4. jun, 2017

Søndag, 1. pinsedag 2014.

Når en går og rusler i fjellet dukker det opp så mange tanker. Mitt barndoms fjell er Snaufjellet, og dit er det en liten time å gå frå heimen. Oppe på Snaufjellet ligger det mange steiner spredt omkring. For tungt for et menneske å løfte eller rulle. Så en undrar jo på kven som har plassert steinene midt oppe på høgste fjellet. Troll var jo kjempestor og kjempesterk, så kanskje var det dei som bar steinane hit opp. Eller kanskje trollkjerringer. I følgje segna så var det mange trollkjerringer i området, og dei kunne trolle. Ei historie (fortalt i bygdeboka) er jo då trollkjerringane ute på øyene kasta brannfakler over fjorden slik at husa i Gjelstengarden brann ned. Den gang var det ho Guri i Våja (Rakvåg på Otrøya) som ville hevne seg fordi han Jens på Gjelsten ikkje ville frakte ho over fjorden ein gong ho hadde vore inne i Tomrefjorda på besøk hjå bror sin. Ho fekk med seg Brynhillj Harnes frå Harøya og Ragnhillj i Orte`n som den gongen hadde segld frå Orten og inn i Rakvågen på ein kveinjastein. I lag klarte dei tre kjerringane å få kasta ein brand frå Klausethonnje og inn i Gjelsteingarden. At dei kunne ha kasta steinar over på Snaufjellet, som er ei mykje kortare strekning ved eit anna høve skal ein vel ikkje sjå bort frå. Men kan dette vare sant då spør du vel. Ja sjølvsagt er det slik. Folkeminnet fortel at Gjelsteingarden brann i Jens si tid og husa vart flytta lenger opp. Ragnhild Orten veit vi har levd, mellom anna så er ho nemnd i eit skifte på Nakken Fiksdal i 1677 der gjorde ho krav i buet, ei halv tynne fisk var noko av det ho ikkje hadde fått oppgjer for og hadde til gode frå avdøde Hanibal Kristensen Nakken.

Mye er skrevet ned lokalt om folk og segner av personer som visste å ta vare på folkeminna. På Nasjonalbiblioteket er utlagt både «Folkeminner frå Romsdal» av Olav Rekdal og «Smaafortellinger og Sagn» av Ivar Brovold. Den siste med gotisk skrift som vel er litt vanskeleg å forstå. Her finn vi mykje interessant som Sølvåren på Rekdal, Huldra i Fiksdal, Då Grisen på Nerås skapte Tautra og anna. Her gjengjev eg historia (side 57 i boka) som min tippoldefar Peter Korsedal Rekdal fortalte til Ivar Brovold om korleis han hadde blitt «lavhalt» (en fot kortare enn den andre). Utboren som la seg på skuldrene hans var fenomenet om barn som var «utborne» som regel fødd i det skjulte av ei jente og plassert ut i skogen utan å ha blitt døypt. Dei kunne visst anta forskjellige former og størrelse og la seg ofte på skuldrene til folk.

                    Stærke – Peter

Paa Rækdal boede en gang en bitte liden Mand, som

hedte Peter, og som aligevel vilde være baade stor og stærk.

Han fortalte følgende av «Utboren».

Sent en Kveld om Høsten kom jeg frå Sæteren hvor

jeg havde været på Arbeide, men daa jeg kom ned paa

Hjembøen var der noget Tungt, som lagde sig over mig som

en Sæk paa hver Skulder. Jeg forsøgte at gå med byrden,

men denne blev tungere og tungere, saa at jeg var færdig at

segne under Byrden. Men saa erindrede jeg at have hørt at

Utboren maatte fjærne sig, naar man naaede til at kunne træde

på en Ager, og da flyttede Utboren sig frå min ene skulder,

men med al sin tyngde satte den sig fast alene paa den anden

Skulder, og blev saa tung, at jeg gikk til knæet i Jorden, og

det ene Ben blev saa sammenstuet at jeg blev lavhalt

min hele tid siden.  

Sikkert en artig skrue denne Peter/Petter tippoldefar som eg nok har arvet noen gener frå.

 

Prosjekt bygdebok er nå gjort ferdig for den bebodde del av «Synnai Elva». Her gjenstår ubebodde Øygarden der det budde mange spennande personar, lenke: Bygdeboka III.