Tautra i Romsdalsfjorden










 Tautra 18.april 2023 sett fra Snaufjellet Rekdal 

Midt i Romsdalsfjorden ligger den vakre Tautra med Tautreholmene. Hit er det kort vei med båt i alle retninger og folk rundt fjorden blanda seg med Tautrefolket. Slik at veldig mange av oss kan føre slekta tilbake til Tautra. I Edvard Hoems sin bok «Felemakeren» kan vi lese om John Johnsen Tauterøen som gikk til København og var med på det kjente slaget på Københavns red i 1801. John kom trolig ikke heim igjen. John sin far var John Johnsen som var gift med Ales Rasmusdatter, en datter av Rasmus Ingebrigtsen Beinset. Rasmus var oldebarn til den kjente Store-Rasmus Myklebust. Jon og Ales hadde også datteren Ales som i 1802 ble gift med Einar Nilsen på Hagset, nærmeste nabogard til Tautra på Otrøya. Einar hadde far Nils Einarsen som hadde komme til Hagset frå Gjelstein. Og denne Nils hadde mor Ingeborg som kom fra Byrkjevollen (Bjerkevoll) i Vestrefjord. Videre fra Tautra og Hagset går en slektslinje til Ales sitt oldebarn Hans Larsen som kom til Klauset og ble bestefar til min mor Helga. Slik blir mor Helga og far Petter sjumenninger.

Sterk tilknyting til Tautra var det også gjennom min oldemor Martha Olsdatter frå Eikebakken i Vestrefjord. Eldste søster til Martha hette Sigrid og ble gift med Anders Nikolai Madsen Langset. De kjøpte bruket «Nedom bergja» på Søre-Tautra og 9. september 1853 kom de flyttende fra Vestrefjorden og vart gårdbrukere på Tautra. Dette var samme bruket som John Johnsen over tidligere hadde drevet.

Den 29. januar 1927 druknet 7 personer da fiskebåten «Havdrott» fra Tautra forliste. 4 av mennene var brødre. Martin, Mattias, Ivar og Ingvald. Alle barnebarn til Sigrid. Og slik var de 4 karene tremenninger til far. På Tautra gikk livet videre, men etter hvert flytta folket ut. Nå er det ingen faste som bor på Tautra.


Skjærtorsdag 2023


Del denne siden

Spanskesjuka i vårt område, ein pandemien for vel 100 år sidan

18. mar, 2021

Pandemier er ikkje noko nytt. Då mine foreldre var barn ramma spanskesjuka heile verda. I Møre og Romsdal reknar ein med at om lag 1000 mennesker døde av sjukdommen. Så langt i dagens pandemi (mars 2021) finn eg at det er to eldre personer som er død av koronaviruset i vårt fylke.

Ser ein i dei lokale kyrkjebøkene i det som i dag er Vestnes kommune så var det hausten 1918 som var verst. Då finn eg 15 personar som er død etter å ha hatt «Spanskesygen».  Og det er ungdomen som blir hardast ramma. Fiksdal Sokn kjem best ut av det. Her finn vi spanskesjuka berre nemnt ein gong, og det er ei eldre kvinne på 77 år der dødsårsak er spanskesjuke med spørsmålsteikn etter.

I bygdene som høyrte til Vestneskyrkja var det 7 dødsfall. 6 av desse var under 30 år. Og deriblant var det 3 barn på 2, 4 og 6 år.

I Tresfjord følgde dei 4 ungdomar til grava denne hausten. 3 jenter og ein gut frå 19 til 22 år gamle. I tillegg var det tre eldre personar som døde av sjuka.

I kyrkjeboka for Vågstranda finn eg ikkje dødsfall knytt til spanskesjuka.

Dei to kommunane som slekta mi var mest knytt til var kommunane som den gang heitte Vatne og Sør-Aukra.  I Vatne har presten ført inn 9 døde. Eit barn på 1 år og 6 unge i alderen 20 til 30 år samt to i sin beste alder på 41 og 43 år.

I Sør-Aukra (Gamle Midsund kommune unntatt Dryna og den delen av Midøya som høyrte til Vatne) var det ifølge klokkarboka 8 dødsfall relatert til Spanskesjuka. 7 av desse var under 30 år.  

Vi skjønar at dei fleste familiar og nabolag hadde nokon dei mista. «Gomor i Strupå» (mormor) kom frå Klauset på Otrøya. Ho hadde ei søster Ane Matea som gifta seg med Anton frå nabogarden Sør-Hegdal 8 august i 1918. Tre månader seinare den 1. desember er ho ført som død. Spanskesjuka hadde tatt ho. Grandtante Ane Matea vart 22 år. I 1913 var ho fadder på mor.

Som vi ser så ramma pandemien oss langt hardare den gongen. Mykje av det kjem nok av at vi hadde eit langt anna helsevesen. I heile fylket var det 43 legar. Og få var det plass til på sjukehus. Eit anna moment er det nok at ein viste lite om smittevegane. Folk budde trongt og reinsemd var heller ikkje slik som i dag.

Ein interessant artikkel om Spanskesjuka i Møre og Romsdal finn eg i Sunnmørsposten.

Bildet (frå Midsund II) viser Skjæret på Klauset der Bestemor Beret Anna og grandtante Ane Matea kom frå. Har nokon bilde av Ane Matea som døde av spanskesjuka? 

Romjulshilsen 2018

29. des, 2018

2018 er snart omme. Et år med mange gleder, men også sorger. En føler savnet etter kjære søstre og svogere som har gått bort de siste årene.

Når det gjelder slektsidene så er det ikke så mye nytt, eller rettere sagt gammelt som er lagt inn. Etter et kjekt slektbesøk på Otterøya har jeg skrevet litt om garden Hagset (lenke) der oldefar Hans Andreas Larsen kom fra, han var far til mormor Beret Anna fra Klauset, en gard som også vart besøkt. Hans Andreas var odelsgutten på Krogsgarden Hagset, men må ha gitt fra seg odel til svigerbroren fra Fiksdalstrand da han giftet seg til Søre-Klauset. Krogsgarden er et navn også brukt i dag. Navnet kommer fra slekta Krog, «kanskje ei gammel adelslekt». Hvor vidt vi er etterkommere av Krog-ene som budde på Hagset på 1600-talet er uvisst. Det som nok er sikkert er at dette er samme slekta som også hadde tilhold på Vatne og som ga navnet til Krogssetra.  Ole Krog på Krogsetra kan vi føre slektsbanda tilbake til gjennom min Byrkjevollslekt. (Vatne II side 131).  

Jeg holder også på med etterslekta til Jon Jonsen Tautra f. ca. 1730 (4 x tippoldefar) og som jeg ikke har klart å finne opphav til. Den slektsgreina håper jeg å få legge ut snart. 

Året har også ført til nye besøk på Sanden (Bjørnerem) som morfar Jørgen kom fra. Og derifra til Magerøy i Midsund, til oldemor Helge Nilsdatter sin fødeplass. På Magerøya fikk vi lokalisert stedet hvor gamlehuset i Hamballgarden på Magerøya stod. Hanibal Pedersen Magerøy levde her (1797-1883) og ga navn til garden. Han var farfar til oldemor Helge.

Interessa for Hanibal og Hanibal-navnet har jeg også nevnt tidligere. I år har det resultert i en artikkel i «Årskrift for Vestnes Sogelag 2018» der jeg har skrevet om de tidligste Hanibal-er i distriktet.

Han Ol-Eljas i Øygardsbukten er en av personene som klarte å gjere seg såpass bemerka at han står igjen som en fargeklatt i Rekdalshistoria, javel kanskje ikke guds beste barn, men jeg liker mannen som satte seg opp mot eierne av husmannsplassene ute på Øygarden. Jeg fant en gammel rettsak som han var sterkt involvert i og har skrevet av referatet fra Romsdals Amtstidene og som dere kan lese om her: «Ol-Eljas på Øygarden»

Dagens bilde er kanskje de eldste av mine forfedre jeg har bilde av. Det er tippoldeforeldre fra Hagset. Lars Hansen f. 1834 og Ane Kristine f. 1837. 

Ha et fint år og kom gjerne med kommentarer og spørsmål om sidene mine.

Bilde

29. des, 2018

Tur i Rekdalsmarka 28.12.2018

Tur i Rekdalsmarka 28.12.2018

Jonsokaftan 23. juni 2018

23. jun, 2018

Etter ein forsommar med tørke og mykje sol har vi igjen komme i vanleg gjenge her i Nordvest med regn og temperaturar på det normale. Det var så tørt at det spøkte stygt for jonsokbålet i år, men slik vart det heldigvis ikkje. Jonsok og midtsommar forbind vi med fest og hyggeleg lag ut i dei seine timar. Slik var det nok også i gamle dagar. Ja kanskje var det rundt jonsok at han «Sogn-Eirik» spela i bryllaupet der han måtte gå litt hardt til verks.

Det har seg nemleg slik at eg nyleg fekk sendt bilde av eit avisutklipp frå Nationen 7. august 1926. Der er det ein artikkel av Hans Aarnes der han skriv om sogningane som slo seg ned i det som vart «Sognebygda» på Rekdal. «Daa Romsdalen var like god som Amerika». Hans har hatt seg ein lang prat med «Sogn-Ola» (1839-1933), son til Eirik. Ola var 6 år då han kom til Rekdal med «Sognejakta» i 1845, og artikkelen er i stor grad bygd på det Ola fortalte.  

Hans Aarnes var frå nabobygda Vestrefjord. Journalist, forfattar og bladmann. «Fonna Forlag» og «Vangsgutane» er kanskje det han er mest kjent for. (Hans Aarnes i Norsk Biografisk leksikon) 

Men tilbake til «Sogne-Eirik» som var ein av nybyggarane «Synnom Elva» ikkje langt frå den vakre Øygardsbukta der vi i dag feirar jonsok. Utenkjeleg er det vel ikkje at dei på varme sommarkveldar samla seg i den same bukta med Eirik som spelmann og fest ut i dei seine timar. Men no let eg Hans vestrefjording fortelje. Som vi ser er det og skildring av livet og slitet slik det var. Og folk var likt seg også på den tida. Litt drikk og spetakkel var det da som no. Eg har valt å ikkje forandre på språket med unnatak av aa som er blitt til å:

  - Men at nybyggjarane laut taka mangt eit tungt tak fyrr plassane gav noko å liva av, er visst. Det er soleis fortalt at der «Sogne-Eirik» byrja å rydda var det so ruskutt at det var vondt å finna ein plass der ein kunne sitja ned og eta. Men rusk og uryde laut vika med åri, for Sogne-Eirik» hadde krefter. Kona og vermori var også spreke folk. Og etterkvart gutane vaks til laut dei ogso taka i.

 «Sogne-Eirik» var spelemann og ofte ute og spela i brudlaup og dugnader. Drykk og slagsmål var mykje vanleg i den tidi, og mange hadde hug til å mæla krefter med den spreke sogningen. Men dei kom ikkje vel i frå det. Ei hending vart fortalt såleis: Ikkje lenge etter at «Sogne-Eirik» var komen til Rekdal spela han i eit brudlaup på ein av bondegardane. Ein gjev kar baud sogningen juling, det var då rart, sa han, at ingen skulle greida å leggja «Sogne-Eirik» på ryggen. Eirik hadde ikkje hug til dragsmål og bad den andre lata vara. Men den andre var nærsøkjen og egla so lenge at det bar ut på tunet. Der bar det i hop med karane. «Sogne-Eirik» tok tak i brokelåri åt eglaren, hyfste honom upp i lufti og sette han nedatt med kløyvd brok. «No hev du vore her.» sa han, «hels heim att og sei at det var lystigt å vera i lag med han Sogne-Eirik». Ein kamerat av eglaren tykte dette var skitleg. Han ville bøte på skammi med å banke opp «Sogne-Eirik», når den andre ikkje greide det. «Eg rår deg til å lata meg i fred» sa «Sogne-Eirik», det vil ikkje verta gildt um me skal væra uvener». Men den andre gav seg ikkje. Han fulgde Eirik burtyver marki og egla. Då vart «Sogne-Eirik vond, greip eglaren og slengde han utfor ei bakkereina so han nær hadde trilla ned i ein bekk. «Sogne Eirik» gjekk so til grannegarden og la seg. Han vilde vera kvitt meir påheng.

Historia om innflyttarane frå Sogn må vi ta vare på. Den forandra Rekdal og mange andre bygdelag i Romsdal, og stor er etterslekta etter dei. Odd Sørås har skreve ein artikkel i Romsdal Sogelag Årsskrift 1998. Takk også til Per Bjørn Ellingseter for tilsendt artikkel.  

Dagens bilde er tatt frå Rekdalshesten 22. juni 2018 og viser Sognebygda til venstre. Til høgre ser vi fotballbana.

Her var det Kjetil Rekdal leika seg i barneåra og trena på straffespark. Og som vi veit resulterte i Norgeshistoriens mest omtalte ballspark. Alle husker Jonsokaftan i 1998 med straffesparket og seieren over Brasil. Gratulerer med 20-års jubileumet på denne dag.

1. april og 1. Påskedag 2018

1. apr, 2018

Marka og fjellet i nærområdet har blitt mer og mer kjært. Og her kan en gå og filosofere over så mangt. Dette er i grenseland mellom de to vestligste og nordligste gårdene i Vestnes Kommune.  Og avstandene er korte både over fjorden til gamle Aukra Prestegjeld og vestover til Sunnmøre, til Vatne Sogn som hørte til gamle Borgund Prestegjeld. Og det er i disse område en finn det meste av slekta tilbake til 1600-talet. Før den tid er det smått med kilder og slektsforholda blir mest synsing det ikke kan føres bevis for. 

Og dagens bilde vart et selvportrett fra langfredag 2018 på tur i Snaufjellet akkurat der det visstnok var brennvinet som i følge gammel tradisjon avgjorde hvem som ble eier av dette fine beiteområdet. Romsdal og Romsdalsfjorden i bakgrunnen. 

Bygdeboka forteller mye om forholda her i gammel tid. Og kjekt er det da å lese om det oldemor Karen Jørgina forteller til bygdebokforfatter Olav Rekdal for om lag 100 år siden. Ho var en dyktig forteller og en viktig informant. Det var jo slik at barn måtte arbeide, og de var ikke stor når de måtte ut å gjete husdyra som beitet i utmarka. Den siste ulven (gråbein) her i området skal ha blitt drept rundt 1863, så Karen Jørgina var ikke gammel når ho vart sendt på gjeting, kanskje allerede i 7-8 års alderen, men vi får vel tro at de første åra var ho sammen med eldre gutter og jenter. Jeg låner fra Bygdeboka, oversatt fra dialekt til nynorsk:

Om gjeting og udyr.

Etter Karn Jørgina på Myrå (f. 1852): Me gjette for bjørn og gråbein. Ein bjørn drap ei ku for han Knut i Myren. Rett ovafor Hjelen oppe i Snaufjella her. Og ein gang tok gråbeinen et kje frå han Knut. Dei brukte gjete to og to for hele garden frå gamalt av, en frå sør og en frå nord. [sør og nor (synnate og noråte) var meir riktig vest og aust her i bygda] Etter at det vart så mange plassingar her (husmenn) vart det berre ein dags gjeting for kvar i veka. Etter at det vart så mykje folk og krøter her vart det til det at gjetarlaget vart delt i eit lag sønnanfor og eit nordanfor.  Dei hadde då både sauene og kyrne. Seinare når det vart slutt på «ovargesdyr» (regner med at ho meiner udyr) slutta dei å gjete kyrne. Slik var det på setra og. Men han gamle Bakke Knut hadde ikkje kyrne sine på setra i fleire år – dei vart så dårleg seterhusa hans. Og han plaga då plassingane sine til å gjette kyrne hans i heimemarka medan dei andre var på setra. Dei gjette då mest framme i Botnen. Det var om lag 1870 dei slutta med å gjete kyrne.  

Dette kan en lese på dialekt i Bygdeboka for Fiksdal Sokn side 45. Denne vesle historia gir jo et bilde av forholda til oldemor og folk flest i tida rundt 1860 og tidligere. Tenk for en lette det vart når ulven var utrydda. Så kan vi jo ha våre egne tankar om dagens rovdyrpolitikk. Oldemor og foreldra hadde plass under Kristengarden og slapp slik unna det strenge regimet hans «Gamle Knut på Bakkå».  

Minnet til de gamle viser og til strid og litt nabokiving mellom de to gardene her ute. Og brennevin ser ut til å ha spillt ei viss rolle, skal vi tro på fortellingene. Etter Gamle Pe Nerigara Gjelsten skal det være fortalt: Rekdalingene tilvendte seg marka framgjenom Seterdalen, framai  Rekdalssetra for breijnnvin til Gjelstenningane. Før skulle bytet millom Gjelsten og Rekdal gå oppover Trø`ijn ovai Rekdalssetra.

Men om Gjelsteningene fikk brennevin for å gi frå seg av setermarka så fikk visst rekdalingene også betalt i brennevin. og Jo på Myrå fortalte etter svigermora Mali at «rekdalingene bytte frå seg beitemarka oppe på Skara og i fjellsida mot Snaufjellet mot brennvin: Når Rekdalingannj berre fekk breijnnvin, dei so - - -. Ho grov ofte på di ho Mali – at dei skulle møsse deijn goe kuhamna oppå Skara å oppi Snaufjeijllsbakkå»

Han Trond på Gjera skulle (langt seinare) få ti ein skogateig mæ sa hine Rekdalingå – ein oddeteig so dei åtte i hop samen. Og deijn tei`n ga`n dei berre ei potte breijnnvin føre»

Litt sannhet er det nok i de gamle fortellingene. Men kanskje skulle vi heller si at noen forretninger var gjort mellom gode granner i godt lag og med ein god dram til, og kanskje noen ganger en for mye. 🙂

Så vil jeg minne om at jeg holder på med et prosjekt jeg har kalla «Bygdeboka» som er korreksjoner og nyere opplysninger om folket som budde her. Og her ønsker jeg bidrag fra andre som har noe å berette både om eldre ting og om mer nære ting om folk og familier.