13. des, 2013

Fredag 13. desember 2013

Sit her med årets utgåve av Vestnes Sogelag sitt årsskrift. Og her er det mykje godt stoff. For ikkje å snakke om mange bilde av ypparleg kvalitet som fortel om tidligare tider.  Noko har eg fått lest, anna får eg ha som juleglede. Spesielt likar eg ein artikkel av Bernt Elve Gjelsten om tradisjonsnamn på steinar og anna i Vestnes, glimrande sjølv om eg saknar Galten på Gjelsten og Kjerkå på Rekdal.

Som rekdaling er det nok likevel Asbjørn Oterhals sin artikkel om fisketørking og konfeksjon på Rekdal som interesserer mest. Fisketørkinga har eg berre eit vagt minne om. Det var ein gong vi i full fart måtte springe ned i fjøra for å berge fisken frå ei truande regnbye, eg hadde neppe byrja på skulen den gongen. Husker at dette var i Sandafjøra på grensa mot Selnes der vi hadde fisken vår. Konfeksjonen gikk au mot slutten då eg var gutunge. Men husker konfeksjonsdrift som Martin på Sanda og Ingvald på Myrå dreiv. Fire bilde av dei som tørka fisk og sydde klede har fått sin plass i boka. Artig gjensyn med mange eg husker frå barndomen.   

Takk til redaktør og skriftstyre i Vestnes Sogelag, og ikke minst til dei som skriv og er presentert bak i boka.  

Steinen over er min favoritt, den ligger i Langedalen, eg kaller den På Vakt.