17.mai 2017

18. mai, 2017

Del denne siden

Søndag 23.april 2017

23. apr, 2017

Kvitt på markene i dag, men det er jo ikke et ukjent fenomen i slutten av april og det kan jo være greit med en innedag med snøbyer og temperatur rundt null, akkurat som i fjor ser eg på eit bilde.

Dagens sidebilde er et minne fra slekta på Klauset. For en tid siden hadde vi en slektsprat, jeg og et par av søstrene mine. Dei meinte at det heime (i mitt hus) skulle finnes et skrin eller kiste etter oldemor Karen på Klauset. Jeg hadde liten tro på det. Men vel hjemkommet måtte jeg ha meg en runde for å være sikker. Og der bortgjemt på et lite kott sto kista som jeg husket fra barndommen. Karen på Klauset 1884. Da kom det fram fra glemselen. Karen (døpt Karen Severine) var fødd på Hestad i Fræna. Det er samme slekta som de kjente fotballspillerne. Ho var fødd i 1862. Karen ble gift i 1891, så skrinet har ho nok fått til å ha tinga sine i når ho skulle ut på tjeneste rundt om på forskjellige garder i ungdomstida. Mer om Karen er å finne på «Øyslekt». Se også bildet under med 4 generasjoner «Klausetmødre»

 Gamle gjenstander er interessante. Og ofte er det skrevet bare initialer og årstall på dem som kan være ei gåte å finne ut av. På et lite skrin oppbevart på min bestefars fødeplass, Sanden Bjørnerem er inskripsjon ESOD og 1822. Har prøvd å finne ut av hvor dette kommer fra men det er vanskelig ser det ut som. Men når en holder på å lete så dukker det jo stadig opp historier, noen gode og noen triste. Her kom jeg borti en av den triste sorten. (Berte) Severine Sjursdatter fødd 1799 som det handler om var fra Gresdal Skodje. Ho hadde ei søster Stine som fikk garden på Gresdal. Denne Stine hadde ei datter Johanne som kom til Lervik i Midsund og har etterslekt på Sanden, Bjørnerem på Midøya. Slik kom jeg over denne historia som jeg siterer fra bygdebok Skodje 2 side 735 om den tragiske lagnaden til Severine.

« - Ho fekk ein sår lagnad. 1819 tente ho i Ertresvåg. Då vart ho skulda for å ha tileigna seg nokre poteter uløynes [utan lov]. Husbonden meldte henne. Men då saka skulle opp til tings, tok jenta det så tungt at ho gjorde ende på livet sitt. Dei fann henne død i «Ertresvåg sørstrand». Som skikken var den gongen gravlagde dei henne i uinvigd jord og utan jordpåkasting [min merknad: Dei som tok livet sitt fekk ikkje bli gravlagd på kirkegarden]. Dette er eit døme på dei strenge moralnormene som rådde og det høge verdet dei sette på det som var matnyttig. Poteter var vel endå ein nokså ny vekst på desse kantar.»

Bilde

23. apr, 2017

Fire generasjoner jenter. Oldemor Karen Severine Klauset, bestemor Beretanna Bjørnerem, mor Helga Bjerkevoll og barn (min eldste søster) Elisabeth Petersen. Alle disse fire damene var eldste barnet i sin søskenflokk.

Fire generasjoner jenter. Oldemor Karen Severine Klauset, bestemor Beretanna Bjørnerem, mor Helga Bjerkevoll og barn (min eldste søster) Elisabeth Petersen. Alle disse fire damene var eldste barnet i sin søskenflokk.

7. april 2017

7. apr, 2017

Litt historie frå «Sognebygda i dag.

 Bildet til venstre viser starten på Romsdalsfjorden der Sognejekta kom inn i 1845. På andre sida av fjorden til høgre for solstrålen ser vi den vesle øya Dryna med Drynjesund (Drønnesund) der det var brennevinsutsalg. I framkant ser vi "litt av "Sognebygda". I dag er det flittige hollendere som er i aktivitet i denne del av Rekdal.

Held på med å sjå litt på bygdeboka Synnai Elva. Håper på å gi litt tillegg og kanskje nokre rettingar også her som vil bli lagt ut etter kvart. Folkevandring i Norge på 1800-talet før Amerikafeberen for alvor tok til er noko av det ein møter, eit spanande tema og kanskje spesielt for meg som er eit produkt av denne vandringa innad i Norge. Ikkje alle flytta så langt, men felles for dei fleste var nok at det var for smått der dei budde og ville prøve noko nytt. Her ute på Mørekysten var det enda godt med dyrkbar jord og fjorden og havet ga folk god mat sjølv om avlingane mange gonger slo feil. På Rekdal skjønte bøndene at å «sette ned husmenn» som det vart kalla ville gagne garden og bygda. Meir jord ville bli dyrka og ein ville få arbeidskraft tilgjengeleg på eigne gardar. Og så trengtes det ein og annan dyktig ro-karen på båtane som gardbrukarane dreiv fiske med utaskjers. Vi veit at det var minst ein otring i bygda som skulle ha eit mannskap på 7-8 mann. I tillegg vart det nok brukt mindre båtar som fjørnfar og trerøring eller storfæring. (les om båtar og fiske på Romsdalskysten i Årsbok for Romsdal Sogelag 2009 side 147, Signy Haraldsen).

I 1844 var det i Rekdalsbygda (frå Dragneset til Sunnmørsgrensa) 10 heimar. I 1850 var talet 18 og i 1862 tel eg 28 heimar i bygda. Planlegginga av folkeveksten starta nok for alvor i 1844 då 3 karar frå Sogn var på vitjing i bygda og fekk tilbod om husmannsplassar «Synnai Elva». Våren 1845 kom «Sognejekta» seglande inn Romsdalsfjorden visstnok med 40-50 mennesker som hadde gitt opp heime og no var på flyttefot. Første stopp var Rekdal der 4 familiar gjekk på land, i alt 20 personar pluss vesle Kirsti i mammas mage fødd 1. juni. Dei gjekk straks i gang med å bygge seg hus og rydda jord.   

Dei andre på jekta fortsette vidare inn Romsdalsfjorden og kom på forskjellege plassar rundt i Romsdal. Dette måtte ha vore et par veker etter påske. Johan den første «Sø i Myrå» var fødd 6. mars 1845 seier kirkeboka i Leganger og etter det «Sogn-Ola» fortalde var han 6 veker gamal når dei kom til Rekdal, altså i midten av april.  

Som vi forstår kom det no folk og busette seg over alt i bygda. Same året kom han Karoles og slo seg ned på det som vart Karolesplassen ute ved Sunnmørsgrensa, han var frå Stordal. I 1847 fekk han Erik Olsen frå Helland, (Helland i Haram) som nabo på Øygardsneset og i 1852 kom han Ole Larsen frå Stordal med kjerring og 6 barn. Dette vart han Røste-Ole mest kjent kanskje for at han selte Rekdalshesten på Moldemartna`a for 5 dale. Ole og kona Erika har ei stor og fin slekt etter seg spreidd vide omkring.

Vi må vel også nemne sonen Ole Kristian som visstnok slo i hel siste ulven i distriktet tidleg på 1860-talet og dermed starta ei ny og betre tid for bøndene her.

Ja Storfjordingar vart det etter kvart mange av. Petter Korsedal (tippoldefar) på Ole-Myrå kom i 1857 og i 1862 kom Per-Kristian Overå som til slutt hamna på Holbakken. Kristian Størheim frå Stordal kom på Anton-Myran i 1864, tok over der etter Lars Brendefur frå Nordfjord. Samson Larsen frå Kvinherad i Hardanger hadde komme alt i 1850 og tok over ein av «Sogneplassane». Vi skjønar at det etter kvart vart mange dialekter å høyre.

Meir om desse mange fargerike innflyttarane finn vi i bygdeboka som du nå kan lese på Nasjonalbiblioteket på nett og eg har litt tillegg på mine sider her. Ein del av innvandringssoga har kilde Romsdal Sogelag, artikkel av Odd Sørås 1998 side 91.

Til slutt i dag vil eg ta med ei lita tragisk hending. Fjorden var nyttig til frakt av folk og varer, men den tok også mange liv. Vinden kan vare lunefull her ute. Jamvel sommartid kan det komme floingar og kastevindar som nokre gonger fekk tragiske følger. Brennevinssalget på Drøna på andre sida av fjorden har og fått skyld for nokre tragediar.

I Jenshaugen kom det flyttande til ein familie i 1857. Peder Knudsen frå Medstrand i Vatne og kone Marte (Maria) Syverina frå Drønnesund. Av dei mange barna deira var Ågne fødd i 1862. Ågne vaks til og reiste i 1880 til Bergen for å gå underoffisersskule. Han skulle vare «ein ualmindele flott kar». Ågne var mellom anna matros på «stimbåt Ripa» saman med broren Nils. Men Ågne var mykje på besøk hjå foreldra på Rekdal er det sagt. I nabogarden «Søi Myrå» budde han Erik (av «Sogne-folket») med kone Beret frå Nakken i Fiksdal. Dei hadde barna Hans fødd 1873 og Maria som hamna i Vestrefjorden med stor etterslekt (Vatne II side 532). Hans var sjømann seier kirkeboka. Før jul i 1893 var både Ågne og den litt yngre Hans heime på besøk hjå foreldra på Rekdal. Fredag den 15. desember var dei to naboane på tur ut i Dryna, Hans hadde lånt båt av far sin. Kanskje for å besøke morbror til Ågne som budde der ute og kanskje for å handle litt julebrennevin og andre varer hjå handelsmannen i Dryna. Om dei hadde smakt på sterke saker veit vi ikkje. Det vi veit var at på heimtur denne dagen så kollsigla dei og omkom. Båten dreiv innover fjorden og vart berga på land inne på Sør-Heggdal. Bygdeboka meiner: «Det har soleis tydelegvis vore ei hard kastebyge av sørvesten, ned Hestesida som tok knekken på dei to gutane».  Det vart ei trist jul på Rekdal skjønar vi dette året. På nyåret 1894 er dei ført inn i kirkeboka og med denne kommentar: «Begge omkom paa Søen og er ikkje gjenfundne». 

Kirkebok Fiksdal 1894

Postkort fra Rekdal trolig i mellomkrigstida.

7. apr, 2017

Vestlige del av Rekdal. Vi ser Bakken til venstre og Hansgarden i midten. Kaiområdet der Sognejekta la til skiftes til høyre. Lenger borte ser vi "Synnai Elva" det som vart "Sognebygda"