19. jun, 2017

19.juni 2017

For oss som likar oss ute i det fri så er forsommaren ein fantastisk tid. Og juni har så langt vore full av hyggelige hendelser. Det starta 6. juni med tur til Langskipsøya i regi av Storfjordens venner. Ei nå ubebodd øy i Ørskog kommune der det i gamal tid var utskipningsplass for tømmer til marknaden ute i Europa fram til omlag 1650. Og spennende historie om øya også seinare vart interessant fortalt.

10. juni var det organisasjonen vår Slekt og Data som inviterte til tur. Den turen gjekk til Ålesund, Jugendbyen med sin spennende arkitektur oppbygd etter den store bybrannen i 1904. Med entusiastisk lokal guide fikk ein sjå og fortalt om detaljar ein ikkje viste om og som gjer byen så arkitektonisk spanande. Etterpå tur til havets liv i Atlanterhavsparken med fasinerande fisk og andre sjødyr. Turen vart avslutta i den prektige Ålesund Kirke også oppbygd etter den berømte brannen.

11. juni gjekk turen til fjells. Då var det først Røvarhytta som vart besøkt. hytta som eg tidlegare har skrevet om her, lenke: "Røvarhytta og Hungnesen"  Ei historie som eg ikkje veit har blitt omtalt i sogebøkene er barnet som Kristoffer Hungnes vart far til rett etter at han vart tatt til fange og som knyter "Røvarfamilen" til ein annan gard i nærheten av Røvarhytta, Ellingseter i Fiksdal. Dette vil eg snart komme tilbake til som tillegg på sida eg lenkar til her. 

Når vi først var i fjellet så gjekk nokre av oss over på Sunnmørssida i fjellheimen. På Eikesetra var det nemlig seterstemne. Det vart ein minnerik tur med utdeling av Kongens Fortenestemedalje, glade toner fra eit dyktig musikkorps og innhenta profesjonelle musikarar som spela og sang og fikk folk i godt humør. Når ein så i tillegg fekk servert smellgod brensnut og skikkelege heimlaga kaker til kaffien var dagen så god det er råd og bli. Stor takk til vestrefjordingane for denne uforglemmelege opplevelsen.

Nå laurdag, 17. juni var det slekta som sto i sentrum. Vi var invitert til slektstreff i "Sandenslekta". Utroleg kor kjekt det kan vare når 3 og 4-menningar møtes. Eit sers vellykka møte med folk ein ikkje hadde sett før, men som ein delar så mykje felles arv med. Her var det min morfars foreldre som var fellesnemnar.

Dagens bilde:

På veg til slektstreffet på Eide svinga eg innom gravplassen på Hestadholen i Fræna. Eg ville sjå grava til min grandtante ("gamletante") Moste som far kalla henne, søster til farmor. Ein ventar ikkje at ei grav til ei dame død for 76 år sidan utan etterkomarar skal eksistere. Men grava til fars moste død i 1941 har både gravstein og friske plantar, levande prestekragar. Det gjorde inntrykk. Eg har aldri hørt om noen i slekta som har besøkt denne grava, kanskje var eg den første... Håper ikkje det. Takk til dei som har tatt vare på minnet til Mathe som døde så alt for tidleg  (Lenke, litt ned på sida til "Grandtante Mathea Rekdal "Bibelkvinne 1896-1941").