13. mai, 2015

13. mai 2015

 Litt fotball, og fotballminner i dag.

 

Det er så rart med det når våren kjem. Fotballen rullar også på lokale baner. Første heimekamp fikk eg ikkje med meg. Eit viktig jubileum i familien måtte sjølvsagt gå framfor det. Første kamp var mot Meek, det fargerike laget frå Molde som sparkar ball fordi fotball er skikkelig artig. I år var det visst 30 år sidan Fiks/Rek møtte Meek for første gang. Heilt utrolig eigentleg at eg allereie då hadde avslutta mi fotballkarriere, ein byrjar visst dra på åra. Men eg har då følgt med også i ettertid og kampane mot Meek har vore trivelig også frå tilskuarplass, ikkje berre fordi laget mitt som regel har vunne heimekampane tosifra, men også fordi vi har fått sett mange fine triks og overraskelsar frå dei gamle stjernene som vi husker best frå da dei hadde sin storheitstid for 30-40- 50 år sidan på gode Moldelag.

 

Og da er mimringen i gang. Det var den gang vi var ung og hadde en god del mindre kilo enn i dag.  Den gang heimebana hadde grusdekke og knea var ei blodkake etter kvar kamp. Litt om dette har eg skrive meir om under tilbakeblikk. (sjå lenke) Første del i dag, og 2. del vil komme seinare.

 

Bildet er lånt frå Bygdebladet som har følgt godt med på arbeidet som har blitt lagt ned i dei lokale lag og foreningar.  Kvaliteten er ikkje så god så ein får vel kjøpe originalen.