Dei omkom på fjorden og havet.
Her vil eg etter kvart legge inn stoff om dei frå Rekdal som omkom på fjorden og havet. Og litt om båtulykker utanfor her som også ramma andre. Vi starter med ei trist hending om to karar frå Sognebygda.
Fjorden var nyttig til frakt av folk og varer, og frå fjoren eller havet skulle og den meste av føda hentast. Og den store aktiviteten førte også til triste hendingar, mange har omkommet utanfor her. Vinden kan vare lunefull her ute. Jamvel sommartid kan det komme floingar og kastevindar som nokre gonger fekk tragiske følger. Brennevinssalget på Drøna på andre sida av fjorden har og fått skyld for nokre tragediar.
I Jenshaugen kom det flyttande til ein familie i 1857. Peder Knudsen frå Medstrand i Vatne og kone Marte (Maria) Syverina frå Drønnesund. Av dei mange barna deira var Ågne fødd i 1862. Ågne vaks til og reiste i 1880 til Bergen for å gå underoffisersskule. Han skulle vare «ein ualmindele flott kar». Ågne var mellom anna matros på «stimbåt Ripa» saman med broren Nils. Men Ågne var mykje på besøk hjå foreldra på Rekdal er det sagt. I nabogarden «Søi Myrå» budde han Erik (av «Sogne-folket») med kone Beret frå Nakken i Fiksdal. Dei hadde barna Hans fødd 1873 og Maria som hamna i Vestrefjorden med stor etterslekt (Vatne II side 532). Hans var sjømann seier kirkeboka. Før jul i 1893 var både Ågne og den litt yngre Hans heime på besøk hjå foreldra på Rekdal. Fredag den 15. desember var dei to naboane på tur ut i Dryna, Hans hadde lånt båt av far sin. Kanskje for å besøke morbror til Ågne som budde der ute og kanskje for å handle litt julebrennevin og andre varer hjå handelsmannen i Dryna. Om dei hadde smakt på sterke saker veit vi ikkje. Det vi veit var at på heimtur denne dagen så kollsigla dei og omkom. Båten dreiv innover fjorden og vart berga på land inne på Sør-Heggdal. Bygdeboka meiner: «Det har soleis tydelegvis vore ei hard kastebyge av sørvesten, ned Hestesida som tok knekken på dei to gutane». Det vart ei trist jul på Rekdal skjønar vi dette året. På nyåret 1894 er dei ført inn i kirkeboka og med denne kommentar: «Begge omkom paa Søen og er ikkje gjenfundne».
Ei litt trasig hending på Rekdal i 1874.
Daniel (David?) som lurte seg selv og ble dømt som tyv i en «snurrig» justissak.
Dagbladet har lagt ut sine gamle aviser på nettet og med et søk på Rekdal kom følgende historie opp.
Ved Retten i Romsdals Sorenskriveri er der
ifølge R.B. nylig pådømt en gammel snurrig Justits-
sag. Paa en af Rekdalsgaardene savnede man ifjor
Høst en Pengepung med en 13 – 14 Daler i; Mis-
tanken faldt paa en gammel Mand ved Navn Daniel
Knudsen Rekdal, som kort før havde været derinde;
man fandt det rigtignok ikke raadeligt ligefrem at sigte
ham for Tyveriet, men besluttede at gaa finere til-
værks. Daniel havde Ord for at kunne gjøre efter, og
man blev derfor enig om at henvende sig til ham i Egen-
skab af Troldmand. For gode Ord og Løfte om, at
det skulde blive ham «forskyldt», lod han sig ogsaa
bevæge til at prøve sin Kunst. Han forlangte natur-
ligvis de uundværlige Apparater, en Postille, en
Sausax og et Lys, og med disse Trollemidler begav
han sig hjem idet han dog forberedte sine kunder
paa, at det muligens ikke vilde lykkes for ham første
Natten. Det gik over Forventning; thi tidlig næste
Morgen indfandt han sig igjen og aabenbarede for
Husets Folk, at Pungen laa paa Kornbøren i Gan-
gen, hvor den ganske rigtig ogsaa fandtes, men uhel-
didvis med lidt formindsket Indhold. Trods alle
Forsikringer om sin Uskyldighed er Hr. Daniel bleven
dømt som Tyv, og det Offentlige har desuden paa-
taget sig at «forskylde ham» for hans Assistance i Form
af nogle Dages fri Fortæring i Distriktsfængslet.
at kunne gjøre efter … ? Gjøre som en annen gjør, etterligne
… blive ham «forskyldt» Gjøre seg fortjent til noe.
Postill(e) En bok med prekensamlinger.
Kornbøre, Kiste de oppbevarte korn i
fri Fortæring. Betyr nok at han skulle slippe å betale for maten i arresten.
Så hvem var da denne «gammel Mand» Daniel Knudsen Rekdal som i 1874 ble dømt som tyv?
Han finnes ikke nevnt i folketellingene i hverken 1865 eller 1875 under Rekdal. Jeg finner ham heller ikke nevnt noe annet sted. Derimot er det en David Knudsen som bor på Rekdal i 1875:
Møre og Romsdal fylke, Vestnes, Sylte, Fiksdal i Vestnes, Statlig folketelling (1875-1875), Dokumentside, Side 3350
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft20110209040838
David Knudsen Sunde som er losjerende i Svortemyra. «Baandsmier» fra Olden i Innvik prestegjeld (Nordfjord). Om referatet i Dagbladet baserer seg på et handskrevet referat fra retten, så er det slett ikke umulig at David har blitt forvekslet med Daniel. med en litt uryddig d som blir til el, er det snart å ta feil. Så jeg tror det er denne mannen fødd 1810 og altså 64 år gammel som prøvde seg med trolldomskunster. «Etternavnet» Rekdal er ikke etternavn med adressa slik det var vanlig å bruke det på denne tida.
Tydet tekst redigert 09.02.2017 etter oppklarende diskusjon på Slektsforum, Slekt og Data.
17.maitale Rekdal 2016
Noen har spurt om jeg ikke ville legge inn 17. maitalen som jeg las opp på Rekdal 17. mai 2016. Noen stor taler er jeg ikke, ble vel mest en opplesing. Den handler mest om lokal Rekdalshistorie og derfor legger jeg den inn her under Lokale Historier.
17. mai tale (med litt blanding av bokmål, nynorsk og mest framført på dialekt)
Kjære forsamling, Gratulerer med dagen.
Eg vil snakke litt om Rekdal etter 1814 og litt omkring 17. mai.
Historia er viktig. Det er umulig å forme framtida om ein ikkje kjenner til fortida. Og historia om 17. mai og 1814 bør vi kjenne til. Grunnlova handlar om at Norge er ein egen nasjon, om frihet og likhet, om lov og rett som vi skal leve etter. 17. mai er bursdagen for Norge og skal være ein gledens dag for alle som bur i landet vårt, små og store. Eg regner med at dei fleste kan litt om 17. mai og 1814, lært på skulen og gjennom alle slags medier og skal ikkje gå meir i detaljer om dette her.
Ja korleis var det på Rekdal rundt 1814 og korleis vart utviklinga her etter at vi ikkje lenger var ein del av Danmark og hadde fått vår eiga grunnlov. Ser vi på folketellinga i 1801 så budde det 34 personer på garden Rekdal. På garden Gjelsten som også omfatta Gjelstenlia var det 40 personer. Av disse budde 4 personer i Gjelstenlia. Fram til 1814 var det ikkje så store forandringar. Det var ikkje mange hus her. Gjekk du frå Gjelsten og utover møtte du eit hus i Li`n, det som i dag er Andriaslia. Derifrå gikk ein i utmarka videre sørover. På Hålbakkå, Hauå og sørover Myran va det mest småskog, blåbær og tytelyng. Heller ikkje på Sanda var det folk endå. Kunne vel møte ein og anna rev eller hare, og var du riktig heldig, eller uheldig kanskje så kunne du bli skremt av ulver som ulte oppe i Snaufjella. Hjort fanst det omtrent ikkje på den tida. Først sø på Plassa trefte ein på folk igjen, eit ektepar i et lite hus som sto litt synnafør der dei to store siloane stend i dag. Videre frå Plassa var det au et godt stykkje utan folk. Ein måtte ned på Pilbakken for å treffe neste tun. Pilbakken låg nedafor der huset i Kristengarda no stend. Der sto Kristenstauå og Andersstauå. I dei to husa på Pilbakkå var det cirka 15 personer. So kjem vi på Bakken, der det budde ein famile. Nedafør Bakken ligg Hansgarden. Der budde han Hans Nilsen med familie, den første Hans i Hansgarda. Det var alt som var av hus på Rekdal i 1814. No var det ikkje bebyggelse før me kom til Eik, med unntak av nokre høyløe sø på Øygardå.
Folket på Rekdal var sjølvsagt opplyst og visste godt kva som skjedde i 1814, både på Eidsvoll og ute i Europa der krigen herja. Også ungdom frå Rekdal vart kalla ut for å verje landet. 4 av gutane på Pilbakkå var nok blant disse. Ikkje lenge etter at grunnlova var underskriven så angreip svenskekongen Karl Johan Norge. Det blir trefningar og i det blodige slaget ved Matrand ikkje så langt frå Kongsvinger 5. august så blir han Anders Anderson Rekdal skoten og drept. Han er vel den einaste Rekdaling me veit med namn som har blitt drept som soldat i kamp for fedrelandet. Seinare på året kom Norge i union med Sverige, og den unionen veit vi varte til 1905. Anders soldat var av folket som etablerte seg på Gjerda i 1827 etter at huset deira på Pilbakkå brann ned.
Det viktigaste for utviklinga her i bygda etter 1814 var nok at bøndene hadde blitt sjølveiera. Dette skjedde rundt år 1800. Før den tid så var det utabygds storfolk som eide gardane. No kunne altså folk i bygda sjølv råde over jorda, over skogen og utmarka. Og dei kunne leie ut udyrka mark til folk som ville bu her og dyrke ny jord.
Første nye huset på Rekdal etter 1814 kom inne i Hålen i 1820. I 1830 kom det folk på Myrå. I 1832 kom det andre huset inne i Li`n. Første mann på Sanda kom i 1844, det var Hans Kristensen frå Kristengarden. Denne Hans på Sanda skulle vare kjempesterk. Argaste historia om Hans er nok då han ein jonsokaftan var i Fiksdala og bar ein gammal færing som skulle brennast på bålet, bar båten heilt frå sjønå og opp på Nakkjin mens ein gut sat oppå båta og spela fele.
Men største forandringa i bygda skjedde Synna i Elven der det ikkje fanst hus. Det ville bøndene på Rekdal gjere noko med, og dei starta med import av folk frå nabofylket. I 1845 kom det ein båt (Sognejekta) frå Sogn med 4 familiar, tilsaman 20 personar då medrekna vesle Kristi som vart fødd like etter ankomsten. So her sø vart det forandringar med barneskrik og sognamaul. Og Sognebygda vart det heitandes her. Den eine familien strauk heim att til Sogn før dei hadde fått seg opp hus, men dei andre vart varande. Enda heiter det Jensbakkjin etter han Sogne-Jens, førstemann i Haua.
Og så tok det til å sprette opp hus ute i Strupå, på Øygarda og på Hagara. Førstemann på Øygarda kom i 1847. Sia kom det mykje folk hit ut, spesielt mange sunnmøringar der dei fleste var frå Stordala. På det meste var det 10-12 heimar på det området som i dag er folketomt frå Strupå og søover.
Det hadde altså vore ein fantastisk vekst i bygda, om lag 40 personer i 1814 hadde ved folketellinga i 1865 stege til ca. 200 frå Dragneset til og med Hagarn ved Sunnmørsgrensen, ei femdobling. Og talet på kyr i 1865 var om lag 150.
Men så på slutten av 1800-talet skjedde det noko. Då stagnerte folketalet og holdt seg omtrent uendra dei neste hundre åra. På Øygardsområdet sank folketallet raskt. Det hadde nok fleire årsaker. Bøndene på Rekdal ville nok ha jorda sjølv til slått og beite og ville ikkje fornye når dei gamle bøgselskontraktene gikk ut. Men største årsak til nedgangen var nok utvandringa til Amerika som tappa bygdene for mykje folk. Spesielt mange unge menn reiste over for å søke lykkå i den nye verda. Frå Rekdal og Gjelsten reiste det frå ca. 1880 og fram til første verdskrig i 1914 om lag 65-70 personer over Atlanteren. Rundt 50 menn og resten barn og kvinner. Nokre kom heim at, men dei fleste vart verande i det nye landet.
Bygdeoriginala he me alltid hatt, heldigvis, hedersfolk som ikkje var so redd for å stikke seg ut og som derfor blir huska, kallenavn fekk dei au.
Me kan nemne han Teppen i Hålen, Sterke Petter på Myra, ho Ingjebær på Sveinnbakkå, Laban sø på Labanplassa som skulle vare ein kjekk kar men ekstra lat, derav navnet.
So var det han Sogn-Ola sø i Strupå. Synnai løen til Jessika og Witsø kan me sjå restane etter et hus. Det huset hadde han Sogn-Ola bygd og der budde han det meste av sitt liv. Vi må ha med ei lita historie om han Ola som vitner om pågangsmot og som kanskje kan være til lærdom for ein del karar i bygda også i dag.
Etter å ha blitt enkeman for andre gang hadde Ola blitt 72 år og han var på jakt etter kjerring nummer tre. Han fikk greie på at oppe på Frostadseteren var det ei godt vaksa taus som setra der den sommarn, frå Norddala og ho var ledig. Og han Ola la av garde, gjekk inn i Demlå, opp Frostadalen og fram på fjellet, ei lita dagsreise til fots. Der framme fekk han vite kor ho Berte setra, og han Ola fann ho utafør seterbun. Er det du som er ho Berte, spurte han, og det var det. Ska me gifte oss då? fortsette han Ola. Ho vart nok litt paff då ho Berte å ymta frampå om at dei måtte ta seg ein tur inn so skulle han få litt seterkost og dei kunne akkedere litt. Nei sa han Ola, eg vil ha svar no. Får eg ikkje ja med ein gong så går eg heim att tvert. Ho Berte tenkte vel som så at ho hadde blitt 65 år og endå ugift så ho fikk vel ikkje så mange fleire sjansa. Og ho kunne da ikkje la han Ola gå heim att heilt til Rekdal på kvelda utan å ha fått seg mat og kvile. Så då vart det ja der ute på støla, no var dei forlova og dei kunne innta seterbua. Litt seinare på hausta, den 19. november 1912 gifta dei seg.
Men det gjekk berre 4 år og så vart Ola igjen enkemann. Og ville ut på nytt frieri. Korleis det enda får me ta ein anna gong. Sogn-Ola døde i 1933, 94 år gammal.
Dette var ikkje så lenge før krigen kom i 1940 med stor invasjon av tyske soldatar på Øygarden der det ble bygd festningsverk og hus til innkvartering for soldater og offiserar. Disse krigsminnesmerka kan vi sjå restane av, og dei må vi ta vare på. Dei skal minne oss om at frihet og fred ikkje er sjølvsagt. Så i 1945 vart vi igjen eit fritt land. Fredsvåren 45 vart 17. mai feira som aldri før, og det norske flagget i rødt kvitt og blått vaia igjen over landet etter 5 tunge krigsår.
Nokre år etter frigjøringa, ut på 1950 talet kan eg sjølv huske korleis vi feira 17. mai her på Rekdal. Me barna starta dagen med skramletog sånn i 5-6 tida. Utstyrt med pannelokk, boksar og anna som gav lyd frå seg så tråla vi omtrent heile bygda og vekte opp folk. Var vi heldig kunne vi få ein kjeks eller ei go`kake. Ja til og med ein bit kokesjokolade huska i at me fekk ein plass. Men det var to plassa me ikkje fekk lov til å bråke. Det var me nå Oskar på Myrå og nå Martin sø i Strupå. Dei hadde mink i bur og minkane kunne ødelegge kvarandre om dei ble skremt. Etter skrangletoget var det heim, vaske av seg sminken i ansikta og legge vekk fantekleda, så på med finstasen for å gå i nytt tog. Kan huske me starta inne på Hålbakkå nokre år. So gjekk me derifrå og opp på Haubakken, også kjent som fotballbanå. Siste bakken kunne bli tung for små føt, men fram kom vi. Det var ikkje musikkorps den tida, men et par år kan eg huske at det likevel var musikk framfor toget. Da køyrte lærarn vår, han Gjelsten med folkevogna si framfor toget med lydbandspelarn sin i ei kasse fastbotten til bilen. Det fungerte brukbart det, sjølv om ikkje alle var så begeistra for denne pianoklonkinga som dei sa. Oppe på Haubakkå var det leikar og konkurransar. Vi hoppa og sprang. Og så var det fotballkamp med damer og menn, unge og gamle og vi skratta og hadde det artig. Men det artigaste tå alt var nok søttandemaiskåta, eller kinaputtane som det heite på fint. Var mest dei eldste skulegutane som hadde slikt. Det small kraftig og somme fekk moldspruten til å stå høgt til værs og det hendte nok at ein bluse eller et skjørt fekk seg ein flekk eller to. 17.maiskåta var kanskje ikkje heilt ufarlig, så litt ut på 1970-talet vart det forbudt å selje kinaputter. Tilbake til Haubakken, mens vi styrte der ble det plutselig stopp i all aktivitet. Me hørte bildur, no kom bilen hans Olav på Bu`n den lyden var det ikkje rå å ta feil av, no skulle det bli godsaker. Olav kjørte midt inn på bana og stoppa der (det var grusbane på den tida så det var ikkje noko problem). So stilte vi oss i kø og fikk kjøpt brus og kjeks. Brusflaskene den tida var fole små, me tok ikkje tå toppa, nei vi hadde med oss spikar så vi kunne slå eit hål i toppa med. På den måten kunne vi nyte brusen lenge. Oskar Sylte si bringebærbrus var kjempegod, då som no. Fekk vi ikkje is da? - lurer kanskje nokre på. Nei is hadde ikkje han Olav. Dette fordi slike nymoderne greie som frysar til å oppbevare is i endå ikkje hadde komme til Rekdal. Det var først når Olav og Kaspara fekk ny butikk at det vart is. Men då var i nesten vaksen. Når me var ferdig på Haubakkå gjekk me inn på ungdomshuset. Ja me gjekk. Bilar var det ikkje mange av. Etter krigen og fram til 1960 var det rasjonering, slik at vanlige folk fekk ikkje kjøpt seg bil. Inne på ungdomshuset fekk me mat. Husker eg ikkje feil var det fint påsmurte brødskive og formkake me fekk, det smakte utmerket. Så var det underholdning, premieutdeling og tale for dagen. Av talaran husker eg best han Kåre i Myrn. Han klarte virkelig å få oss barna engasjert. Det var alt.
Takk for oppmerksomheten, ha en fortsatt fin 17.mai J
[Oddvar Gjelstenli kom med innsigelse om når han Olav begynte å selge is. Han påstod at det vart solgt is også på gamlebuda, så var det vel slik utan at eg kan huske det.]
Ingeborg Halvorsdatter Gangstad - dødsdømt i 1762
Dette er historia om Ingeborg som kom «i ulykka». Det er også historie om lovverk og rettsystem på 1700-tallet som vel kan sammenlignes med enkelte regimer som i dag vekker vår avsky. Men det viser også et samfunn i endring i andre halvår av 1700-tallet mot en mer human rettspraksis. Og vi merker oss at det blant folk er uvilje til å rette seg etter futen som helst skulle vise sin makt med å underkue folk flest.
Ingeborg var fødd på Gangstad på Midøya i 1739, og vi finner henne døpt i Vatne kirke, det var Vatne Sogn de tilhørte folket på det som var Sunnmørsida av Midøya. Atten år etter dåpen, i 1757 er Ingeborg konfirmert. Foreldre var Halvor Paulsen Gangstad som kom fra Sindre i Stryn og Marte Knutsdatter Gangstad. Halvor var den tredje mannen til Marte. Marte var fra Rekdal, datter til Knut Hansen Frostad Rekdal og Marit Kristendatter fra Vestrefjord, de budde på garden som i dag er Kristengarden på Rekdal. Halvor ble fjerde mann Marte fikk barn med, da ho også hadde et barn før ekteskap, døpt Anne. At Marte kom til Gangstad på andre siden av Midfjorden kan vel skyldes at onkelen (farbroren) Tomas fra Frostad i Tomrefjord, bror til Knut Rekdal var bygsler på det andre bruket på Gangstad. Det var litt om morsslekta til Ingeborg. Faren var altså fra garden Sindre som ligger i Stryn kommune på grensa til Hornindal. Mange fra dette området i Nordfjord tok veien nordover hit på denne tida.
Marte Knutsdatter fikk bare døtre, til sammen 9 og av dem så var det 6 som vi vet ble voksne. Hvordan det gikk med den førstefødte, den "uekte" Anne kjenner vi ikke til. Ingeborg Halvorsdatter var yngst og hadde 3 «helsøstre». To eldre halvsøstre hette også Ingeborg. Ingeborg den eldste fødd i 1725 fra første barnekullet der mann og far var Michel Olsen fra Orvik i Vatne døde året før «vår» Ingebjørg var fødd. Og så var det Ingeborg Iversdatter som var eneste barn i andre ekteskapet til Marte. Faren var Iver Paulsen fra Magerøy i Midsund, ho havna i Bjørnsund. Nest eldste halvsøsteren som hette Marte som mora, var fødd i 1723. Denne Marte Michelsdatter ble gift på nabogarden Drønnesund. Etter tre barnefødsler ble ho enke og gifta seg så på nytt med en Peder Olsen fra Ringstad (Samfjorden ved Brattvåg). Det er nå elendigheten starter. Peder nøyde seg ikke med å ligge med kona, han har også et forhold til den 16 år yngre søstera Ingeborg som resulterer i et «uægte» barn. Dette guttebarnet som er hjemmedøpt med navn Peder dør den påfølgende dag. Begravelsen er 26. februar i 1762 i Vatne. Tre dager senere, mandag 1. mars døpes hans ektefødte sønn Nils. Barna til de to søstrene var altså fødd omtrent samtidig. Hvordan unnfangelsen av de to barna skjedde på sommeren 1761 kan en jo fantasere om, kanskje skal vi la en romanforfatter få skildre det. Det vi vet er at i Drønnesund var det brennevinsutsalg og at misbruket var stort. Mange drakk seg fra gard og grunn på denne tida og en kan vel ikke se bort fra at det kunne være litt beruselse med i bildet også.
Å få et barn utenom ekteskap var gale nok på denne tida og resulterte i både verdslig straff og kirkelig avstraffelse. Men det alvorlige her var at den gang så var svoger og svigerinne regnet for nærslektet, som søster og bror, det var blodskam og resulterte i harde straffer. Ingeborg og Peder ble arrestert og dømt til døden! De skulle settes «i bolt og jarn». De hamna først hos lensmannen i Skoravika (Vatnefjorden). Vi har noteringene som presten gjør under uektefødte i kirkeboka for Vatne 1762. Vi er så heldig å fått tydet teksten her av Else B Rustad på DIS-slektsforum:
Fredagen d 26de Februarii er begravet i Watne Kirckegaard et uægte Drengebarn som ickun var hiemmedøpt af Ingebrigt Thronsen Gangstad og derefter levede1 dag, hvis Moder er en ung Tøs nom: Ingeborg Halvorsdatter Gangstad, og Faderen angiven at være en Ægtemand, Peder Olsen Drønnesund, som har hendes Halv-Syster til ægte. Denne Misgierning, saasnart den d 1ste Martii blev mig bekiendgiort, angav ieg samme Dag (i hr. Cammer Raads og Fogeds Ole Alsings Absence) for hans Fuldmægtig Monsr. Hans Andreas Widerøe, og det, Skriftlig.
Vi tar også med hva Vatne ved Harald Slyngstad fortelle:
«Men saka drog ut. Og etter om lag ti år, var dei ennå i arrest hjå lensmannen i Skoravik. I denne tida var dei 3-4 gonger i forhøyr i Bergen, sendt nedover i jarn med vaktmannskap. Lensmannen i Skoravik let dei dømte arbeide med små ting for seg og utan jarn, noko som var ulovleg. Og det gjekk snart rykter som kom futen for øyra, at dei ferdast nokså fritt, dei hadde enda til vore i kyrkja til gudsteneste! Futen flytta dei difor frå Skoravik! Siste forhøyr som er nemnt i protokollen er i 1772, sidan høyrer vi ikkje meir til dei. Korleis gjekk det med dei? Det ser ut til at domen ikkje vart eksekvert, i alle fall døydde Peder i Drynjesund i 1819. Det er meir usikkert med Ingeborg, kanskje døyde ho på Arbeidshuset i Bergen. I 1769 fekk ho eit barn der. Halvor, med ein tysk vaktmann som då var reist frå landet».
Slik det står i bygdeboka så kan vi få forståelse for at Halvor er født på arbeidshus i Bergen. Det stemmer ikke, Denne Halvor er døpt på lensmannsgarden i Skoravik og det er lensmannsfrua Anne Rasch som hjemmedøper barnet. Halvor dør like etter fødselen, begravelsen er innført i kirkeboka for Vatne sogn. Ingeborg er da kalla "delinqvent" Som betydde at ho var en straffefange som ventet på dom. Som vi ser av innførselen i kirkeboka så står det at dette var hennes andre leiermål i fengselet, spørs om ikke det da er ment hennes første leiermål med Peder og så dette. Faren her er i følge bygdeboka en tysk vaktmann som har forlatt landet. Det kan vel stemme, men i kirkeboka er han altså beskrevet som tysk soldat ved garnisonen i Bergen som har besvangret henne på tur til forhør i Laugtinget (lagtinget) i Bergen høsten forut. At det var tyske soldater i Norge er også overraskende, men det finnes en forklaring på det også: Regiment fra tysk til norsk 1767-1774
Vi skjønner at lovverket og folks alminnelige rettsoppfatning var på kollisjonskurs. Både bygdelensmannen Christopher Giæring i Skoravik og folket i området syntes nok at dødsstraff var forferdelig og alt for strengt for det ulykksalige sidespranget som var gjort. Slekta på Midøya, på Rekdal, i Vestrefjord og ellers fulgte nok tett med og bekymra seg for Ingeborgs tragiske skjebne. Nærliggende er det også å tro at "den mektige" lensmannsfruen Anne Rasch i Skoravika som døpte Halvor var en god støtte for Ingeborg i de ca 7 år ho var var arrestant der.
Mange har nok også i nyere tid lurt på hvordan det gikk med Ingeborg. Endte ho sine dager i fangenskap i Bergen slik bygdeboka antyder?
Dette har noen prøvd å finne ut av. En av de er Norvald Bjørkevoll, som har søkt etter informasjon i Statsarkivet i Bergen og som mottok et brev derifra med følgende innhold som jeg har prøvd å skrive av:
«Dykkar brev av 2. d.m.
Ingeborg Halvorsdtr Gangstad kom inn i Bergen Manufakturhus 4. september 1769 etter Overhoffretten sin dom om livstid 11.april 1769.
Som vedlagte kopi viser vart ho sitjande til 6. juni 1774, då ho vart dimmitert:
«I Allerunderdaniget følgje. Høy Kongl. Recript af 5te Maj 1774. som mig af S.T. Hr Cammerherre og Stiftsamtmand Levetzau. d. 21de Do skriftlig er Communiceret blev Hun (efter at Hun her paa Manufakturhuuset af Huusets Præst Hr. Angel offentlig var Trolovet eller fæst med Erich Larsen d. 5te junj.)
Erich Larsen og Ingeborg Halvorsdtr hadde to barn til dåpen i Domkyrkja i Bergen: Marthe Marie, døypt 22. februar 1775.
Lars fødd 22. juli 1777 og døypt 27. i same månad.
Eg har ikkje funne opplysningar om fleire born, og er ikkje sikker på om familien vart buande her.
Ved folketeljinga i 1801 fann vi berre ei Ingeborg Halvorsdtr i Bergen, ho budde på Enkefattighuset og var 73 år – om vi kan stole på aldersoppgåva.
Med vennleg helsing (underskrift)
Yngve Nedrebø e.f. "
Avskriften som det vises til kan leses her, trykk på innholdslista og velg side 6, og finn nr. 21 i 1769.
De to barna i Bergen finner vi i Domkirken i Bergen, Linker:
Som vi ser så ble altså Ingeborg benådet og kunne spasere fritt ut i bergensgatene som et fritt menneske sammen med sin mann Erich Larsen den 6. juni 1774. Erich hadde ho altså trolovet seg med og fæstet dagen før, den 5. juni. Etter 12 sikkert nedverdigende år med trakassering og kanskje både vold og voldtekt smilte endelig lykken til Ingeborg som sammen med mannen nå kunne starte et nytt liv. Straffa for ungdommelig lidenskap som heldigvis ikke førte til døden var nå opp og avgjort. Omlag 9 måneder senere kom datteren Marthe Marie til verden. Her ser det altså ut til å ha gått «lovlig» for seg. Det er nok mormora fra Kristengarden på Rekdal som her blir oppkalla, og Marie er gjerne etter farmoren. Lars som blir fødd i 1777 er kalla opp etter farfaren som vi ellers ikke har noen kjennskap til. Vi vet altså at Ingeborg sine to første og uekte barn døde rett etter fødselen. Hvordan det gikk med de to barna døpt i Bergen har vi så langt ikke opplysninger om. Har ikke funnet de konfirmert eller oppført ved ft. 1801 i Bergen. Erik (Erich) blir ved sine to barns dåpsinnførsler kalla bordarbeider og bordarbeidsmann. (en som arbeider med bord kan være snekker eller arbeider på trelastlager?) Ingeborg 73 år i 1801 kan være vår Ingeborg som har fått om lag 10 års feil alder (skulle jo være ca 63), det var jo ikke så uvanlig ved denne folketellingen. Men dette kan jo like godt være et helt annet menneske. Familien kan godt ha forlatt Bergen, men blir nok ikke lett å finne i så fall.
Vi tar her også med det kirkeboka skriver om saken den 9. juli 1769, transkribert av Leif Erik Nilsen på tydeforumet DIS-slektsforum:
"Dom. 7p. Trinitat. d. 9de Julii blev atter begravet et uægte Drengebarn, som var hiemmedøbt af lensmandens Christopher Gierings hustrue Anne Rasch, og kaldet Halvar. Barnets Moder er Delinqventinden Ingeborg Halvarsdatter Gangstad, som nu 2den gang i hendes Fængsel har ladet sig besvangre. Til Barnefader har hun angivet en Tydsk Soldat af Garnisonen i Bergen, hvor hun foregiver gierningen at være begaaet næstafv. aars høst, da hun med Delinqventen Peder Olsen Drønnesund var did indsendt, for at møde for Laugtinget."
Kilder: Bygdebøker for Vatne ved Harald Slyngstad.
Bygdebok for Fiksdal Sogn ved Olav Rekdal.
Kirkebok for Vatne 1699-1777.
Statsarkivet i Bergen, skriv ved Norvald Bjørkevoll.
Takk også til hjelpsomme skriftydere på DIS-slektsforum.
Bildet viser Midøy og Dryna sett fra Rekdalshesten.
Jakoprøsta, Jakoprøstbakkjin, Jakopstein og Skreiddern.
Ei historie om korleis lokale stedsnavn blir til.
”Jacoprøsta” og ”Jakoprøstbakkjin ” heter det på et sted framme i Rekdalsmarka ikke så langt fra setra, i bakkene nedenfor Seteraksla. På ”Norgeskart” skrives det ”Jacobrustene”Et slikt stedsnavn må jo ha tilknytning til en person og gjerne en hendelse knytt til personen. Og den Jakob som dette stedet er knytta til var en Jakob fra Hansgarden, en gard i bygda. Jakob var sønn til den først Hans i Hansgarden, han var fra Ellingseter i Fiksdal og mora var fra Vik.. Kirkeboka for Veøy stadfester at andre søndag etter Kristi åpenbaring, 17. januar 1802 at Jacob er døpt i Vatne kirke. Nok et eksempel på at en ofte dro til Vatne for å døpe barna sine når det passa bedre med gudstjenesten der enn på Vestnes. Vi finn Jacob konfirmert i 1819 og da oppgis fødselsdato til 8. januar. Liten kunnskap og måtelig oppførsel sier presten om Jacob, lista opp sist i kullet og måtte nok stå nederst på kirkegulvet.
Men hendinga som bokstavelig satte Jakob på kartet skjedde i 1816, altså et par før konfirmasjonen. I Hansgarden hadde de da en tjenestejente fra Nedre Frostad i Tomrefjord. Dæmlå er det vel på lokal sleng kalla der inne i botnen av fjorden. Brit (også skrevet Brithe/Beret) var fødd i 1779, altså ei godt voksen dame på nærmere 40 år i 1816. Så sier da også segna at gjetergutten Jacob gjette her sammen med ei gammel tjenestetaus fra Tomrefjord da ”ulykka” var ute. Det måtte være en dag i begynnelsen av september at Brit fikk lurt Jakop til litt kos der oppe på en moseseng omkransa av lyng med tyttebær og blåbær på denne årstida må vi tro.
Kosestunda ga snart synlig resultat og Brit ble nok sendt hjem i vanære. Året etter skriver presten i kirkeboka, transkribert etter beste evne med mulighet for feil: Lenke til kirkebok.
6 Sønd: efter Trinit [I 1817 den 13. juli]
I Vesnæs Kirke P confirm. Drengen Jacob Hanssen Rechdals og Pigen Berithe Aretsd: Nedre Frostads uægte søns hiemmedåp – med Areth Arethsen Nedre Frostad;
B:N: Hans fødd den 10.juni
Ovenanførte Dreng Jacob Hansen som er udlagt som Barnefaderen er ikke endnu confirmeret. Efter oppgivende begges 1. leiermål.
Etter 1812 ble 1. og 2. gangs leiermål avkriminalisert og en slapp bøter, det var derfor viktig at presten førte inn antall leiermål ugifte hadde. Alderen på gutten her (under 15 år når handlinga skjedde) tror jeg ikke var rammet av noen lov. Men jeg regner med at presten og kirka hadde sine egne uskrevne lover om tukt og spott både overfor den ukonfirmerte og mot jenta.
Hvordan gikk det så videre med Jacob? Her siterer jeg Olav Rekdals ypperlige beskrivelse i bygdeboka om det:
<<Dei gamle mintes også ei segn om korleis denne Jakob kom av dage: - ”Han skulle være skreddar og kom roandes med meilder, då han rodde seg frampå den største oppstikkande steinen bortpå Røyså, norai Rekå – og bleiv der”. Og slik har det seg at steinen sidan har vorte heitande både Jakopstein og Skreiddern. – det er det gamle Jakob-namnet på Vik som går igjen. Då både far og mor var innflyttarar sat spiten på folketunga laust. >>
Om det var akkurat slik Jakob døde vet vi jo ikke, men dette var jo en hendelse som for de gamle som fortalte det ikke var så langt tilbake i tid, så omtrent slik kunne det være. I alle fall er Jakob Hanssen i kirkeboka ført som død den 28. januar 1830 som ”Ungk: af Rekdal 28 Aar”.
Jakob sin eneste sønn Hans, unnfanget oppe i Jakobrøsta vart gift og kom til Leirvikgjerde på Vestnes men hadde ikke barn. Brit Aretsdatter døde i 1829 ugift.
Bernt Gjelsten
Dette er veldig interessant. Bra fortalt. Jeg har tjukt av forfedre fra Rekdal og Fiksdal. Har en blogg med fiske, fangst, historisk laksefiske. Bloggen heter elvemannen.com. Du må gjerne besøke den.
Helge Bjerkevoll
Takk for hyggelig tilbakemelding Bernt. Kjente ikke til bloggen din som jeg måtte inn å besøke. Dit blir det flere turer!