6. desember 2012.
Det nærmar seg jul, vinden bles rundt nova og det er ein passande fin innedag som blant anna kan brukast til å lese Årsskrift for Vestnes Sogelag 2015 som nå har kommet. Har gjort det til ein vane å kommentere årskriftet, så det må eg gjere i år og. Mange spanande artiklar som eg skal kose meg med no i mørketida. Først merka eg meg "Frå Blåfjellforsen til Forselia" av Bernt Gjelsten. Bernt skriv godt og gjev oss ei grundig innføring i namnetradisjonar i område her. Forsen og opphavet til namnet er interessant. Det er nok av germansk og norrøn opphav og etter kvart har gått over til foss. Forseområdet i Rekdalsmarka har fått stor omtale. Her merker vi oss at mye av det eg skriv i forbindelse med opning av Forshuken er ting som Bernt tar opp. Og stokken over utløpet av Forsavatnet kan dykk sjå bilde av i stykket mitt av 19. september 2015.
Signy Haraldsen skriv om Tresfjordfolk på Hjertøya utanfor Molde. Som rekdaling merker eg meg Oline Elisabeth Eriksdatter Rekdal som var gift med Ole Sætre som tok over som skogvoktar på Hjertøya i 1903. Husmannsjenta frå Sanktsvora på Rekdal fikk altså et innholdsrikt liv. Blant bekjentskapet til Ole og Olianna som besøkte Hjertøya er nemnd keisar Wilhelm. Alt bygdeboka, Fiksdal Sogn (side 617) skriv om Olina er at ho kom bort frå Vestnes. Men i årskrivet for sogelaget får vi altså her ein grundig dokumentasjon om korleis det gikk med henne. Oline sine foreldre var Erik Kristensen, skreddar som var frå Helland, Vestnes og Lovise Olsdatter frå naboplassen Røsten på Rekdalsøygarden. Lovise var tante til Elen som kom på Rekdalsanden.
Elles så er her mykje godt stoff som dei med lokalhistorisk interesse må skaffe seg. Då kan du også finne meir om Dramaet på Hotel Væstnes i 1905.
Bildet i dag er eit reiskap far min Petter brukte. Trur det vart brukt til å lage riper med. Andre kan kanskje fortelje korleis det var brukt og kva det heiter, det kan du jo legge inn på denne siden.
Nyeste kommentarer
Jeg takker så meget når det blir sendt. Takk takk.
Sender deg en e-mail. får skrevet så lite her
Tusen hjertelig takk for hjelpa. Jeg har ikke disse Midsund-bøkene. Vet du noe om når Knut Tronsen og Marit Andersdtr. døde, og hvilke barn de hadde? I såfall hjertelig takk på forhånd.
Hermod
I følge Midsund I var Knut Tronsen Son til Tron Knutsen og Anne Olsd. Rakvåg. Marit O. datter til Anders Rasmussen og Mari Knutsd. Sør Heggdal.