1. des, 2015

Mandag 30. november 2015

Litt om frieri om ekteskap og slikt i dag.

 

Bygdeboka vår er fargerik med gode historier fortalt til forfatteren Olav Rekdal. Vi får eit godt innblikk i folkelivet og personane som levde her for 100-150 år sidan. Mange vil vel finne ting som er upassande i ei historiebok og ting er vel også nedlatande om enkelte personer, vanleg bygdesladder. Men da skal vi huske at det var oppfattninga til dei som fortel vi leser, andre hadde sikkert ein annen versjon. «Ho Ingjebær va ei tuhlje og han Ola ein hare-Brakje» les vi.  Og vi les også denne om Lovises ettermæle blant «kjerringene nord på gara»: «Ikkje noko tess å stelle». Utifrå dette så skjønar vi at bøndene på Rekdal som eide gardane sine og sat litt betre i det, såg litt ned på plassingane Synna i elva og inne på Myrå og Hålbakkå. Og  ikkje så rart det. Her var eit klasseskilje mellom sjølveiande bønder og plassmenn som leide jord av dei. At dei fleste plassingane var innflyttarar gjorde nok også sitt til å holde avstand, og slik er det jo i dag også. Men heldigvis var ikkje klasseskillet så markant her på Nordvestlandet. Det var mykje verre i andre deler av landet som vi får eit inntrykk av i blant anna Prøysens dikting. Ein av årsakene til at det var nok at dei dreiv sjøen i lag, og som mannskap tett innpå kvarandre så lærte dei både å respektere- og å sette pris på kvarandre. Der var dei likemenn.

Vi får ta med litt frå boka, med et lite tillegg, frieriet hans Sogn-Ola som eg fann i ei sogebok for Vatne. Det handlar om frieri og ekteskap for om lag 100 år sidan.

Han Sogn-Ola fødd i 1837 hadde blitt enkjemann igjen i 1911. Ny kjerring måtte han ha, den tredje.

Han hadde fått greie på at oppe på Frostadsetra på Tomrefjordsfjellet var det ei gamal ugift setertaus frå Ørskog, Brita kalla, (Berte i bygdeboka). Ja opprinneleg var ho frå Dalebø i Norddal og fødd 1847. Jomfru var ho ikkje, hadde hatt ei barn på laust som dei sa den tida. I 1912 ein laurdag labba han Ola av garde og fann etter kvart fram til selet der ho Brita held til. Ho sto i døra og lurte på kva for ein kar detta var. Å det er han Sogn Ola dette her, eg er ute og skal få meg ei kjerring, og no vil eg spørje deg om du vil vera kona mi. Ho vart ståande å måpe og sjå på han som ventande var. Du må kome inn og setje deg så får vi sjå, det kjem so uventa let ho. Nei seier Ola, her stend eg, eg vil du skal svara ja, so skal eg kome inn, visst ikkje så gjeng eg beint heimat. Dei vart ståande ei ri å akkedere og so svara Brita ja, og dermed gjekk han Ola inn. Når hausten kom flytta ho Brita inn i Strupå og dei held bryllaup straks etterpå.

Men ho Brita vart ikkje gamal i Strupå, ho dør i 1916. So når han Ola 83 år gamal ville gifte seg på nytt fortalde folk han at det var ulovleg å gifte seg meir enn 3 gonger. Då reiste han til skrivaren i Molde og fekk der god trøyst: «Berre gift deg so mange gonger du vil du Ola», sa skrivaren. Men det vart ikkje meir enn tre koner på han Ola.   

Ein annan som gifte seg på nytt opp i høg alder var han «Teppa-Johannes i Hålen». Han var frå garden Tippen i Eid i Nordfjord. Budde inne i Hålen. Husa sto visst noko lenger ned enn der husa til Haldor og Else-Grete stend i dag. Står mykje fargerikt om han Johannes og familien i bygdeboka. Blant anna så er sønnen Jonas beskreven som «..noko krylvaksen, ikkje så stor, men lang i fotå, so kalla dei han «Islepassarn». Johannes vart enkemann i 1888. Og måtte ut på frieri. Ny kjerring fann han på Øygarden. Det var enka Bergitta på Øygardsnesa som hadde blitt 72 år, Johannes var berre 68. Så var det å gå inn på prestegarden til den myndige Vestnespresten Krogh å begjære lysning. «Dere er for gamle til å gifte dere», sa presten. –«Ja men nøa gjere det so ikkje lysta gjere», svara han Johannes seg sjølv lik. Og gifte seg fikk han. Ho Bergitta hadde både hus og innbo. –«Skaut eg meg ei feit skjor»- sa han Johannes då dei dreiv og flytta og bar på all medgifta hennar Bergitta. Liketil stauå hennar flytta dei inn i Hålå. 11 år fekk dei saman. Bergitta dø i 1900 og han Ola i 1902.    

Om Han Tippen i Hålen Her side 582   Og her om han Sogn-Ola, side 612 

Bildet viser Øygardsneset omtrent midt på bildet der huset til ho Bergitta sto.