Mali Olsdatter Marken og slekta hennar.
Ei tragisk hending i 1683 om Mali Olsdatter.
Når ein leiter etter slekta og går bakover til gamle forfedre så kjem ein over mange historier. Nokre av dei og med tragisk utfall. Ein av mine forfedre var Tore (eller Tor) på Marken i Fiksdal, min 7x tippoldefar har eg komme fram til. Etterslekta er stor og eg vil tru at veldig mange som nedstammar frå Vestnes og omliggande kommunar kan føre sine slektsband tilbake til han. Torsgarden på Marken har sitt namn etter denne første Tore, og etterslekta på Torsgarden har blitt kalla Torslekta. Tore hadde ein kjent son, Ola Torsen fødd ca. 1615, som da blir min 6 x tippoldefar. Takka vare manntala i 1660-åra får vi oversikt over mannlege medlemmar i familien. Ola har da heimeverande søner Tor, Rasmus, Knut og Hanibal. Rasmus får garden, Knut kjem til Leirvågen, og om disse to sønene med etterslekt kan vi lese om i bygdebøkene for Vestnes. Tor derimot vet vi ikkje kvar det ble av, men han lever i 1689 då han på hausttinget i Vestnes Otting på garden «Nernachen» (Nakken Fiksdal) blir dømt til å betale 24 lodd sølv for leiarmål. Kanskje klarte han ikkje å betale bota og måtte i fengsel. Han er ikkje å finne i Romsdal ved manntalet 1701.
Hanibal fødd 1665 derimot må høgst sannsynleg vare den Hanibal som kjem til garden Eide i Kleive og har etterslekt der. Ein av sonene var «Hambalj i Stokkåsa» som det går mange segner om, mellom anna skulle han ha tatt av dage folk i eit fantefølge som trengte seg inn hjå Hanibal på Stokkåsa, ein nedlagt fjellgard mellom Kleive og Batnfjord, noko er det nok i desse segna, men som andre segner har nok også denne klabba på seg. Hanibalnamnet skriv seg frå Gjelsten og første Hanibal der, Hanibal Jenssen som dreiv stort innan trelast og var brukar av heile Gjelsten. Hanibal-ane på Kleive og i Batnfjord knyt vi til Marken med at Hanibal Hanibalsen Eide, seinare Stokkåsen var i Leirvågen hjå Knut Marken Leirvåg då han døyper si førstefødde dotter Sigri i 1732. Dette var berre et par månadar etter at han hadde gifta seg med Berthe Olsdatter Ås, slik at også her må dei stå til rette overfor kyrkjelyden og prestens fordømming. Vi kan lett gjere den slutninga at Hanibal tente hjå farbroren Knut i Leirvågen. Denne Knut Marken Lervåg hadde også synda før giftarmålet. I 1680 står han på lista blant dei 6 par i Vestnes som det året har «kommen udi leiermål og derfor udstanden Kirchens Diciplin». (sitat fra bygdeboka)
Dette var sønene til Ola Marken. Som vi ser så er det ofte lovbrot, her mest brot på lova som nekta folk å ligge med kvarandre før ekteskap som gir oss nyttige opplysningar om folket som levde her før kyrkjeboktid. Manntal og militærrullar gir gode opplysningar om gutar og menn, men lite om dei kvinnene som styrte og stelte rundt om på gardane. At Ola Marken hadde døtrer finn vi ut takka vare at dei har hamna i kjeldene på grunn av «utukt» som førte til rettssaker og til at dei hamna i regnskapsprotokollar. Rekneskap var viktig for at konge og fut skulle få sitt og for at dei som tok seg av oppbevaring og behandling av fangar skulle få til levebrødet. Disse innføringane finn vi helst i Arkivverkets oppbevarte Sikt og Sakefallslister. Det er her vi møter Gjertrud Olsdatter Marken og Mali Olsdatter Marken som vi har god grunn til å tru er søstrer til gutane nemnde ovanfor.
Som vi skjønar var det nok ein del villstyringar i denne familien.
Gjertrud finn vi sikt og sakesfallslistene i 1682 da ho har blitt saka i leiarmål med ein sunnmørsoldat. Ja romantikken blomstra over fogderigrensa også på den tida. Men kom dei for nært kvarandre kunne det gå galt og kosta dyrt. Her fekk Gjertrud 6 riksdalar i bot som loven sa, visstnok omtrent ei årsløn for ei tenestejente. Om ein ikkje kunne betale bota så vart det pisking og fengsel. I tillegg måtte ho stå til rettes og skrifte framfor kyrkjelyden og bli gjort til skam. Korleis det til slutt gjekk med Gjertrud veit vi ikkje. Men vi veit korleis det gjekk med søstera, stakkars Mali. Nokre få innførsle i protokollane fortel om hennar skjebne.
I arkivlistene dukkar det opp nokre opplysningar frå året 1683 om denne jenta. «Mali Olsd. Marchen» er fange hos lensmann Lars Larsen Kristiseter. Ei bevart kvittering frå lensmannen av 22/12 1683 viser at han har fått kostpengar for å ha Mali i bevaring fordi ho «… haver begået mord på hendes foster». Denne anklagen fører sjølvsagt til hard straff. Og ei anna kvittering same år frå skarprettaren viser korleis det gjekk, ho vart brutalt halshogd. «og eg slog hendes hoved på en stage». Det er Olav Rekdal, bygdebokforfattaren som har funne fram til disse notata i arkivet. Dette var jo en forferdeleg tragedie og «Dette hendet har gått heilt ut av folkeminnet» skriv han i bygdeboka. Ja det er vel eigentleg ikkje så rart, dette gjekk nok hard inn på både slekt og sambygdingar og var neppe noko som ein snakka om og førte vidare til etterslekt. Nei denne fæle hendinga tok dei nok helst med seg i grava.
Kva var det da denne stakkars jenta hadde gjort. Var det et brutalt mord på eit spedbarn, eller var det et dødt eller nesten dødt foster ho hadde fødd alene i redsel for å bli oppdaga. Eit referat frå rettssaka på Helland Tingstue 8. oktober hadde nok sagt meir om dette, men det ser ikkje ut som om rettsprotokoller for Romsdal går lenger tilbake enn til 1688.
Kan vi så i det heile tatt tenke oss den desperate situasjonen Mali følte ho hadde komme opp i? Ho visste at om hennar leiarmål vart oppdaga så vente kyrkjestraff med framstilling i kyrkja, med hån og fornedring, samt rettssak der ho ville få ei bot ho ikkje kunne betale, for så å bli piska og kanskje forvist. Mange straffedømte kvinner vart sendt til Finnmark til hardt straffarbeid på fiskeleiane der. Søstera hadde blitt straffa året før og nå sto Mali framfor det same. Faren Ola hadde nok heller ikkje noko å hjelpe til med. I 1660 står han på ei liste mellom dei 20 «ganske øde forarmede som ingen skatt i år har givet». Kanskje armoda hadde blitt noko mindre i åra framover, men ein må vel tru at det var heller lite til å betale bøtene som fylgde av barnas lettlivnad eit par tiår seinare. Djupt fortvilt og desperat etter å skjule synda har ho så kanskje som det står skrevet «sit foster udj dølssmål fødde og ombragte» (I det skjulte tatt livet av). Vi må regne med at jenta nærmast var forsvarslaus ved rettssaka og vart neppe trudd om ho hadde ei anna forklaring enn kva øvrigheita hadde gjort seg opp si meining om. Medisinsk hjelp var ikkje eksisterande, og dermed ingen til å stille ein diagnose om jenta sin sinnstilstand. Her rådde den råe makta til menn i det øvre sjikt av samfunnet. Det var ein overrett som ein kunne anke til, i Romsdal var dette Trondheim Lagting (Overretten i Trondheim). Men her ser det ikkje ut til at saken har vært behandla av overretten.
I følgje kvitteringa som lensmann Lars Larsen Kristiseter underskrev så skjedde udåden 10. september 1683. Mali blir henta og satt i arrest og 8. oktober er det rettssak i «Hælleland Tingstue» i Vestnes Otting. Mali blir dømt til å miste sitt liv og ble deretter henretta. Dato for henrettelsen er 16. november og skarprettaren får oppgjer for arbeidet i november viser kvitteringa. Han skriv då under med «Mester B I» og det ser ut til at skrivekaren har tilføyd «baard» Dette var nok skarprettaren i Trondheim Baard Jacobsen som hadde tatt turen til Vestnes. Baard Jacobsen var bøddel fram til 1719. Bokstaven I vart brukt både for I og J. Bård fekk 5 riksdalar som betaling og han levde nok godt av yrket sitt. Ein skarprettar vart kalla Mester.
Lensmann Kristiseter får betaling etter kor mange dagar han har Mali i arrest. Til saman blir det knapt 5 riksdalar, og vi ser det stemmer med datoane at det går 9 veker og 5 dagar frå han hentar jenta og til ho blir halshogd.
Ei slik avretting skulle vare til skrekk og gru og vi må anta at det var ein offentleg henrettelse der folk samla seg for å sjå på hendinga, for mange var det nok også god underhaldning. Avrettingsdagen 18. november i 1683 var ein søndag. Må tru om ikkje kyrkjelyden samla seg etter gudstenesta for å sjå på at stakkars Mali vart halshogd . Tradisjonelt har det vore slik at dømte av allmugen ble henretta med øks, mens adelege fekk privilegiet å bli henretta med sverd. (Kilde Lokalhistoriewiki.) Så vart nok kroppen gravd ned utanfor kyrkjegarden ein plass, slik var det. Og slik endar soga om Mali Olsdatter Marken.
Dei fire meldingane om Mali er omtrent slik, med god tydehjelp av Leif Erik Nilsen og Roy Istad-
1. Bilde:
D. 8 October paa Hælleland Tingstue Malli Olsdatter Marchen, som formeedelst hun sit foster udj dølßmaal fødde og ombragte, blef tildømbt at miste sit lif, hvor effter hun og er vorden henrettit, og som hun aldeelis ingen midler haver sig effterlat, haver ieg paa hans Mats bekostning motte betalle hendis underholdning medens hun Sad fangen, saa og for aa lade hende Rætte.
2. bilde:
Dend 8 October Paa Helleland Tingstufue, Malli Olßdatter Marchen som formedelst hon sit foster hafde udj dølßmaal fød och Ombragt, bleff tildømbt at Miste Sit Liff, hvor och effter hon Sidden Er vorden henRætted, befantis Icke det Ringeste sig at hafue Effterlat.
3. bilde, kvittering underskrevet av lensmann Lars Larsen Kristiseter.
Efftersom ieg haver hafft udi forvaring hos mig, een fange ved nafn Mali Olsdatter Marchen, som haver begaaet Mord paa hendis foster d: 10 Sept: huilchen ieg straxen effter foegdens befalling haver antastet og hos mig udi forvaring beholdet, ind til hun hendis dom, og der paa følgende Execution lide nest afuigte d: 16 Novembr: som er 9 ugger og 5 dage, huor for ieg af Kongl: Ma:s foeget Sr: Morten Schultz har annammet Kostpenge, ugentlig En half Rixdaller, er til sammen 4 Rd 3 ort 8 s som her med tilbørlig for quiteris. Datum Flouigsholm d: 22 December 1683, Lars Larsens Bumerke.
Att saaledis Richtig befindis och udi Sandhed Testeres H. Hanssen Ørbech.
4. bilde.
Haver Kongl. Ma:ts foeget over Romssdals foegderier Sr: Morten Scultz betalt mig underteignede for it Quindfolk af Vessnæs Otting, Nafnlig Malli Olsdatter Marchen, huilchen ieg Halshog og Slog hendis hoved paa stage, der for haver bemelte Sr: Morten Schultz leveret mig fem Rixdaller siger – 5 Rixdaller, huor fore hermed quiteris. Flovigsholm d: Novembr: 1683. Mester B I baard
Lenke til bilde nr. 1 Stiftamtregnskap nr 73 (1683-1683) 270
Lenke til bilde nr 2 Stiftsamtregnskap nr 73 (1683-1683) 273
Lenke til bilde 3 og 4. Stiftsamtsregnskap nr 74 utgiftsvedlegg 422
I stykket under bilda ser vi slektsforbindelsen tilbake til Tor og sønnen Ola med den uheldige datteren.
Min øyforbindelse til Tor Marken
[1552] Tor Marken fødd ca 1590-død ca 1650
Tor Marken var bureiser på Marken i Fiksdal, vi kan lese om ham i Vestnes II (VII, Fiksdal sogn) side 164). Hvorfor han havna på Marken, og hvor han kom fra er det nok ingen som vet. Slektstradisjonen sier at <<han var ovå Lande>>. Vår store lokalhistoriker Olav Rekdal har funnet ham 22 ganger i kildene, men aldri med farsnavn. To ganger er han skrevet Thor, ellers er det Thore, Thorre og Torre. Men ettertida har Tor, Torsgarden og Torslekta. Første gang Tor er nevnt i kildene er i 1620 da han er skattlagt for første gang. Siste gang han er nevnt er i Kopskattlista 1645. Det blir gjetta at Tor kom til gards med å gifte seg med en datter, eller helst datterdatter til Hanibal Gjelsten. Dette mest basert på at sønnen kaller et av barna for Hanibal. Tor og kona fikk en sønn Ole. Om de hadde flere barn er uvisst.
[776] Ole Torsen Marken f ca 1615-død ca 1686.
Ole (også skrevet Oluf, Olluff, Olle) er nevnt som soldat på Knekteskattlista i 1644. I 1646 har han tatt over garden og er skrevet som Oluf Thorsøn i Marken. Navnet på kona får vi heller ikke her vite. Ho kunne være ei Rasmusdatter da de har en sønn kalla Rasmus som er nest eldst av deres kjente barn. Det er denne Rasmus vi skal følge senere. Barna til Ole er nevnt ved manntalla 1664-1666.
1. Thor f ca 1656. Det vi vet om han er at han blir dømt til å betale 24 lodd sølv etter å ha blitt dømt for leiermål (samleie uten å vær gift) i 1689. 2. [388]Rasmus se nedenfor. 3. Knut f. ca 1661 kom til Lervågen (VIII, Tomrefjordsboka s. 41) Han også er dømt for leiermål i følge rettsdokument. 4. Hanibal f. ca 1665 (se Hanibaler) kommer til garden Eide i Kleive Sogn. (nå Molde Kommune). Gjennom rettsprotokoller og usømelig adferd får vi vite at Ole Torsen også hadde (minst) to døtre. Gjertrud Olsd. Marken er dømt for leiermål med en ”Søndmør-Soldat”. Men verre gikk det med søsteren: ” …Mali Olsd Marchen, som have begået mord på hendes foster ”. Mali ble dømt til døden for å ha tatt livet av barnet sitt, ble halshog og hodet ble satt på en stake til skrekk og advarsel. I følge O.Rekdal så finnes det en kvittering fra skarpretteren (bøddelen) for at halshuggingen er gjort.
[388] Rasmus Olsen Marken fødd ca 1659. død ca 1737. (VII side 166).
Rasmus tok over Marken ca 1687. Og her får vi også vite navnet på kona som heter Ingeborg Knutsdatter Tomren fra Aretgarden Tomrefjord (VIII s. 634). Rasmus og Ingeborg har 7 barn som vokser opp. 1. Gjertrud (er det den stakkars halshugde tante som blir oppkalla?) fødd ca 1696 blir gift til Bårdsnes, Tomrefjord (VIII s. 359). 2. Halda f. ca 1703 gift til Trondgarden Lid Tomrefjord (VIII s. 440). 3. Anne f. ca 1701, får en sønn Mads med Hanibal Madsen Nakken i 1727. Anne blir senere gift til Olausgarden, Vesle-Frostad i Tomrefjord (VIII s 741). 4. Hanibal fødd ca 1703 blir vi også kjent med gjennom tingprotokollene, da Tautremennene i 1722 anklager ham for å ha tent på en av Tautreholmene. 5. Ingeborg f. ca 1706 ble 1746 gift med Peder Sjursen Vike Indre (Vikebukt). 6. Ola f. ca 1708 tar over Torsgarden (VII s 168). Ola er først gift, 1737, med Inger Johansdtr Frostad som han ikke har opplevende barn med. Inger dør på barnseng og Ola gifter seg på nytt med Synnøve Pedersdtr Vike Indre. Det er hennes far Peder Sjursen (se ovenfor) som gifter seg med Oles søster Ingeborg. Her blir altså tette band til Vikebukt ser vi. 7. Rasmus f. ca 1710 er yngst i søskenflokken på Marken. Også han havner i Tomrefjord og som vi skal følge etterslekta til via Tomrefjord, Otrøya, tilbake over fjorden og ut i den vide verda.
[194] Rasmus Rasmussen Marken Løvoll, f ca. 1710- død 1786.
Rasmus giftet seg i 1740 med Anne Jacobsdatter fra Trondgarden Lid. Ho var datter til Jacob Rasmussen Lid som bygdeboka tror kom fra Krogseter Vatne. Om det er riktig så kan vi her føre slekta tilbake til Rasmus Krog som vi kan lese om i Vatne II side 158, han skulle være av ”den kjende Krog-familien på Vatne”. Jacob dør tidlig og mor til Anne gifta seg på nytt med Halda, bror til Rasmus (se ovenfor). Slik ble altså Anne gift med bror til sin stefar.
Rasmus og Anne hadde vært litt for tidlig ute med intimt samvær og justisprotokollen forteller at Rasmus hadde ”…for tidlig leiermaal med sin kone Anna Jacobsd, bøter 3 rdl 1 ort og 12 skl”. At de i mellomtiden hadde blitt gift var ikke nok til å slippe straff.
Bryllupet var 4. juledag 1740. Kirkeboka har under giftermål denne dag: ”Rasmus Rasmusen Torsgaard med N: Jacobsdatter.” Bryllupet ble feira på Torsgarden, det får vi vite takket være at det under bryllupet ble en del ordkløveri som havna i retten og som det er referert fra i tingprotokollen i 1741 og 1742. Sak: ”Amund Lie stemt Lars Langstein for Skieldsmaal”. Skieldsmål i denne sak skulle være at Amund skulle ha blitt kalla en tiende tyv og litt mer. Slike ærekrenkende beskyldninger førte den tid ofte til rettsak. Av vitneforklaringene ser vi at det nok hadde blitt sjenka rikelig med drikke og det var helt sikkert et lystig lag framme på Torsgarda denne romjulsnatta. Dette kan en lese mer om i bygdeboka side 167.
Dåpen til barnet som ble unnfanget litt for tidlig har ikke presten ført i kirkeboka. Men vi får navnet på han når han dør i 1753 som Rasmus Rasmusen Fiksdalstrand.”død af Mæslingerne den 26. Juni, 13 aar gammal”
Rasmus og Anne slår seg ned på garden Fiksdalstrand (VII s 147). Der er de fra 1740 og til 1758. Mens de er der døper de 6 barn, men bare 3 av dem blir voksne. Det er [97] Helge Rasmusdatter f. 1744 som vi skal følge videre. Ingeborg f. 1750 som bygdeboka sier er 34 år ved skifte etter mora men ikke nevnt siden. Men vi har funnet henne igjen som gift med Hanibal Pedersen født på nabogarden Fiksdal (VII side 73). De er gift på Molde og havner senere på Ræstad på Otrøya i Midsund kommune (M I side 39). Jacob f. 1753 tar over garden som familen flytter til i 1758. Rasmus bytter gard med Peder Gjerde Løvoll som flytter med familien på Fiksdalstranda.
[97] Helge Rasmusdatter Løvoll Tomren. f 1744 – død 1820 (VIII side 618).
Helge var døpt i Agerø 9. april er det ført i kirkeboka for Veøy. Ho er konfirmert i 1762 og den 15. juni 1777 gifter ho seg med [96]Ivar Jonsen Stor-Tomren, døpt i Vestnes 10. mai 1750 fra Jogarden II. Ivar var bruker i Jogarden og tar over bruket etter sin far[192] Jon Iversen samme året han gifter seg. Helge og Ivar fikk 5 barn.
1. Berit f. 1778 døde ugift i 1809. 2. Rasmus f. 1780 døde i 1801. 3. Anef. 1782, gift medOle Knudsen Frostad overtok i Jogarden etter faren. Deres eneste barn Brit som kom til Andersgjerdet Rekdal og fikk stor etterslekt. 4. Marit f. 1785 ble gift til nabogarden Langstein. Yngste mann [48]Jon Iversen f. 1787 (Øyslekt 2) ble altså vår tipp-tippoldefar som til slutt kom til Rørset på Otrøya etter at han giftet seg i 1812 med [49]Inger Ivarsdatter fra Stor-Engset Skodje.
Jon og Inger fikk sønnen Jon Jonsen som kom til Bjørnerem. De fikk sønnen Jonas som fikk sønnen Jørgen. Jørgen fikk datteren Helga som fødte meg som slik er 11. generasjon etter Tor Marken.
Vi tar også med litt om foreldre til Ivar Jonsen her, da bygdeboka for Tomrefjord side 617 opplagt må være feil.
Vår 4xtippoldefar [192] Jon Ivarson var opprinnelig fra Hauge i Sunnylven. Med foreldre [384] Ivar Ellendsen Hauge og en Torstensdatter som vi ikke har fornavn på. Jon gifter seg med Brit (Brite) Olsdatter Bringa i Sunnylven 29. des. 1740. (Se debatt på DIS-forum).
I følge bygdebok for Tomrefjord ble Jon Ivarson gift med enka i Jogarden Tomrefjord som kom fra Fremstedal. Denne Brit hadde vært gift med en Gregorius Olson. Denne Gregorius vet vi ikke hvor kom fra, men han hadde nok gifta seg til gard i Tomren. Gregorius var hele 71 år da han gifta seg opp att med Brit. Om det var ekteskap med ny sprek kone som tok på eller noe annet er ikke opplyst, men han døde noen få måneder etter ekteskapet. Vi har ikke funnet noe senere ekteskap til denne enka Brit i Tomrefjord og det er temmelig sikkert at det er paret fra Sunnylven som kommer til Tomren Store rundt 1748 og blir de nye brukerne der..
Opphavet til Britt er vanskelig å finne. Ho budde nok på den vesle garden Bringa eller Bringe i Geirangerfjorden da ho giftet seg i 1740. Men det er tvilsomt om ho vaks opp der. Bringa var en gard som i lange perioder har ligget øde. Bringa er tatt av ras og er husløst i 1717 og "Bringa ligger øyde og huslaust" heter det i 1724. Vi må nok konstatere også her at vi ikke kommer lenger tilbake med slekta. Men vi kan i allefall slå fast at vi har tilknytninga til de små gardene i den prektige Geirangernaturen. Bringa ligger på nordsida av Geirangerfjorden mellom Ørnesvingen og Knivsflå.
Fra Synnylven kom Jon og Brit til Skodje. Der finn vi dem på garden Storsæter. I bygdebok for Skodje har Jon fått etternavn Frøysa. (Skodje 2 side 689) Jon og Brit fikk 4 barn døpt i Skodje. Av disse lever Jon fødd 1744 og Ellef fødd 1748 når de flytter til Tomrefjord, Jon dør i 1751. Så kom altså Ivar fødd i 1750, han gifter seg inn i ”Torslekta” og tar over bruket i Tomren etter faren Jon.
Amund Nakken - en gren av slekta som kom til Midsund.
[6736] Amund Nakken fødd ca 1560- død etter 1631 (V11 side 247)
Amund er omtalt under Hanibal-sidene, der han er lansert som en mulig sønn av Hanibal Gjelsten. Vi kjenner ikke til opphavet til Amund og det bygdeboka skriver om adelslekt må vi karakterisere som synsing. Det vi vet er at de to Amundsønnene på Nakken, [3368] Tomas Amundsønn og Kristen Amundsønn som ser ut til å dele Nakken Nedre mellom seg må være sønner av Amund. Amund var bureiser i Nakkebygda. En Amund er skrevet som husmann og skattlagt under Gjelsten i 1597. Husmannsplassen var nok allerede da på Nakken som blir skilt ut som egen gard og hvor Amund er skrevet som Aamund Kleffsnach i 1603.
[3368] Tomas Amundsen Nakken fødd ca 1590-død etter 1664 (VII side 250)
Thomes Amundsen 75 år er bruker på Nakken Nedre (det som ble ”Knut-Nakkjin”) ved manntallet 1664. Dette året driver han sammen med sønnen Amund Thomesen 30 år, de bruker hver 2 ½ pund. På det andre bruket på Nakken Nedre sitter Christen Amundsen som 80 år gammel husmand. Dette skulle gi sterke indisier om at det er Kristen som er eldst av de to brødrene. Og slik nok en svekkelse av adelsteorien da skikken var at det var eldste sønn som helst skulle kalles opp etter farfaren. Så mye får vi ikke vite om Tomas fra kildene. Kopskatten 1645 har Thommis N, hans hustru. Ved kvegtellingen 1657 er det i følge OR en utrolig stor buskap på Knut-Nakken. 2 hester, 20 kyr, 20 geiter og 20 får. Tomas har altså sønnen Amund viser 1664-manntallet. I følge OR er der også ei datter Ingeborg som ble gift med Hans Haldasen Frostad, Tomrefjord. Og OR gir god og grundig argumentasjon for dette. Blant barna til Ingeborg og Hans Frostad er Halda på Frostad, Knut på Rekdal, Ane i Vestrefjord, Tomas på Gangstad Midøya, Berit på Ellingsetra og Kari på Rekdalsbakken. Altså stor etterslekt med Amund Nakken som første bevisfaste ane. Her følger vi en slektgren etter sønnen,
[1684] Amund Tomassen Nakken fødd ca 1634- død etter 1709 (VII side 252)
Amund er bruker på Nakken etter faren. Han blir gift med [1685]Kristi Haldadatter Øvre-Frostad. Amund sin søster Ingeborg var gift med broren til Kristi, her får vi altså søskenbyte. Gjennom Kristi kan vi da også føre slekta til lensmannslekta på Frostad. Amund får 8 kjente barn. Gjennom skiftet etter Kirsti i 1709 får vi god kunnskap til slektsforholda her. Det samme gjelder et skifte på Nesje i 1740 etter sønnen Ole Amundsen som forteller hvor barna (Oles søsken) bosatte seg. Se også DIS-debatt om dette.
Fra bygdeboka tar vi med barna til Amund og Kristi:
1. Tomas Amundsen gift med Anne Olsdatter Tenfjord av lensmannslekta der. Fristende å bruke Olav Rekdal sin vanlige argumentasjon om at de brukte å gifte seg inn i slekta igjen når de forbudte led var forbi. I dette tilfelle da teorien om at Amundnavnet kom fra Tenfjord. 2. [842] Halda som tok over bruket og som vi følger nedenfor. 3. Gjertrud gift med Lars Einarsen Langset, Vestrefjord som også stamma fra lensmannslekta i Tenfjord. 4. Ole til Nord-Nesje (Nesjestranda) som kommer i vanskeligheter, blir vistnok dømt for hor og ”Forbrudt sin boeslot”. 5. Amund gift til Klasgarden Lid. Dattera Kristi Amundsdatter ble gift med Hanibal Orset. 6. Ingeborg ble gift til Sørås. 7. Anne gift til Ellingseter. 8. Rasmus nevnt som krøpling i 1701, siden ukjent skjebne.
I 1680 betaler Amund Nakken tiend som ”styrmand til haffs”. Så havet og fiske var nok også her ei viktig tilleggsnæring. Båten førte dem rundt omkring og slik ble det tette slektsband mellom øyene og fastlandet.
[842] Halda Amundsen Nakken fødd ca 1666- død 1739 (VII side 254)
Halda tar over på Nakken ca 1704 etter faren. Men før det så er han i 1698 i følge bygdeboka dømt for leiermål i 1698 med Marit Knutsdatter Øvre Nakken. Ho får 12 lodd sølv i bot men det er ikke nevnt noe om Halda sin straff. Hvor denne Marit Knudsdatter kom fra vet vi ikke. Helst så tjente ho i Nakkebakken hos Mads Eriksen og Ingeborg Hanibalsdatter.
Så ca. 1709 gifter Halda seg med Mali Jacobsdatter Vik. (VIII s. 259). Halda og Mali får 8 barn som vi kjenner til. 1. Kristi f 1710 har bygdeboka litt misvisende opplysninger om. Der sies det at ho i 1729 blir gift med Ole Larsen Fjørtoft og videre sies det at ho uten at mannen er ført død så er ”same Kristi i 1729 trolovet og i 30 copl. med Lars Jetmundsen Fiksdal”. Dette er nok feil. I følge en slektsbok jeg har fått tilsendt utdrag fra ”Her levde dei”, av Astrid Fjørtoft Godø så viser det seg at Ole og Kristi holder sammen og får mange barn. De budde på Nøre-Fjørtoft. I denne boka sies det at Kristi som kom på Fjørtofta var resultatet av leiermålet i 1698. Og at det altså er en yngre Kristi (halvsøster) f. ca. 1710 som ble gift Fiksdal. Barna til Halda og Mali var: 2. [421] Sigrid som vi skal følge videre. 3. Jacob død ugift. 4. Anna får garden etter Jacob. 5. Mali gift med Lars Søholt Ørskog. 6. Ingeborg dør ugift ”havde været sammenkrypen i 16 aar..”. 7. Ragnhild trolig død ung. 8. Halda, ved ”Hellandskiftet” i 1796 skreven ”Haldo Enstad på Søndmør- spørs om det ikkje skal vere Enset”. Det viser seg at det skal være Erstad i Skodje hvor Halda Haldason kom til. Dette kan vi lese om i bygdebok for Skodje 2, side 780. (Boka er skanna hos Nasjonalbiblioteket på nett).
[421] Sigri Haldadatter Nakken Nedre-Frostad fødd ca 1718- død 1788 (VIII side 760)
Sigrid (Siri og Sigri blir brukt om hverandre, folk sa nok helst Siri men prestene førte likevel inn Sigri) ble gift med [420] Iver Jonsen Nedre-Frostad i Tomrefjord. Sigrid og Iver blir de første brukerne på det som senere har blitt kalla bruk nr. 2 Vossagarden. Iver tok over halve bruket som faren Jon Steinersen dreiv. Gjennom denne Jon Steinersen kan vi føre slekta til Eik i Vestrefjord. (Vatne II side 622). Bygdebok for Vatne er sparsom med opplysninger om denne ”Jon den yngre”, men han ble altså Tomrefjording. Sigrid og Iver ble foreldre til 7 barn. 1. [210] Jon fødd 1738 som vi følger videre . 2. Halda f. 1740 utkommendert til København i følge skifte etter faren. 3. Ane f. 1743 ble husmannskone på Gjelsten. 4. Amund f. 1749 fikk garden. 6. Inger f. oktober 1754, gift med Peder Holen i Aukra. 7. Berit f. 1762, nevnt 1781 i skifte ellers ukjent lagnad.
[210] Jon Iversen Nedre-Frostad Magerøy, f. ca 1738 – d. 1797. (VIII s. 760-Midsund III s. 49)
Vi har ikke funnet dåpen til Jon, enten har presten glemt ham eller så er han døpt i Aukra som ikke har kirkebøker så langt bak. Vi finner ham konfirmert i Vestnes i 1757, og det var jo ikke så helt uvanlig at en ble konfirmert i 20-års alder. Jon gifter seg 24. mai 1772 med Siri Pedersdatter fra nabogarden Øvre-Frostad (VIII s. 808) Far til Siri, Peder Pedersen har så langt ukjent opphav. Jon og Siri kommer bort fra oss skriver bygdeboka. Men takket være bygdebok for Midsund så kan vi finne paret der på Magerøy. Grunnen til at Jon og Siri havna på Magerøya finn vi også fra Midsundboka. Broren Peder Pedersen jr. i Jogarden Øvre-Frostad som heller ikke bygdeboka (VIII) vet hvor ble av hadde nemlig blitt bruker på Magerøya. Mor til Siri og Peder i Jogarda hadde som enke giftet seg med Lars Rasmusen på Magerøy. Denne mora hette Siri Olsdatter og Tomrefjordsboka sier ho var fra Gjerde Tomrefjord. Mest trolig var ho fra Øverås (Se DIS-debatt). Peder Pedersen jr. tar så over bruket ”På Næsa” Magerøy og mora og stefaren kommer nok på kår. Men Peder dør i 1771 og da ser det ut til at Siri henter dattera Siri, (det går lett i surr med navn her) og Siri og Jon tar over etter bror og svigerbror.
Og slik kom altså denne grena av Amundslekt fra Nakken i Fiksdal til Midsund.
Jon og Siri hadde bare en datter, som også får navnet Sigri/Siri.
[105/119] Sigri Jonsdatter f ca 1777- d. 1850 (Midsund III side 49)
Sigri ble gift med [104/118] Peder Hanibalsen Orset. De er ført trolovet 16. juli 1796 og allerede dagen etter den 17. juli er det bryllup i Aukra Kirke. Peder var av Hanibalslekt på Orset, med røtter tilbake til Gjelsten. Peder og Sigri tar nok over på Magerøy omtrent når hennes far dør i 1797 og de har bruket til sønnen Hanibal tar over i 1825. Da kom Sigri og Peder på kår. Kaarenke Siri Johnsd. Magerøe dør 20. august 1850 med oppgitt alder 73 år. Mannen Peder døde 27. november 1837 også med oppgitt alder 73 år.
Sigri og Peder får 4 barn som alle blir bosatt i dagens Midsund kommune.
[52]Hanibal Pedersen f. 1797 blir neste bruker ”På Næsa”
Jon Pedersen fødd 1789 kom til Akselvoll, han var gift med Kathrine Knudsdatter Høgset.
[59] Johanne Pedersdatter fødd 1802 kom til Hagset, gift med Nils Einarsen med aner til Gjelsten.
Anne Pedersdatter fødd 1805,ble gift i 1857 med Ingebrigt Pedersen Orvik, ikke barn. De kom til Blø og senere til Vølen under Bjørnerem.
[52] Hanibal Pedersen får sønnen [26] Nils Hanibalsen som får datteren [13] Helge Nilsdatter som får sønnen [6] Jørgen Jonassen Bjørnerem fødd 1888.
[59] Johanne Pedersdatter Magerøy Hagset får datteren [29] Anne Kristine Nilsdatter Hagset Klauset som får sønnen [14] Hans Andreas Larssen som får datteren [7] Beretanna Hansdatter Klauset Bjørnerem.
Mine besteforeldre Jørgen og Beretanna blir slik 4-menninger og vi får ”anesammenfall” slik at 105 og 119 blir samme person. Det samme med 104 og 118. Men i nummereringen bruker jeg bare laveste nr for tidligere aner.
Hanibal og Johanne er omtalt under Øyslekt II.
åse ulvestad simonnes
kjenner noen til helge og knut klauset som bodde på rekdalsbakken.de hadde en datter ragna kristine som ble gift skarset.ragna født 1879
Helge
Hei Åse. Helge og Knut er omtalt i bygdebok for Fiksdal. Knut Larsen var fra Holmem/Veøy Pr.gj. og Helge f. var fra Sør-Klauset. Send meg en e-post så kan jeg svare mer utfyllende.