2. des, 2017

2. desember 2017.

Så har vi igjen kome til julemånaden. Butikkane har visst hatt jul heile hausten høyrer eg rykte om, og det må dei da få gjere. Det toppa seg visstnok med ein hysterisk svart fredag skal ein tru det som blir vist på nettet, Og det skal ein då. Sjølv held eg meg unna. Ein og anna turen på Joker og handle det daglege brød kjem ein seg ikkje unna, men julehandelen tek eg nok dagen før dagen som tidlegare år. Nei ein handelsdag før jul kjem ein seg ikkje unna. Eit par julegåver må kjøpast og juleakevitt må ein sjølvsagt ha i år også, for ikkje å snakke om skikkeleg juleøl som ein må på polet for å få når ein ikkje bryggar sjølv. På loftet heng spekelår og saueribbe og blir betre for kvar dag kjenner eg på smaksprøvene. Ja må vel innrømme at det allereie er gjort eit stort innhogg i spekelåret, det er nå så steikje godt. Kjøtet vart brakt på døra av lokal produsent frå nabobygda, ferdig partert og klar til salting. Så spekematen er nok ein av dei fine ulldottane eg har møtt på mine mange turar i skog og fjell sist sommar.

Med adventstid så kjem også årets utgåve av årsskriftet til det lokale historielaget. Vestnes Sogelag leverer i år også eit viktig bidrag til vår lokale historie. Det startar med ein interessant artikkel om ein avispioner, Wesley Stokkeland som på 1930-talet starta med avisdrift på Vestnes. Eg bit meg merke i at faren heiter Rekdal, og finn ut at farfaren Erik kom frå Nedste Elvebakken på Rekdal (bygdeboka side 461). Erik var bror til Kristianna som vart barnepike hos den russiske prinsessa madam baron Krusenstjerna av den russiske Tsarfamilien. Bernt Gjelsten har også i år gode artiklar. Ein om fonner og fonnenamn frå heile kommunen. Her kan vi lese om tragediar som den store fonna i Fremstedalen som tok rundt 20 liv. Ei av dei største skredulykkene på Nordvestlandet. Ei anna fonn, eller eit steinsprang tok livet av ei ung jente framme i Nakkedalen. Bernt fortel også godt dokumentert om ulvestauer og ulvejag. Frå ei tid då ulven var ei plage for folk og fe. Merker meg at Bernt har brukt litt av stoffet eg har lagt ut her på heimesida mi,lenke: «Den siste gråbein» og det takker eg for.

Som «Hanibalkjennar» merkar eg meg og artikkelen om Hanibal Pedersen Tomren født i 1820. Hanibalnamnet i Vestnes kjem frå Hanibal Jensen Gjelsten som rundt 1600 var einebrukar på Gjelsten og dreiv stort innan trelast. Farfaren til den omtala Hanibal var Hanibal Pedersen Tomren som i bygdeboka er kalla Børset, men det riktige skal nok vare Rørset på Otrøya, men opprinneleg frå Skodje. Dette er Hanibal nr 16 i min omtale av disse Hanibalkarane.

Eit anna stykke eg merkar meg i årsskriftet er frå eit bygdemøte på Ljosvang på Nerås i 1953. Her er vi så heldig å ha lydbandopptak frå møtet og dette er gjengjeve skriftleg. Spesielt for meg er intervju med «Eln`Anna». Dette fordi ho er av tjukkaste slekta. Søster til oldefar på Bjørnerem/Bjørneremsanden på Midøya og tante til farfar Jørgen Bjørnerem som kjøpte seg gard på Øverås som han seinare måtte gå frå. Ellen Anna som namnet var, kom til Øverås 24 år gamal: «Å i va fireåtjue år då… I e fem å åtteti no [85]». Har kopiert eit bilde frå årsskriftet av Ellen Anna som var gift med "Naust-Ole", Ole Iversen Øverås. Dei har stor etterslekt, slik at eg har har ein stor flokk med 4-menningar som stammar frå dei.

Mange takk til skriftstyre og gode bidragsytarar til årsskriftet. Og ha ei fin adventstid.