24. des, 2017

Julaften 24. desember 2017.

  

Ei julereise.

Bilde av rutebåten Legona på havna i Molde (frå Digitalt Museum)

Eg vaks opp på 1950-talet. Ja altså ikkje så lenge etter at den andre verdskrig var avslutta. Krigsminna ligg framleis i bygda. Men eg trur at både foreldra mine Helga og Petter, eldre søsken og sambygdingar elles hadde rista av seg det meste av krigens redsler når eg vaks opp og vi var et optimistisk folk som såg framover. Men min barndoms Rekdal er noko langt anna i dag enn då eg var barn. Vi hadde både skule, butikk og arbeidsplassar. Spesielt dei mange arbeidsplassane i konfeksjon prega bygda. Og det kom godt med også for oss som fekk leid ut hyblar til eit par kjekke syersker på loftet i huset vårt bygd i 1947.  Den store verda fekk vi inn gjennom lokalavisa og radioen. Og gjennom filmavisa som Bygdekinoen viste på forsamlingshuset vårt nokre få gonger i året. Vi drøymte sjølvsagt å få oppleve det som skjedde langt der ute, og ein dag gjekk draumen i oppfylling. Vi skulle få vare med heilt til Molde på julehandel. Om eg sov natta før den store hendinga? jau eg gjorde vel det. Men spent var eg i alle fall. I tillegg til far og mor var min yngste gode veslesøster Halldis med, om vi var fleire husker eg ikkje. Turen gjekk med lokalbåten Legona som trafikkerte alle småplassane rundt fjorden. Fullpakka med folk var båten på denne juleturen, både i den lille lugaren under dekk og rundt omkring på båten ellers. Turen til Molde tok vel en time, kanskje to med alle stopp, men fram kom vi. Og for ein plass! Ei brei gate der husa sto tett i tett på kvar side fint pynta og med store vindu kor ein kunne sjå inn på dei spanande varene som var til salgs. Og så mykje folk som var her då, nesten utruleg altså.  Framfor ein butikk var det samla veldig mykje folk. Dette måtte vi få med oss og vi fekk trengt oss fram i folkemassen for å sjå. Eg gløymer aldri det synes, «levande» nissar som saga og drog slipestein, spela trekkspel og fele og styrte med mykje anna. Ja vi møtte eventyret i verkelegheita og var fjetra av det vi såg. Uutslettelege inntrykk. Men vi måtte vidare, var ein på julehandel så kunne ein ikkje stå her å glane heile dagen. I ei spanande forretning med mange forunderlege elektriske artiklar kjøpte vi julelys. 16 elektriske julelys merke Osram som  no omtrent 60 år seinare framleis er i huset og lyser like godt. Det vart ei langt anna jul når dei levande og litt skumle levande lysa kunne skiftast ut. Så var julehandelen over og vi skulle på besøk hjå Kristianna, tante til mor som budde i Øvre Vei. Ei kjekk enslig dame frå Klauset på Otrøya, syerske på Høvding konfeksjon og aktiv i Metodistkirken. «Moste Kristianna» som mor kalla ho hadde mykje godt å by på, både heimlaga kake og kjøpekaker, det var ikkje vanleg. Men vi måtte ta farvel og ta fatt på heimreisen, den huskar eg lite av, kanskje sovna ein trøyt liten gut på båten etter ein lang opplevelsesrik tur.  GOD JUL 

PS. Legona som tok oss rundt på Romsdalsfjorden i mange år vart senka i djupet aust for Tautra i Romsdalsfjorden. Men motoren med sin fine klang og som kanskje dyssa meg i søvn på julereisa er det ennå mogleg å høyre. Sjå her om Finnøymotoren på Legona.