29. okt, 2017

29.oktober 2017

Fredagskvelden gjekk turen til kyrkjelydshuset. Hender ein sjeldan gong ein er innom der også. Og anledninga var boklansering. Ikkje så ofte med slike storhendingar her ute i dei grisgrendte strøk. Jubileumsbok for kyrkja vår som nyleg har feira 150 år måtte ein få med seg. Vi slektsgranskarar som er i kontakt med kyrkjebøker omtrent dagleg blir nok spesielt glad i både kyrkja og alt rundt ho. Bygning med interiør, gravplass med alle gravminna, og folket som gjer at kyrkja har eit liv. Både i notid og i fortid. Eg venta meg ei bok der vi fekk vita mykje om kyrkja vår. Og etter å ha sett gjennom og lese ein del  så sit ein igjen med ein veldig positiv opplevelse. Mykje godt bildestoff og gode bidrag frå mange skribentar. Og ein har og fått med hendingar som har tilknyting til kyrkja litt på avstand. Fine bilde og forteljingar frå bryllaupslag, om brudekrone/brudesølv og mange hendingar med tilknyting til kyrkja. Hesten i Andriaslia, «Kontrabassen» spent føre langvogna med kista der kona på garden Petrina skal ut på si siste ferd. Om lag halve mila skal dei fylgje kvarandre for siste gong. Eit anna sterkt, ja kanskje det bilde som gjer sterkast inntrykk er det alvorlege fotografiet av familien på Sagvolla. Dei 13 barna, 12 søner og ei dotter saman med mora som har minsteguten, dåpsbarnet på fanget, døypt same dagen dei fylgjer far til kyrkjegarden. Om lag 20 år er det mellom eldste og yngste i barneflokken, det gjer inntrykk. (sjå bildet frå boka). Sjølv om mor og barn var flittig, dyktig og arbeidsam så skjønar vi og at slekt og naboar her var gull verdt i ei tid der barnetrygd og Nav var framandord. (Sagvollen, bygdeboka side 183).

Oldemor Karen Jørgina vart konfirmert i 1866, då hadde dei starta på bygningsarbeidet med kyrkja, men ho måtte gå 5 mil (tur retur) for å bli konfirmert. Vi skjønar at det var kjærkomme med ny kyrkje. Den første i min familie som fekk oppleve kyrkjeleg storhende var gommor (farmor) Elen Petrine Elisabeth som vart døypt 1.1.1875. Det var vel 8 år etter at kyrkja var vigsla. Mora (oldemor) Karen Jørgina ser ut til å blitt funne verdig til å stå fadder eit par gonger før ho hadde si førstefødde til dåpen, ein dåp som kom halvåret før ho sto brud saman med barnefaren. Men utan at eg har statistikk på det så var det meir sporadisk at husmannsfolk var fadrar. Det var nok stas å stå framme ved alteret som vitne og det ser ut som dei som hadde krav på dei første benkane også var flittigast på kyrkjegolvet. Ja dette med å sitje på rett plass var viktig dei første åra og det er godt fortalt i boka kven som hadde faste plassar. Mine tippoldeforeldre og oldeforeldre av husmannsfolk måtte nok ta til takke med plassane bak som ikkje hadde namn.

Ei svært interessant (og viktig!) bok altså frå min ståstad. Ein feil (meiner eg) om eit ekteskap i Ørskog om ein krigsdeltakar, Ole Andersen som har fått namnet sitt på minnebautaen ved kyrkja gjer ikkje boka dårlegare (Sjå Andersgjerde her lenke, rettingar til bygdebok). Det einaste eg opprikteleg saknar er den fine Rekdalsongen. Den skulle då i kyrkjeboka for Fiksdal og Rekdal kunne få plass i boka når både «Fiksdalsong» og songen «Nakkebygda» er tatt med!

Løp og kjøp, berre kr 200,- for dette fine innbundne verken. Soknerådet, Fiksdal Sokn sel boka, eller du kan kjøpe den på trivelige Joker, Bygdebua Fiksdal.