Fredag 7. september 2016. Magerøy og Hanibal.
Første oktoberveka er ferdig. Det går mot seinhaust og vinter og det kan være ei god tid for hobbyen slektsgransking. 6. august skreiv eg litt om besøk på Midøya og Magerøya der morfar Jørgen Bjørnerem hadde sine røter. Eg skreiv eit stykke om dette besøket på slektssida «Øyslekt». Etter eit nytt besøk i det fagre øyriket har eg retta litt på dette stykket, da det kom fram meir og betre informasjon om historia til gardane på Magerøya som vi har slektsband til. Den eine garden «vår» der ute er «Hamballgarden» etter tipptipp-oldefar Hanibal Pedersen Magerøy. Vi veit utifrå det eg før har skrevet at namnet stammer frå Gjelsten der den første Hanibal her i distriktet dreiv med trelasthandel på begynnelsen av 1600-talet. Historia forandrer seg med meir kunnskap som flyt til. 30. desember 2015 skreiv eg om ei bok der eit kart over distriktet er avbilda og som eg kopierte til sida mi. I boka er «Hanibals hoeck» oversatt til Hannibalsbukta. Olav Rekdal i bygdeboka skriv følgande: Vi har eit gamalt kart over kysten her som Hollendarane laga seg. Det står innskrive «Hannibal Bay» for Gjelstenbukta». Om det er same hollenderkart Rekdal refererer til veit eg ikkje, men i så fall har han fått namnet feil gjengjeve. Det eg har gjort er å sjå litt på dette «HOECK» og kva det kan tyde. Ved leiting etter namnet på kart frå Nederland var det ingenting som peika mot bukt.
Eg la ut spørsmål om temaet på Slekt og Data sitt forum. Og der fekk eg svar. Eit anna namn på norskekysten, Fuglenhoeck vart forklart slik:
"... På et hollandsk kart fra 1658 er navnet skrevet Fuglenhoeck.
Det siste leddet i navnet, -huk, er et ord som etter forskernes mening er lånt fra middelnedertysk, og at det også har vært et vanlig ord på hollandsk. Hollandske sjøfolk brukte ordet huk på kart og i reisehåndbøker som nemning for odder og nes (helst bratte) på norskekysten"
Akkurat. Då må det vare Gjelstenneset som Hollendarane ville markere. Og det er lett å forstå. Det lett synlege neset som markerar starten på Tomrefjorden er eit landemerke ein kunne segle etter. Den slakke Gjelstenbukta litt lenger inne derimot er knapt synleg og langt frå noko landemerke. Så når en runda denne Hoeck-en var ein framme hjå Hanibal på Gjelsten som venta med bord og bjelkar som skulle leverast. Og kanskje var det også der på Gjelstenneset i livd for vestavinden at hollendarane låg og lasta om bord i skutene sine. Og liv og røre kan vi tenkje oss. Ei og anna geneverflaska kom nok på land og kanskje var det med litt silke og anna pynt til damene på Gjelsten. Vi kjenner til at det var mange tusen norske jenter som havna i Nederland på denne tida. Kanskje var det også noen som ble med ei skute som var innom Gjelsten. I Amsterdam fekk dei forskjellige skjebner. Kanskje finnes det spor i kjeldene i Nederland etter ei Rekdals-eller Fiksdalsjente som hadde lurt seg med ei hollenderskute. Se lenke her. Forfatteren John Hollen har skrevet om Romsdalinger i Holland på denne tiden. (Se litt her, lenke.)
Dagens bilde er av tippoldefar Nils Hanibalsen Magerøy. Den siste i slekta med namn som viser tilknyting til trelasthandlaren på Gjelsten med det sjeldne, spennande og iaugefallande namnet.
Nyeste kommentarer
Jeg takker så meget når det blir sendt. Takk takk.
Sender deg en e-mail. får skrevet så lite her
Tusen hjertelig takk for hjelpa. Jeg har ikke disse Midsund-bøkene. Vet du noe om når Knut Tronsen og Marit Andersdtr. døde, og hvilke barn de hadde? I såfall hjertelig takk på forhånd.
Hermod
I følge Midsund I var Knut Tronsen Son til Tron Knutsen og Anne Olsd. Rakvåg. Marit O. datter til Anders Rasmussen og Mari Knutsd. Sør Heggdal.