16. mai 2015
Litt om slekta og om folketeljing 1891 i dag.
Hele folketeljinga frå 1891 (1. januar) ser nå ut til å ligge ute på nettet i skanna utgåve. Litt tungvint å finne frem er det, men det går no seg til. Kvar person i Norge har fått si eiga side. For en som er hekta på slekta og interessert i livet i gamal tid så er det jo interessant lesestoff, og det kommer jo fram en del trivialiteter. Merk, ord som er understreka her er ei lenke til folketeljing 1891. Og du kan bla i teljinga med å klikke til venstre eller til høyre på bildet. Framover og bakover.
Går vi over fjorden til morsslekta så ser vi at sambuarskap fantes også i 1891. Min oldefar Hans Andreas var frå Krogsgarden på Hagset. Under garden var det også ein husmannsplass som ble kalla Kalvegjerdet. Der budde det ei barnlaus enke som hette Marta Torine som var frå Klauset litt lenger vest på Otrøya. Som tenestetaus hadde Marta Torine tantebarnet sitt Karen Severine Klauset boende hos seg. Men folketeljinga for 1891 viser også at Hans Andreas hadde flytta inn hos dei og er titulert som «Logerende hørende til familien» og driver med fiskeri og snekkerarbeid. Karen Severine får dottera Beret Anna (mormor) litt seinare på året, ho blir min bestemor og ein månad etter fødselen er det bryllaup og slutt på sambuarskapet på Hagset.
Av denne folketeljinga ser vi også at farmor Elisabet på Rekdal har flytta ut av heimen på Olemyrå. Ho har blitt 16 år og er tenestejente på Trondgjerde på Rekdal der ho styrer med gardsarbeid, kreaturstell og husstell. Eller så merker vi at det det ikkje alltid er familiefaren som er forsørgjer for alle barna i heimen. På Olemyrå hos tippoldemor og tippoldemor så er det kårkona Anna Larsdatter (bestemora) som er ført opp som "pladsboerenke" som forsørgjer det eine barnet Elias, som da blir kalla pleiebarn, medan faren Ole er forsørgjer for dei andre barna som framleis er heime.
Av folketeljinga 1891 så ser vi at det også budde langsveisfarende på Rekdal. Riktig nok er folket i Gjelstenlia og Dragneset ført under tellingskrets 11 Fiksdal, men folket her hører jo til Rekdalsbygda da som nå. Og under husliste nr 52 som må være Brattalia finn vi fødd 1831 frå Eda Værmland Sverige, Nils Nilsen Nore f. 1831 som er jordarbeider til andre. Saman med seg har han Lovise Olsd. Lysaker frå Eidsvoll fødd 1833 som er «lovlig fraskild». Teljaren har ført henne opp som «Jordemoder og syarbeide», men dette er overstrøket og forandra til «fødselshjelperske og syarbeide for egen regning». Sikkert var det mange fiksdalingar og rekdalingar som på denne tida fikk hjelp av Lovise til å komme til verda. Bygdeboka seier at det budde ikkje folk på Brattalia mellom 1886 ( da plasskona Marit Ørgersdatter døde) og til Bjarte Rekdal flytta dit i 1915. Men dette stemmer nok ikkje helt. Pe i Nerigarda på Gjelsten som eide plassen sytte nok for å ha leieinntekter derifrå.
Bestefar Jørgen (Jørg) på Bjørneremsanden 1891.
Bestefar Johan på Birkevoll i 1891
På bildet ser vi oldemor Karen Severine, bak mor Helga, som sitter med min søster og sin førstefødte datter Elisabeth på fanget. Til høyre bestemor Beret Anna. Bildet må være tatt i 1936 på "Hauå" Rekdal.
Nyeste kommentarer
Jeg takker så meget når det blir sendt. Takk takk.
Sender deg en e-mail. får skrevet så lite her
Tusen hjertelig takk for hjelpa. Jeg har ikke disse Midsund-bøkene. Vet du noe om når Knut Tronsen og Marit Andersdtr. døde, og hvilke barn de hadde? I såfall hjertelig takk på forhånd.
Hermod
I følge Midsund I var Knut Tronsen Son til Tron Knutsen og Anne Olsd. Rakvåg. Marit O. datter til Anders Rasmussen og Mari Knutsd. Sør Heggdal.