Tilsvar til innlegg i Bygdebladet om Kyststamvegen E39.

Møreaksen. Tilsvar til innlegg i Bygdebladet 16.11.18. «Kortere og billigere stamveg E39».

«En kjenning har foretatt…» . Jau då det er mykje ein kan foreta seg. Men det aller første er kanskje å finne mål og meining med eit tiltak. Det vi snakkar om er KYSTstamvegen. Det er riktig at eit delmål med den og er å frakte folk frå Grodås til Lønset. Men hovudformålet er regionsbygging og å knyte kysten tettare saman. Bygge veg der mesteparten av folket bur og slik skape eit felles bu- og arbeidsfellesskap som styrker regionen og kan vare ei motvekt til dei store regionssentera. Altså handlar ikkje vegbygging om kortaste og «billigaste» veg mellom to ytterpunkt. (Her kan vi skyte inn at bløffen om at Romsdalsaksen er ein snarveg i forhold til Møreaksen som alternativ gjennom fylket for lenge sidan er avslørt. Dessutan at frå Kristiansand til Trondheim vil nok dei fleste køyre E18 og E6). Nei det er det mellom ytterpunkta som er viktig for innbyggarane. Om Hofseth ser på kartet sitt og tenker litt vidare enn strek og kilometer vil han kanskje sjå at frå Volda/Ørsta via Ulsteindistriktet til «Nye Ålesund» og videre til Molde og til Kristiansund er eit belte med eit viktig og variert næringsliv. Eit belte eller ein akse som på kartet i avisa ligg utanom den konstruerte blå «kyststamvegen».

La oss tenke litt videre. Før ein teiknar vegen bør ein kanskje spør brukarane kor dei skal. Skal bilane på Grodås strake vegen til Lønset og vidare nordover? Kor mange har eit ærend i Ålesund sentrum, eller Moa, eller kanskje har dei med ei pakke til Molde-vest. Ja det kan vel hende nokon skal til Midsund eller Aukra og, eller kanskje til ei bedrift i Ulsteinvik før dei dreg vidare nordaust til andre bedriftsbesøk. Ja snakkar vi ikkje i stor grad om den viktige kystnære maritime næringa, om oppdrett og havbruk og synergieffekt av disse. Kva er då hensikta med ein kyststamveg som er lagt i «indre strok»?

Det blir gjort eit stort nummer av vegen langs Brusdalsvatnet. Akkurat som om ein veg sørfrå som endar på Digerneset i stor grad vil avlaste denne. Har «vegplanleggarane» med sine forslag vurdert dette gjennom tilgjengeleg talgrunnlag. Lokaltrafikken som er det heilt dominerande her både som nyttekøyring for bedrifter, køyring til arbeid og til handel vil da framleis nytte Brusdalsvegen? Og ikkje minst, dei som kjem sørfrå og som har eit ærend til Ålesund/Moa eller kanskje skal levere ein hasteforsendelse til Vigra. Dei må faktisk då køyre gjennom den belasta Brusdalen 2 -to- gonger, fram og tilbake.

Uansett vegløysing så må Brusdalen altså ha ei oppdatering. Og det beste her for miljøet er nok å legge den i trafikksikker toløpa tunell langs vatnet. Vi skal huske på at denne innfartsvegen er sterkt ulykkesutsett og må få ei løysing som krev skilde køyrebaner sjølv utan kyststamveg.

I dag er vegbygging i stor grad basert på brukarbetaling. Derfor må ein og sjå på inntektssida når ein planlegg. Kor mykje ein kan bruke på veg beror derfor på trafikkgrunnlaget som og har samanheng med nyttegrunnlaget som i hovudsak er lokal og regional trafikk. Utan stor lokaltrafikk lite bompengar må vite. Ja også mindre framtidig skatteinngang frå bedriftene og dei som arbeider i dei må vurderast i den samanheng. Dessutan så må ein bygge stamvegar for framtida og legge stor vekt på sikkerheit. Da må E39 byggast med to filer i kvar retning med midtskilje, eller i det minste vare planlagt for dette.

Kyststamvegen som går gjennom Hordaland vil sjølvsagt vare til størst nytte for hordalendingar, i langt mindre grad for sunnmøringar og gjennom Møre og Romsdal skal den same vegen ha størst nytte for møringar og romsdalingar, i mindre grad for å skysse trøndere og sogningar snarast mogleg gjennom fylket. Skulle vi ikkje heller få desse kjekke naboane frå sør og nord til å stoppe og bli kjent med næring og natur i det fantastiske fylket vårt.

Hafast – Møreaksen – Halsafjordsambandet er framtida for Møre og Romsdal.

 

17. des, 2017
17. des, 2017

Møreaksen et steg inn i fremtiden uten å rasere nutid og fortid.

Et lite innlegg fra debatt på Facebook som vart godt mottatt i dag.

Noe som forundrer meg er dette med Romsdalsaksens forkjemperes snakk om miljø, naturvern, osv. Dette blir bevisst valgt uten at jeg kan sjå det er annet enn synsing.
Nå kaster også disse frem påstandar som at det å legge en veg gjennom Solnørdalen er «heilt utruleg». Men Veøya sin plass i Norgeshistorien blir helt neglisjert. Denne unike omflødde øya som er en viktig del av vår historie og vår kultur snakkes det ikke om. Jeg vil påstå, og jeg mener det faktisk! At det blir like galt å legge en motorvei inn til Veøya som det ville ha vært å legge en motorvei slik at den berører Nidarosdomen.
Nå må de som er for Møreaksen også begynne å snakke om verdier, natur og miljø. Det er gale-mathias å stenge den tusenårige skipsleia inn Romsdalsfjorden, ødelegge Veøya. Å bygge veger som baserer seg på evig salting er ikke godt for naturen. Den beste vi kan gjøre for naturopplevelser er å også inkludere våre øyer og vårt hav med lett tilgang fra reisende fra nært og fjernt. Vi må ta til motmæle. Møreaksen er det beste alternativet, både for å bevare våre verdier og for å utvikle distriktet vårt.

Meninger om Møreaksen og Romsdalsaksen

Leserbrev til Bygdebladet.

Fjordkryssing

Framtidas trafikantar vil ha Møreaksen

Eg registrerer at Bygdebladet i helgautgaven 6. januar både frå redaktør, journalist og lesarar omtalar kryssing av Romsdalsfjorden. Frå redaktørhald side 2 blir det sagt at ei meiningsmåling frå Norstat gir fleirtal for Romsdalsaksen. Dette har ikkje eg fått med meg, eg les målinga slik at det ikkje er fleirtal for noko av alternativa. Når det gjelder innslag frå Tidens Krav og enkelte på Nordmøre som blir nemnt og som eg tolkar som at Bygdebladet tar til inntekt for at Romsdalsaksen er best, så må det være lov å ha ein kommentar til det. Eg vil våge å påstå at såra etter sjukehusstriden ikkje er lækt og vi kan sjå, spesielt i aviskommentarar på avisenes nettsider at dei same kreftene er i sving. Her skal det være takk for sist og omkamp. Om vi ikkje får sjukehuset så skal vi i alle fall øydelegge for Romsdal og spesielt Molde når det gjelder kryssing av Romsdalsfjorden. Trist, men slik er verkelegheita.

Så var det Kjell Opsal sin artikkel side 22 med feit overskrift over 7 spaltar: «Meiningsmåling gir fleirtal for Romsdalsaksen». Artikkelen meiner eg igjen er sterkt vinkla til fordel for RA. Ja eg vil påstå at dette er å omgå sanninga, vi får håpe folk les meir enn overskrifter og tenkjer sjølv. Det å påstå at 43% er eit fleirtal er vel ikkje å ta dei 57% som i undersøkinga ikkje gjekk inn for Romsdalsaksen på alvor! Eg undrar meg også over at det ikkje blir satt visse spørsmålsteikn ved sjølve målinga. Er det to likeverdige prosjekt ein har satt opp mot kvarandre. Ei ideskisse på fantasistadiet der vi ikkje veit kostnadar eller har vurdert øydeleggingar av kulturskattar som er viktig i nasjonal samanheng m.a. Og kvifor er kanskje den mest interessante delen av denne spørjeundersøkinga ikkje nemnt med eit kløyva ord. Fekk ikkje Opsal med seg at blant den aldersgruppa som vil vare den dominerande brukargruppa når Møreaksen om 10-15 år forhåpentleg står ferdig, 18-30 år, så er det etter Bygdebladets «fleirtalsdefinisjon» ei overvekt til fordel Møreaksen. Var det då ikkje vel så naturleg med ei slik overskrift: «Framtidas trafikantar vil ha Møreaksen». Det er vel dei dette prosjektet er retta mot. Vi som nærmar oss eller har kome i pensjonistalderen og ikkje må ta så mykje hensyn til tidssparing og næringsinteressar er vel nøgd med ferja og ei svele.

Så var det nokre synspunkt på Ragnar E. Bakken sitt innlegg: «Vegvalg og Møreaksen». Det som først og fremst undrar meg er at kulturmannen Ragnar Bakken ikkje nemner Veøya som eit argument i debatten. Eg viser her til Brit Solli, professor i arkeologi og med doktorgradsavhandling om Veøya i  sitt innlegg i Romsdal Budstikke 5.01. 2017 med følgande konklusjon:  «Veøya representerer et landskap med unike kulturminner av nasjonal verdi fra ulike perioder av vår forhistorie. Disse kulturminnene er dessuten automatisk fredet i henhold til Kulturminneloven av 1978. Å bygge en europavei over denne øya kan ikke karakteriseres som annet enn «helligbrøde»; et overgrep både mot fortidens og fremtidens romsdalinger.»  Heile artikkelen kan ein finn på Romsdal Budstikke sine nettsider. Alle må forstå at her kan ikkje Romsdalaksen ture fram og må gå utanom eller i tunell under Veøya. Vidare kommentarar her skulle vare overflødig, anna enn at denne kulturarven i like stor grad gjeld sunnmøringar og nordmøringar.

Stenging av skipsleia inn Romsdalsfjorden og korleis kystverk og forsvar vil stille seg til dette kan eg heller ikkje sjå er vurdert. Skipsleia som alltid har vore der kan vel ikkje berre fjernast? Her er det nyttetrafikk og her må det sjølvsagt vare trafikk også i framtida. Vi kan berre ikkje fjerne denne trafikkåra vi har hatt i tusen år. Ser også at dei er bekymra på Åndalsnes om framtidig besøk av turistskip.  

Så var det dette «med så mange krokar og omvegar» Dette er ein påstand som har festa seg hjå nokon og som ser ut til å vare vanskeleg å rokke ved. Men stemmer dette da? Endepunkta på kyststamvegen vi her må bruke er avstanden frå Digerneset til Hjelset som både MA og RA skal innom.  Eg har rekna på dette på fleire måtar med nettkart og avstandskalkulatorar og komme til at avstandane blir omtrent like med begge alternativ. Ein annan som har rekna på det er Erling Røshol som i eit lesarinnlegg i Rb.nett laurdag 7. januar har komme fram til det same, slik:  «Målingen viser at avstanden blir 74 km for Romsdalsaksen og 75 km for Møreaksen. De to alternativene er således likeverdige mht veilengde. Derimot blir kjørelengden fra Digernes til Molde (dagens fergekai) 25 km lengre ved å følge Romsdalsaksen enn via Møreaksen; 81 km målt langs Romsdalsaksen og 56 km langs Møreaksen». Kvar er krikane og krokane på denne strekninga?

Eg har også (ikkje strengt vitskapleg) rekna ut at når fjordkryssing og tilkomstvegar har komme på plass så vil ein spare 10 minutt frå Helland i Vestnes til Molde sentrum basert på lengder og antatt fartsgrenser. Ein pendlar tur retur på eit år vil da spare 10 x 2 minutt pr. dag som er 75 timar pr. år som er to arbeidsveker fordel Møreaksen i forhold til Romsdalsaksen. Dette med å bruke den «bratte og farlege» Fannefjordtunellen (om Hjelset utan tunell gir sjølvsagt enda lengre tid). Eg har då ikkje tatt med det ein sparer av tid og frustrasjon haust, vinter og vår med å sleppe 16 km med is, snø, regn, sludd og slaps.

Vi har sett iveren og kampen for å få vegutløysing til Nordøyane for om lag 3000 innbyggere og vi har registrert gleda hjå folk ikkje berre i Haram, men over heile fylket for at dette nå ser ut til å bli ein realitet. Eg stiller meg i rekkja av dei som er glad på vegne av folket på Nordøyane. Skal vi så ikkje rette augo litt nordvestover til Midsund og Aukra. Der er det om lag 5500 innbyggere. Dei to øysamfunna ønsker også fastlandsforbindelse. Og dette kan dei få med Møreaksen altså utan at vi lagar «krikar og krokar». Kartet viser at det ikkje er nokon omveg! Vegen Otrøya - Gossen vil kunne realiserast takka vare massar frå tunellen under Tautra og med at Aukra kommune og næringslivet går inn med betydelege midlar. Framtidig næringsutvikling i Møre og Romsdal trur eg i stor grad vil basere seg på utnytting av havområdet både innan tradisjonelt fiske og havbruk og næringar knytt til disse. Dessutan så er det veldig mykje spanande på gang innan biologisk industri der råstoff frå havet vil vare grunnlaget. Skal dette kunne utnyttast må det skapast eit bufellesskap der ein ikkje er avhengig av ferjer og lang reisetid og der gods enkelt kan fraktast til og frå. Skal vi snu straumen av folk frå dei store regionssentera og få resurssterk ungdom tilbake hit så må ein ha ein infrastruktur som bind saman våre byer og bygder, fjordland og havland.  Også turisme med kombinasjon fjell, fjord, øyer og hav er best tent med Møreaksen. Gjennom ein moderne to løps tunell med minimal helling vil vi frå fjordlandskapet raskt komme oss til havs. Naturopplevinga er ikkje bilturen, men stadane der det er verdt å gjere stopp for å sjå og kjenne våre attraksjonar. Vi må bygge for framtida og vi må bygge etter den standard som er satt, bruer og tunellar som ikkje held denne standard vil aldri bli oppgradert.

Vi viser til Riksvegutgreiinga 2015 1.3

Det er føresett fartsgrense 110 km/t for firefeltsveg og 90 km/t for to-/trefeltsveg. Ferjefri E39 med god standard mellom fjordkryssingane vil føre til stor trafikkvekst. Ut frå dagens grenseverdiar i vegnormalane (N100) vil det vere behov for firefeltsveg frå Kristiansand til nord for Bergen, frå sør for Ålesund til nord for Molde og siste strekninga inn til Klett. Mellom Bergsøya og Orkanger vil det vere behov for tofeltsveg utan midtrekkverk

 Møreaksen er løysinga.

Helge Bjerkevoll. (Legg ved eit bilde av dei forskjellige vegane med avstandar).

 

Innlegget nedenfor var skreve som eit alternativ til et forslag om å krysse Romsdalsfjorden med bru. Møreaksen er vedtatt og strekninga Vik-Julbøen er også behandla og reguleringsplanar godkjent av dei involverte kommuner. Eg meinar fortsatt at om skulle fjorden kryssast med bru så er mitt alternativ det absulutt beste. Både med hensyn til Kyststamveien sitt formål og med hensyn til viktige verneverdier.

Kryssing av Romsdalsfjorden, bro eller tunell.

Kryssing av Romsdalsfjorden med bro og veialternativer. Nei til ødeleggelse av Tautra.

Først noen kommentar til forslag om bro fra Nerås via Tautra og til Nord-Heggdal forslag av Øyvind Granberg i lokalavisene uke 22/16. Se bilde fra Vestnesavisa under.

Her må det være en feil angående lengder som er oppgitt? Den skisserte lengden er ikke 5, 5 km med broer/fyllinger. Nei total lengde med fjordkryssing etter dette alternativet blir 10 km medregnet 3 km veg over Tautra. Altså 7 km med broer og litt fyllinger. Dette målt med kartverkets «NORGESKART» sin løsning.

Så har vi andre innvendinger. En slik løsning vil stenge hele Romsdalsfjordbassenget omtrent på det bredeste. Selv om broene sikkert er tenkt med løsninger som slipper større båter under, så må da dette bli en stor ulempe for skipstrafikken på begge sider av Tautra.

Jeg minnes guttedagene da vi rodde til Tautreholmene for å fiske, noen ganger gikk vi også i land. Det en husker spesielt fra disse turene var det fantastiske fuglelivet. Det andre jeg husket var at vi skulle være stille så ikke tautringene kom og jaget oss. De var redd for øya si og den sårbare faunaen og dyrelivet. Tautra i Romsdalsfjorden er en unik perle som med fastlandsforbindelse vil bli ødelagt. Løholmen/Furholmen (feilskreve Futholmen på sjøkart?) som er den største av holmene og dermed også den mest verdifulle vil bli rasert om en sterk trafikkert vei skulle komme dit, det skjønner alle. Fluene som skal brukes til forankringsplass til broforankringene vil også bli ødelagt. De har nok også sin spesielle vegetasjon og dyreliv. Hva vil skje med disse som i hundrevis av år har vært fiskeplass for lokalbefolkningen og for fuglene som hekker på Tautra og holmene.

Kan det komme smågnagere, mink og rev og andre skadedyr som er til stor skade for livet på øya om den blir landfast, det bør en også tenke på. Dessuten så er jo holmene og en stor del av selve Tautra vernet som naturreservat!

 https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/md/vedlegg/naturmangfold/verneplan_hekkende_sjofugl_mr/kart/tautra_vest.pdf

 Selv om ingen bor fast på Tautra i dag så er her jo eiere som bruker øya til rekreasjon og som ser den store verdien øya og holmene har. Vil de gi fra seg denne unike perlen uten motstand? Tautringene har alltid vernet om øya si og holmene. De passet på og holdt oppsyn med livet der ute. Så langt tilbake som 1722 kan vi i tingprotokollen lese om sinte tautringer som har stevnet «Rasmus Torsgardens sønn, Hanibald» for retten (Hanibal var fra Marken Fiksdal), da han hadde gjort opp ild på en av Tautreholmene. Da vart straffa 1 riksdaler til tautremennene og 2 ort til de fattige. Vi må nok regne med andre erstatningssummer i dag, om en i det hele tatt kan erstatte umistelig fauna med penger.

Det har også blitt en betydelig turisme med hytteutleie der det er satset på fisketurisme rundt Tautra, både i Midsund og Vestnes. Også dette er jeg redd vil få seg en knekk om en gjør Tautra landfast. Å sammenligne en fjordkryssing over brede Romsdalsfjord med en berg og dalbane-svingende Atlanterhavsveien som turistmagnet er nytteløst, kan ikke sammenlignes.  

Det fjordkryssingen av Romsdalsfjorden først og fremst handler om er å knytte sammen regionene, og da spesielt langs en akse Ålesund-Molde-Kristiansund. Dette til en felles arbeids- og boenhet. I tillegg er altså dette en del av kystveien langs hele Vestlandet og nordover til Trondheim. Finnes det da noe alternativ til tunnel under Tautra eller broer om Tautra. Sekkfast kan vi glemme.

Ja det finnes faktisk et alternativ. Nemlig det geniale å krysse Romsdalsfjorden med bro der den er smalest, som en også må tro er det rimeligste. Og ser vi da på kartet så er det naturlige krysningspunktet mellom Rekdal og Klauset på Otrøya. Her er fjorden ca. 2,5 km brei. Å krysse fjorden her kan ikke være noe problem med dagens teknologi. Et alternativet kan være en flytebro som på midten blir løftet opp ved hjelp av flyterigger, burde være velkjent offshoreteknologi. Et annet alternativ er kombinasjon av flytebro og nedsenket tunnell. Her er det omtrent bare fantasien som setter begrensninger på utseende og teknologiske løsninger.

http://e24.no/bil/superbro-over-norges-dypeste-fjord-skal-taale-en-skipskollisjon/22941925

 

http://www.tu.no/artikler/slik-kan-en-rorbru-over-rovdefjorden-bli/275878

 

Hva så med veger som skal knytte dette sammen. Alle forslag her må bli grovskisser.

Beste og korteste alternativet er nok en trase som omtrent følger nåværende vei fra Digerneset til Vatne med ny vei gjennom Vatne og en 1,5 km tunnel fra Nybøen i Vatnefjorden til Vestrefjord og en 250 m bro over Vestrefjorden. Videre til Rekdal. Fra Klauset til Nautneset i Julsundet med tunnel fra N-Heggdal til Solholmen. Avstanden fra Digerneset i Skodje til Nautneset i Midsund vil da bli ca. 41 km. (Venstre alternativ på bildet).

Et annet alternativ er ny vei fra Solnør over til Skodje og med tunnel ca 1,5 km over til Vatnedalen/Nakkedalen. Dette alternativet fra Digernes til Nautneset blir ca. 48 km. (Midtre alternativ på bildet)

Begge disse alternativ vil gi en kortere veg mellom Molde og Ålesund enn de alternativ som går via Tautra. (Høyre alt. på bildet).

Nå vil selvsagt folk i den i østlige del av Vestnes og gjerne i ytre del av Rauma steile over et slikt forslag. Men Møreaksen er dessverre ikke en del av lokaltrafikken Vestnes-Molde. Men som tilkomstvei til broforbindelsen må det bygges ny veg fra Vik til Fiksdal. Vegen gjennom tettbybyggelsen i Tomrefjord med hovedvei gjennom industriområdet til Vard er vel for lengst gått ut på dato også med dagens trafikk. Her bør det da bygges en ca. 1 km lang bro fra Bårdsneset til Fiksdalstranda. Vi kan vel tenke oss at en fra Brattvåg som skal til et møte i Molde vil glede seg av å sette seg i bilen og kjøre kun 6 mil og så er han framme. Mannen fra Helland, Vestnes derimot vil ergre seg over å måtte kjøre 5 mil til samme møtet. Vi snakker om vaner, og vestnesmannen vil nok ta hurtigbåt og drosje/buss. For en hurtigbåtforbindelse mellom Vestnes (eventuelt Vike) og Molde regner jeg med at det er trafikkgrunnlag for å opprettholde også om det kommer bro.

Holder vi oss til sammenligningen med forslaget til broer via Tautra så vil hele mitt forslag med broer og tunneler inkludert i tilkomstveier være kortere.

Alt i alt så påstår jeg at mitt forslag er mye bedre enn bro over - eller tunell under Tautra. Kan ikke se annet enn at det eneste alternativet med fjordkryssing over Romsdalsfjorden om en ikke skal gå under havbunnen må bli en bro over Romsdalsfjorden/Midfjorden der fjorden er på det smaleste.  Så spørs det da om de tunnelredde får gjennomslag for en slik ide. 

Forslag til kryssing av Romsdalsfjorden med broer via Tautra. Bilde fra Vestnesavisa.

Forslag til kryssing av Romsdalsfjorden med broer via Tautra. Bilde fra Vestnesavisa.

Vakre Tautra, en unik perle i Romsdalsfjorden

Vakre Tautra, en unik perle i Romsdalsfjorden

Her fra Rekdal og over til Klauset på Otrøya bør Romsdalsfjorden krysses.

Her fra Rekdal og over til Klauset på Otrøya bør Romsdalsfjorden krysses.

.....................................

Nyeste kommentarer

25.10 | 16:01

Jeg takker så meget når det blir sendt. Takk takk.

25.10 | 13:26

Sender deg en e-mail. får skrevet så lite her

25.10 | 12:30

Tusen hjertelig takk for hjelpa. Jeg har ikke disse Midsund-bøkene. Vet du noe om når Knut Tronsen og Marit Andersdtr. døde, og hvilke barn de hadde? I såfall hjertelig takk på forhånd.
Hermod

25.10 | 10:52

I følge Midsund I var Knut Tronsen Son til Tron Knutsen og Anne Olsd. Rakvåg. Marit O. datter til Anders Rasmussen og Mari Knutsd. Sør Heggdal.

Del denne siden