkje, mat som skulle halde seg ble som regel salta, litt ble hermetisert. Varer som skulle halde seg kjølig ble satt til avkjøling i kjellaren som heldt seg noen lunde kald. Om vinteren når det var snø ble mat gravd ned i snøen. Men ein foretaksom mann i bygda starta med fryseri. Det var han Bjermeland sø i Strupå. Bjermeland dreiv med mink som den gang var vanleg attåtnæring for mange rundt omkring på bygdene og da var det godt å få oppbevart minkmat så den ikkje rotna. I fryseriet (huset står enda men er vel nå brukt som lager) var det boksar som ein fikk leige slik at ein nå kunne lagre matvarer i lengre tid. Problemet var at fryseriet låg heilt i enden av bygda slik at det ble langt å gå for å hente maten, ca 3,5-4 km ein veg. Ikkje hadde vi bil og dårlig var det med sykkel også slik at det vart langt å gå og ofte var det vi ungane som fikk i oppdrag å hente frysevarer. Men annakvar dag gjekk det buss midt på dagen og det passa godt med å ta kveldsruta tilbake, slik at det vart noen turar med buss også. Turane på fryseriet vart som regel kombinert med besøk hos Gomor og Gofar i Strupå (mormor og farmor) som budde like ved i huset på ”Sogn-Ola-plassen”. Dit var det alltid kjekt å komme på besøk. Trur ikkje det fantes snillare folk noen plass, men slik er det vel kanskje med dei fleste besteforeldre. I fryseriet var det tunge tykke dører og barn kunne sjølvsagt ikkje gå dit åleine. Då var det godt å ha han gofar til å være med seg inn i det litt skumle iskalde fryserommet og leite fram dei rette pakkene. Når vi snakkar om Strupen så kan vi ikkje unngå å nemne ho gamle Karen Marta. Eit Strupe-besøk var ikkje vellykka utan at vi hadde fått sett og snakka med ho. Ei meir ujålete dame fantes knapt. Når ho sto ved fjøsgangen i fjøsstakk og bustete hår, slo seg på låra og proklamerte: ”Gud velsigne dokker barn.. ” og gav oss godord vidare på vegen så var det et minne for livet om et fargerikt og flott menneske.
Ja det er noen personar i bygda som er verdt nokre heidersord, vi får la det være med denne eine denne gang. Noen gonger kom det også folk utanfrå til bygda som ein la merke til og som ein husker. Ein slik person var ho ”Fante-Fredrikke” som eg kan huske frå fleir somrar. ”No kjem ho Fante-Fredrikke” kan eg huske noen ropte ein sommardag. Da var det å komme seg heim, for vi visste at ho Fredrikke ville komme innom hos oss. Ho hadde ei gamal barnevogn som ho drog på, der hadde ho varene sine som ho selte. Ei eldre dame med flott stakk, ringar og smykke. Fredrikka kjente folket og var på fornamn med mor kan eg huske. Ho hadde mye å tilby: Knappar, glidelås, blonder, dukar, syutstyr og mykje anna av fine småting. Og så skulle ho ha kaffi, sterk kaffi og noe å bite i ble det også. Så gikk praten lystig rundt kjøkkenbordet til Fredrikka måtte vidare til neste kunde. Og vi ungane hadde det sjølvsagt kjekt med å høre på dama med den artige dialekta. Det ble sagt at Fredrikke røkte krumpipe, men det kan ikkje eg huske. Ho hadde også ei søster som ble kalla Lina (var nok døypt Nikoline) som ho gikk mye saman med. Om vinteren held dei til i Folldal. Fredrikke er gravlagt der i 1960. Lina i 1962.
Må vi er ikkje heilt ferdig med maten. Vi kjøpte mjølk nede med Per og Anna på Sanda i alle år som eg kan huske helt til ”ny-bua” kom med kjølerom og flaskemjølk. Mjølka på Sanda henta vi i ei lita blikkspann. Vi hadde med tom spann ned som vi bytta med den spanna som alltid var på plass ved kjellardøra med mjølk i. Mjølka på Sanda var ekstra god, dei brukte ikkje silo som dei fleste nå hadde begynt med og som tross god reinslighet kunne sette ein viss smak på mjølka. Det var helst yngste søstera mi, 2 år eldre enn meg som delte med meg om å henta mjølk. Når vi henta mjølk anna kvar dag så ble det om lag et par dagar for veka på kvar av oss. Nå har eg vel og et vagt minne om at ”veslesøster” og kanskje eldre søstre var med meg noen gangar og gikk litt oftare når det var dårlig vær og dårlig føre, men det er jo minner som viskes ut. Ja det kunne være dårlig føre ned Sandavegen. Dette var jo før nedstevegen kom og dei nede på Sanda måtte opp på øvstevegen (bilvegen) for å komme seg noen stad. Også mjølka som skulle på meieriet måtte opp dit. Om vinteren brøytte dei med hest. Dei hadde ein treplog som hesten drog. Det kunne være tungt både for mann og hest. Når det så ble isholke nedetter mjølkevegen var det ikkje ufarlig å bevege seg der som vi skjønner. Men trur ikkje vi noen gang datt og mjølk gikk til spille.
”Mjølkeveien” dukka også opp i et par marerittaktige drømmer frå denne tida, merkelig kva som ligger gjømt i gamle hjerneceller. I 1956 (var 7 år det året) braut det ut en forferdelig krig i Ungarn da Sovjetiske styrker invaderte landet. Tusenvis av menneske ble drepne. Kvar dag meldte radioen om dei forferdelige hendingane og vi barna kunne ikkje unngå å høre om dette. Far og mor og noen av søstrene mine (eg hadde seks eldre enn meg) hadde opplevd krigen og slik hørte eg om krigen og tyske krigsskip og krigarar som trua oss. Nå dukka redselen for krig opp i drømmane mine. Eg var på veg opp Sandavegen med mjølk. Ute i fjorden såg eg krigsskip som nærma seg og snart var soldatane etter meg. Føtene ville ikkje flytte seg og når eg var i ferd med å bli innhenta vakna eg redd og sikkert skjelven av marerittet. Disse fæle drømmane torde eg ikkje dele med noen, ville ikkje dumme meg ut som noen reddhare. Dette får være ein påminning om at foreldre bør snakke med barna når fæle ting pregar nyheitsbildet.
Vi får avslutte denne bolken med eit litt hyggeligare minne frå barndommen, om den gang eg hadde meslingar og som eigentlig vart fole kjekt. Ja eg vart liggande med meslingar, var nok ikkje så sterkt angripen, men nok til at eg måtte holde senga eit par dagar og fikk ekstra omsorg frå mine kjære og sette nok ekstra pris på det. Men det absolutte høgdepunkt under denne sjukdommen kom da yngste søskenbarnet mitt nede på Hauå dukka opp ved sjukesenga. Hadde nok alltid sett opp til han, var vel det nærmaste eg kom ein storebror. Og ikkje bare det at han kom på besøk, men han hadde også med seg gaver. Husker det så godt at han hadde med seg eit teikneseriehefte og 2 stk. Davy Crockett sjokolade! Det vart eit godt minne for livet.
I gamle dagar. Altså for nokre tiår sidan var fotballbana på Haubakkå ei grusbane. Og der var det au mykje artig som skjedde. Fotballbana vart opna i 1945 og i rundt 30 år var det ei grusbane.
Bana var litt skakk, slik at det var lettare å sparke heimover (mot Kristengarden) enn framover dalen.
Setervegen gjekk rett over bana, men det betydde lite då det var få biler og traktorar på den tida. Kyr, sauer og hestar som det var mange av i bygda i min barndom hadde fritt leide over bana. Bane tålte det godt men vi likte nok ikkje kuruene og anna skit dei etterlet seg. Då eg vart så gammal at eg vart interessert i bana så kan eg huske at grastuene byrja komme og bana var både grøn og brun. Det kom nok av at fotballsparkinga låg nede nokre år på 1950-talet etter dei gode åra rett etter krigen. Men då alle gutane i dei store etterkrigskulla vaks til og ville sparke ball så endra dette seg. Jentene skulle ikkje spele fotball på denne tida, så det var dessverre lite å sjå til dei på fotballbana.
Dei eldste gutane meinte at noko måtte gjerast med bana, og ein dag kom han Leonard Ytreberg med vegskrapa og høvla over den, trur ikkje det var mykje han fikk eller ville ha for dette. Etterpå var det stor dugnad. Ein trong ikkje vare gamle karen for å dra jarnriva og titals river sørgja for at bana etterpå vart skikkelig slett og fin, vi var imponert. Haugane med grastuer og stein som vi raka saman vart kjørt vekk med hest og kjerre, det var enda mange arbeidshestar (fjordingar) i bygda då.
Måla var av tre, og enda seier vel einkvan at det smell i treverket sjølv om det er aluminiumsmål. Men tverrliggaren var sjølvsagt salrygga, det skulle noko til at ein over 7 meter lang vassdrukken trestokk ikkje seig ned på midten. Men når vi snudde han så vart det bra ein periode.
På nedsida av bana, om lag ved midtstreken sto det ein gamal sommarfjøs. Der brukte vi å bytte kler og gå i ly om det kom ei regnbye. Men denne sto på anna manns grunn og ein dag kom eigaren og reiv tak og gjekk laus på veggane med storslegga, ja slik var det. Til å merke bana brukte vi sagma (sagflis heiter det vel på fint). Og til å få sagmaen ut i linjer så brukte vi ei merkebåre med eit tannhjulforma hjul midt under der sagma`n rann ut. Båre og hjul var laga av tre. Dette fungerte utmerket så lenge sagmaen var tørr som den sjølvsagt var så lenge den fikk ligge i sommarfjøsen, sidan vart det verre. Det var ikkje vanleg med tette plastsekker til oppbevaring og papirsekkane trekte vatn. Sjølve ballen var heller ikkje nokon sjølvsagt ting. Husker det var kronerulling til inntekt for ny ball og ein fikk skrape saman såpass med peng at ein kunne reise til byen og handle ny ball. Ballen var ikkje som i dag, den hadde eit hol som ein snurte att med reim (skoreim var vanlig). Inne i ballen var ei laus gummiblære som ein kunne ta ut. Saumen som held lærlappane saman gikk ofte sund og ein kunne sjå inn på blæra, men det stoppa oss ikkje og så small blæra og både lær og blære måtte lappast. Men med dyktige reparatørar kunne ein ha ballen temmeleg lenge.
Ja det var mange kjekke fotballdagar og fotballkveldar på Haubakkå. Det var lite med organisert fotball, som regel delte ein 2 lag som sparka mot kvarandre, store og små i lag. Treningsklede var det smått med. Det gjekk som regel i kvardagsskjorte og kortbukse. Ein sjømann som hadde komme heim frå sjøen etter fleire år ute hadde ein flott svart fotballshorts med seg frå det store utland kan eg huske, ja rett og slett utroleg fin var han.
Fotballsko var helst blå tøysko/tennissko dei første åra. Men så hadde dei fått Romika fotballsko på bua. Og så fikk eg eit par slike, det var stort. Det var vel også tøysko, men forsterka med ekstra gummihette framme og langs sida og med farge nesten som ”ekte” fotballsko, stor stas. Husker eg hadde disse nye skoa første gang eg fikk være med dei store gutane på bygdelaget og vi sykla inn på Råkje i Fiksdal for å sparke mot fiksdalingane.
Det var fotballen, Men det skjedde også anna på Haubakkå. 17. mai gjekk toget opp dit og vi leika og song. Og ikkje nokon skikkelig 17.mai utan kinaputt. Kinaputt var kraftige saker, og skadane var mange så dei vart visst svakare for kvart år og etter kvart forbode. Men kan ikkje huske det var anna enn nesten-ulykker hjå oss.
Og så var det jonsokkveldane med stort bål, mest som eit lite hus. Vi skuleungane og nokre ungdomar hogde einer og anna brennbart som vi la på bålet. Ja du las riktig, det var mest ungane som gjorde dette arbeidet den gang. Eit år (kanskje to?) var det også båt (færing) på bålet, stor stas sjølvsagt når ein fikk brenne ein gamal utrangert båt. Bålet låg i hjørne på nedsida, mot Sognebygda. Den tida var det ikkje skog rundt bana og vi såg båla rundt fjorden og vite at over alt feira dei midtsommar. Men før båltenninga skjedde også andre ting. Når vi hørte bildur, visste vi at han Olav på Bu`n kom med brus og kjeks og anna godt som ble solgt frå bagasjerommet. Bilen stoppa omtrent midt på bana. Dette var ein av dei få gongene i året vi fikk brus. Det var småflasker 0,25 cl, ikkje 0,35 eller halvliter som er vanlig i dag. Og for at den skulle nytast lenge slo vi hol i toppa med ein spikar, og nærmast saug ut innhaldet. Bringebærbrusa var populær. Dei vaksne drakk kaffi. Nils Selnes var fast kaffikokar i mange år, hadde med seg svartkjelen, laga kaffibål og serverte. Fotballkamp av den meir uhøgtidlige sorten var det au, og då var både kallar og kjerringar med. Ja slik var det på Haubakken for 50-60 år sidan. Skal tru om dei underjordiske, haubukkane som visstnok budde i Haubakken og som staden kanskje har namn etter likte å bli uroa av oss ?
I Elvedalen.
Like ved huset vårt har vi Elvedalen. Som namnet seier ein elvedal med ei lita elv som dei fleste kanskje vil kalle ein bekk. Skiftingselva er vel rette namnet. Frå gamalt av skiftet eller grensa mellom gardane Rekdal og Gjelstein. Men i dag har vi Rekdalsgarden på begge sider av elva. Det var visst ein bytehandel der brennevin var innblanda som gjorde at rekdalingane fikk ”Hålbakkområdet” på innsida av elva og gjelsteningane dei gode beitemarkane framme på Skaret opp mot Snaufjellet.
I Elvedalen var det mykje spanande å finne på. For meg starta det nok med sølekakene vi brukte å lage på veikanten. For at ein ikkje skulle kjøre utfor og hamne langt ned i dalen så var det laga murar på begge sider av vegen, ein lang mur på nedsida og ein kortare litt lavere mur på oppsida. Her på nedsida av vegen samla finsanden seg som tilsatt litt vatn var så utmerket til å lage sølekaker av. Det var ikkje mange bilane som kjørte her i min barndom. Så her var foreldra trygge for oss. Verre var det vel kanskje med all skiten vi drog heim.
Å gå/balansere på muren var kjekt. Og enda kjekkere vart det når vi hadde lært å sykle og drista oss til å sykle på muren. Dei fleste av oss nøyde seg med å sykle på den lave muren på oppsida, men dei modigaste sykla også på den bra høge muren på nedsida, kunne vel være 20 cm brei. Dette såg vi på som balansekunst av ypparste merke. I dag er muren erstatta av såkalla sklikantar som ikkje har anna nytte enn å halde bilane på vegen.
I elva var det kree, små bekkaure som vi fiska med makk og ongel, eittøres onglar passa best her, det var dei minste onglane. Eittøres fordi dei kosta eit øre stykket hos han Olav på Bu`n og vi kjøpte dei i kvite snipposar. Men skulle vi få noko særleg med fisk måtte det være regnvêr og elva full av flaumvatn, så vi var som oftast gjennomvåt når vi kom heim med nokre krepinnar på ei ”hånk” skore av ei rognegrein.
Om vinteren fraus elva til og vi kunne renne oss på isen nedover elvedalen. Men det var nokre skumle høler der som vi måtte passe oss for, der var ikkje isen alltid like trygg. Ein gong hold det på å gå gale og naboguten ble stående med vatn til livet. Men han kom seg med litt hjelp på trygg grunn igjen. Slikt snakka vi ikkje om, det fikk være vår hemmeligheit.
Elvedalen er ein svært frodig dal. På 1950-talet når eg var gutunge så slo dei graset der med ljå og støttorv (liten ljå). Onkel Einar, tante Borgny, gamle bestemor og mine søskenbarn på Håuå hadde mange arbeidstimer i Elvedalen. Der var det også laga ris av lautre som vart tørka og nytta som tilleggsfor til sauene utetter vinteren. Det var lunt i dalen, skjerma for vind frå alle kantar. Nokre nætatre (hasselnøtt) vaks der og det ble plukka ein del næt, både på marka og oppe i trea. Også mange sortar blomster vaks i Elvedalen. Spesielt huskar eg liljekonvalen som søstrene mine var svært glad i og som dei måtte plukke litt av kvar vår.
Bilvegen gjekk altså over elva. Men her var ikkje ei vanleg bru. Det var eit firkanta hol om lag 10 meter langt mura av store steinblokker og oppå var det eit par meter med fylling slik at ein frå vegen ikkje såg brua. Å gå gjennom dette mørke vassførande holet på dei sleipe steinane var det også berre oss modigaste som våga. Ja det var litt skummelt. Dette holet ble bevart når vegen vart utvida og asfaltert i 2003, berre litt forlenga på nedsida.
Elva var sjølvsagt aldri tørr. Og det kom godt med når det var fine og tørre somrar. Vi hadde ikkje vassverk i min barndom og både hos oss og i nabohusa vart vassbekkane tomme. Så der ovanfor vegen vart det vaska klede som ein skura på elvesteinane. Det var mange tunge børe heim med våte klestampar og vatn til husholdninga.
Om lag 50 meter ovanfor vegen er det ved elva ein stor stein. Bratt på nedsida men ein går lett opp på han frå oppsida. Denne steinen ble kalla Pokersteinen. Dei ivrigaste pokerspelarene i bygda brukte visst denne steinen til å spele poker på. Her kunne dei sitte utan å bli sett frå vegen. Kjerringane deira likte visst dårlig dette spelet og det var viktig å holde det skjult. Det vart visst også satsa hardt. Ein hest som bytta eigar ble kalla pokerhesten. Rykta sa at hesten var vunne i poker der oppe ved steinen. Men alle rykte skal ein nå ikkje tru på då.
Før mi tid vart det også dansa på platting der i nærleiken av Pokersteinen. Det måtte være dei første åra etter krigen, før ungdomshuset var ferdig. Ja det var ein livleg plass har eg fått fortalt. Det vart nok fortært nokre liter heimebrygg her på tuene. Det er vel lett å tenkje seg at det var brukt flakar og anna material frå tyskeleiren på Øydegarden til platting.
I dag susar bilane forbi her i stor fart og få tenkjer nok på at her var det langt meir som skjedde enn litt vedhogst som i dag.
Eggsamling på Rekdal for 50-60 år siden.
Å samle egg om våren var en årlig tilbakevendende hendelse. Da skulle vi guttene på leting etter egg. Dette var ingen jentesport, nei kan faktisk ikke huske at jentene var med i de mørke skoger, og bra var kanskje det. Det var om å gjøre å ha den fineste eggsamlinga med flest egg og selvsagt de mest sjeldne egga. Selv var jeg ikke spesielt interessert i disse egga, hadde noen få liggende å slenge i ei pappeske og nådde ikke opp mot de ivrigste. Men artig var det å være med når egga skulle sankes. Uten å skryte, så var jeg en kløpper til å klatre i trær. Og derfor ville de eldste guttene ha meg med der fuglene trudde de hadde plassert reira trygt i høge trær med få grener. Når en var kommet opp til reiret så var det om å gjøre å få egga ned på en trygg måte. Da var det to metoder som var brukt. Det kom alt an på om det var mange egg og om det var sjeldne egg. Tilhørte egga trast eller kråke så skulle reiret plyndres. Da tok en alt, og om det var unger i reiret så strauk også de med. Men egga skulle ned heil og da tok en av seg topplua til å fange egga i. Men det var jo en risikosport og ikke sjelden fikk egget et ublidt møte med hardere underlag. Og hadde en ikke rette teknikken den som tok imot hendte det at egga kunne bli knust i lua og da måtte en være barhoda resten av dagen. Var det mer sjeldne arter så tok en et eller to egg i munnen og slik fikk de ned til moder jord. Da måtte en være forsiktig. Det var lite populært om egga gikk sund i kjeften, og rå egg smakte rett og slett grusomt, ja mye verre enn fugleskitten som ofte var på egga.
Beste fugleplassen var nok den frodige ”Elvedalen”. Den ble tråla på kryss og på tvers fra sjøen og helt opp til Skaret. Noen få ganger våga vi oss helt sør i Oreian. Det var i Hansgara rundt Rekdalselva. Der var det mye trast og fritt frem for eggrøving. Egga herifra ble nok mest brukt til å kaste på blink. Ja noen ganger ble det nok også en for stor fristelse å sikte på en av oss ”gårplytå” og da kunne det vel også hende det kunne sprette en tåre eller to.
Min verst opplevelsen som toppklatrer var nok da hegrereiret i Gjelstenlia skulle erobres. Det var et vanskelig tre som i likhet med området rundt var fullt av stinkende hegreskitt. Og hegra var rasende og nærgående. Da var jeg rett og slett redd. Men det skulle en jo ikke vise og et par egg ble berga ned. Da voks selvsagt statusen som mesterklatrer og ikke lite stolt ble jeg jo selv om jeg både var skitten og lukta vondt. Særlig populært å komme hjem slik til mor var det heller ikke.
Når et egg ble vurdert som godt nok for samlinga skulle det tømmes for innmat. Et lite hull i hver ende og så blåste en det tomt. Men noen ganger var egga bredd som vi sa. Det vil si at det hadde blitt fugleunge i egget. Om et egg var bredd var det enkelt å finne ut. Fløt det på vannet så hadde det unge i seg og ble som regel hiva.
Ja det var nok en til tider rå og brutal sport dette. Får håpe at denne gutteleken ikke eksisterer lenger. I dag er det nok helst kyniske profesjonelle eggrøvere som rusker rundt og skal ha egg fra utrydningstrua arter.
Gamleskulen på Rekdal låg på ei tomt under Kristengarden. Kjører vi ut fjorden kjem vi først til bua. Gamlebua på øversida, og nybua på nedste side av vegen. Begge husa står i dag, men butikkdrifta er nedlagt. Rett forbi bua svingar vegen, og der i svingen, kalla Skulesvingen låg skulen på øversida av vegen. Eit lite kvitmala hus med skifertak., rett før vi dag kjem til krysset med kommunevegen (nedstevegen). Området der skulen låg er nå dyrka mark.
Skulen ble bygd i 1886. Om det var noen ombyggingar eller utvidingar under vegs er eg usikker på.
Meiner å huske at bestemor (fødd hausten 1874) fortalte at ho begynte på nyskulen etter at ho først hadde gått på omgangsskule og at det var ei storhende da dei kunne ta skulen i bruk.
Slik eg husker skulen så hadde den eit klasserom (innover/austover). Klasserommet hadde ei forhøgning, eit trinn opp, der læraren satt ved kateteret. Bak læraren hang det kart som ein kunne trekke ned. Spesielt husker eg Palestinakartet frå Jesus tid som var mykje nytta i bibelsogetimane (1. time kvar dag). Vi sat i 4 (eller var det 5 rekker) var vel ca 20 elevar på det meste. Pultane hadde stålfotar med ei kryssfinerplate til skrivebord. I dei eldste var det hol for blekkhus, men i dei nye var dette sløyfa. Vi skreiv litt med penn og blekk i byrjinga kan eg huske, men etter kvart fikk vi fyllepennar. På dei fyrste måtte vi fylle på blekk frå ei flaske, da kunne det bli en del søl. Seinare kom det fyllepennar med blekkpatroner. I gangen stod det ein pult av det gamle slaget, ein tosetar laga av solid tre der bord og stolbenk hang saman. Det var visst ikkje så mange år sidan disse pultane var i bruk. Trygve på Trondgjera fortalte at han sat saman med far min på ein slik pult. Etter kvart kom det og stolar forma etter akterenden til ein eller annan. Stolane kunne ein både både svinge og regulære i høgda, det var svære greier.
Vi hadde panelomnar under vindauga, på dei hang det kar som ein måtte passe på å fylle vatn i slik at lufta ikkje vart for tørr. Men om vinteren måtte ein fyre opp i vedomnen. Det var ein slik etasjeomn som nådde nesten til taket. Og der skal eg seie det ble fyrt. Det hende omnen var raudglødande når vi hadde lurt oss til å putte innpå ekstra med ved. Framfor omnen sto eit brett av stål. Dette skjerma slik at dei næraste ikkje måtte rømme frå varmen. Dei som sat lengst frå omnen syntes visst likevel at det var kaldt. Spesielt på vindfulle dagar når ein ikkje bare hørte, men også kjente vinden på innsida. Vi skal også huske på at ein ikkje alltid satt med tørre og varme klede. Ytterkleda var ikkje som i dag. Skulevegen var for mange lang. Om lag 2,5 km i Dragneset og 2 km i Strupen. Eg hadde berre 1,5 km skuleveg, men når ein skulle passere Sandareset og Dagreset i regn, sludd eller snø og motvinden piska kroppen så var det ikkje fritt for at ein vart våt både her og der. Då var det godt å komme fram og kunne få kjenne den gode varmen frå vedomnen. Anna i Kristengarden (bestemor til Peder og Kjartan) var tidlig oppe og fyrte, og eg kan aldri huske at vi kom til kald skule. Kleda vart hengt til tørk rundt omnen, og når vi skulle på heimveg var dei varme og gode.
På nedsida mot gangen var det som vart kalla kammerset. Dette rommet var lærarrom og hit fikk ikkje vi elevane komme. Lærar Gjelstein var påpasseleg å holde dette rommet låst, men det hendte nå at vi fikk kike inn, ja et par gangar hendte det også at vi fikk lurt oss ein snartur inn i lærarens privatrom. Her skulle det være eit stort lager av svisker og Solo vart det påstått for dette var det beste Gjelsten kunne få, men litt overdrevet var nok dette.
I gangen gikk det ei trapp opp til loftet. Loftet var uinreda og brukt som lagerplass, her var det mykje rart. Ein måtte passe seg når ein skulle dit opp så ein ikkje stonga opp i ein spikar som stakk ned gjennom taket og held skifersteinen på plass.
Toalett og slikt vil vel då noen undrast på. Jau det hadde vi. Ein servant på bakveggen i klasserommet der ein kunne stille vatnet nedover for handvask eller i ein sprut oppover når vi var tørst, eller om vi måtte skylje munnen etter ei skje tran. Kjøleskap var der sjølvsagt ikkje og trana kunne bli noko harsk etter kvart i romtemperatur. Og så var det utedo i motsatt enden av skuleplassen. Eit rom for gutar i eine enden og et rom for jenter (tause eller tausunga som det heite på den tida). Mellom doa var det vedskot. Utedoen hadde enkle uisolerte vegger, var utan straum og der var det sjølvsagt ikkje installert varme eller montert avsug for skitlukt, så det frista lite å kaste bort tid der.
Skuleplassen var inngjerdet med stålnetting. Dekket var grus og gras. I eine enden var det eit par tre. Trur det var ei rogn og ei bjørk.
Men da mi skuletid gikk mot slutten så byrja folk snakke om ny skule. Og etter mykje om og men vart ny skule bygd. Gamleskulen fikk Rekdal Idrettslag ta over. Kammerset vart gjort om til dusjrom og klasserommet vart garderober. Men da nyskulen kom vart det moderne dusj- og garderobeanlegg der nytta til garderobe for fotballspelarane. Så bestemte vegvesenet seg for å rette opp skulesvingen og ville ha bort det gamle skulehuset. Idrettslaget fikk nokre kroner for å rive skulen. Ttømmer og anna vart merka for mulig seinare oppsetting. Huset vart lagra i Bakkeløa. Der gjorde nyttårsorkanen 1. jan 1992 kort prosess med restane av løa og dei over 100 år gamle bygningsdelane av den første skulebygningen på Rekdal forsvann.
Meir om skulelivet inne og ute, lærar og læring får vi komme tilbake til ved seinare høve.
Edmund Melkild
30.01.2015 00:09
Glitrande god lokalhistorie! Verdt å ta vare på!
Tone Astrid Bjerkevoll
Lars Myrås
05.01.2014 00:03
03.11.2013 22:04
Flott !
Nils Olav Talberg
03.11.2013 21:28
Husker godt gamleskulen og klasserommet på Vonheim!,Var i bryllup på Vonheim i 1970,og husker godt mange turer inne i Elvedalen!!! Har vore på kino på Vonheim!!
kari kjellbotn
03.11.2013 12:56
Kjempekjekt å lese onkel :)
Tore Gravdehaug
03.11.2013 11:25
Kjempebra skrevet onkel. Artig å lese
Nyeste kommentarer
25.10 | 16:01
Jeg takker så meget når det blir sendt. Takk takk.
25.10 | 13:26
Sender deg en e-mail. får skrevet så lite her
25.10 | 12:30
Tusen hjertelig takk for hjelpa. Jeg har ikke disse Midsund-bøkene. Vet du noe om når Knut Tronsen og Marit Andersdtr. døde, og hvilke barn de hadde? I såfall hjertelig takk på forhånd.
Hermod
25.10 | 10:52
I følge Midsund I var Knut Tronsen Son til Tron Knutsen og Anne Olsd. Rakvåg. Marit O. datter til Anders Rasmussen og Mari Knutsd. Sør Heggdal.